Forskrift om verneplan for havstrand og elveos i Møre og Romsdal, vedlegg 1, freding av Osen naturreservat, Molde kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-2002-11-08-1231
PublisertII 2002 hefte 7
Ikrafttredelse08.11.2002
Sist endretFOR-2015-12-21-1662
Endrer
Gjelder forMolde kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort14.11.2002
KorttittelForskrift om Osen naturreservat

Fastsett ved kgl.res. 8. november 2002 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 21 des 2015 nr. 1662.

§ 1.Avgrensing

Det freda området vedkjem følgjande gnr./bnr.: 87/1, 87/5, 87/7, 88/1, 88/3, 88/5, 88/6, 88/7, 90/1, 90/3, 92/3 og 92/10.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca. 256 dekar, av dette er 211 dekar sjø.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:5000 datert Miljøverndepartementet oktober 2002. Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Forskrifta med kart blir lagra i Molde kommune, hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet.

0Endra med forskrift 21 des 2015 nr. 1662.
§ 2.Formål

Formålet med fredinga er å ta vare på eit landskap som inneheld strandenger og vågos ved utløpet av eit verna vassdrag med eit stort sett intakt økosystem.

§ 3.Vernereglar

For naturreservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjonen på land og i sjøen, også daude planter, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye plantearter må ikkje førast inn. Planting eller såing av tre er ikkje tillate.
2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging. Nye dyrearter må ikkje førast inn.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, utføring av kloakk eller tilførsel av konsentrert forureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Motorferdsel på land er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.
5.Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement, jaktprøver eller andre større arrangement er forbode.
6.Bruk av sykkel og hest utanom eksisterande vegar er forbode.
§ 4.Generelle unntak

Reglane i § 3 er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning, oppsyn, skjøtsel og forvaltning. Motorferdsel i samband med øving krev særskilt løyve.
2.Drift og vedlikehald av grøfter og anlegg som er i bruk på fredingstidspunktet.
3.Sanking av bær og matsopp.
4.Jakt på hjortedyr og kanadagås og fangst av villmink.
5.Fiske, uttak av fjøremark og agnskjel.
6.Tradisjonelt beite. Miljøirektoratet kan av omsyn til verneformålet ved forskrift regulere beitetrykket i heile eller delar av reservatet.
7.Jordbruksdrift, medrekna naudsynt motorferdsel, på eksisterande dyrka mark som er i drift på fredingstidspunktet.
8.Inngjerding av innmark og beiteareal som ein naudsynt del av den tradisjonelle landbruksdrifta.
9.
a)Drift og vedlikehald av eksisterande energi- og kraftanlegg.
b)Naudsynt istandsetjing ved akutt utfall. Ved bruk av motorkøyretøy skal tiltakshavar i etterkant sende melding til forvaltningsstyremakta.
c)Oppgradering og fornying av kraftliner, når dette ikkje medfører endring av, eller breiare linetrasé. Tiltakshavar skal varsle forvaltningsstyremakta før arbeidet startar.
10.Opplag av båt på etablert båtplass.
0Endra med forskrift 21 des 2015 nr. 1662.
§ 5.Eventuelle unntak etter søknad

Forvaltningsstyremakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Motorferdsel i samband med verksemd som er nemnt i § 4, pkt. 2, 6, 8 og 9 bokstav a og c, og sanking av drivved og opprydding.
2.Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stiar, løyper og gamle ferdselsvegar.
3.Etablering av nye grøfteutløp for drenering av tilgrensande areal.
4.Avgrensa uttak av ved.
5.Opplag av båt på ny plass.
6.Avgrensa uttak av sand, stein og grus til eige bruk.
7.Tang- og taresanking.
8.Fjerning av tre og buskar når desse er til hinder for jordbruksdrifta.
9.Avgrensa bruk av naturreservatet som angitt i § 3, pkt. 5.
10.Etablering av anlegg for Kystverket.
11.Oppgradering og fornying av kraftliner som ikkje går inn under § 4, pkt. 9 bokstav c.
§ 6.Ferdsel

Miljødirektoratet kan av omsyn til verneformålet ved forskrift forby eller regulere ferdsel i heile eller delar av naturreservatet.

0Endra med forskrift 21 des 2015 nr. 1662.
§ 7.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyremakta kan gjere unntak frå forskrifta når formålet med fredinga krev det, eller for vitskaplege undersøkingar, arbeider av vesentleg verdi for samfunnet, og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot formålet med fredinga.

§ 8.Skjøtsel

Forvaltningsstyremakta, eller den forvaltningsstyremakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje formålet med fredinga. Det skal lagast forvaltningsplan som skal innehalde nærare retningslinjer for gjennomføring av skjøtsel.

§ 9.Forvaltningsmynde

Miljødirektoratet fastset kven som skal ha forvaltningsmynde etter denne forskrifta.

0Endra med forskrift 21 des 2015 nr. 1662.
§ 10.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft straks.