Forskrift om verneplan for havstrand og elveos i Møre og Romsdal, vedlegg 4, freding av Tjørvågosen naturreservat, Herøy kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-2002-11-08-1234
PublisertII 2002 hefte 7
Ikrafttredelse08.11.2002
Sist endretFOR-2014-08-22-1110
Endrer
Gjelder forHerøy kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§77, FOR-1987-07-03-572, FOR-1988-11-03-4324, FOR-2013-09-27-1177, 04.10.203 nr. 1183
Kunngjort14.11.2002
KorttittelForskrift om Tjørvågosen naturreservat

Fastsett ved kgl.res. 8. november 2002 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Tilføyd heimel: Lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34 sjette ledd og § 77, delegeringsvedtak 3. juli 1987 nr. 572, delegeringsvedtak 3. november 1988 nr. 4324, delegeringsvedtak 27. september 2013 nr. 1177 og delegeringsvedtak 4. oktober 2013 nr. 1183. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrifter 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013), 22 aug 2014 nr. 1110.

§ 1.Avgrensing

Det freda området vedkjem følgjande gnr./bnr.: 53/1, 7, 8, 14, 15, 87 og 94.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca. 44,1 dekar, av dette er ca. 25 dekar sjø.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:1 600 datert Miljødirektoratet juli 2014. Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Forskrifta med kart blir lagra i Herøy kommune, hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet.

0Endra med forskrift 22 aug 2014 nr. 1110.
§ 2.Formål

Formålet med fredinga er å ta vare på ein vågos,- som den einaste på ytre Sunnmøre i verneplanen. Området har verdi som eit regionalt typeområde, der eit lite kystvassdrag renn ut i ein grunn våg og dannar ein gradvis overgang mellom elva og sjøen.

§ 3.Vernereglar

For naturreservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjonen på land og i sjøen, også daude planter, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye plantearter må ikkje førast inn. Planting eller såing av tre er ikkje tillate.
2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging. Nye dyrearter må ikkje førast inn.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, utføring av kloakk eller tilførsel av konsentrert forureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Motorferdsel på land er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.
5.Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement, jaktprøver eller andre større arrangement er forbode.
6.Bruk av sykkel og hest utanom eksisterande vegar er forbode.
§ 4.Generelle unntak

Reglane i § 3 er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning, oppsyn, skjøtsel og forvaltning. Motorferdsel i samband med øving krev særskilt løyve.
2.Drift og vedlikehald av grøfter og anlegg som er i bruk på fredingstidspunktet.
3.Sanking av bær og matsopp.
4.Jakt på hjortedyr og kanadagås og fangst av villmink.
5.Fiske, uttak av fjøremark og agnskjel.
6.Tradisjonelt beite. Miljødirektoratet kan av omsyn til verneformålet ved forskrift regulere beitetrykket i heile eller delar av reservatet.
7.Jordbruksdrift, medrekna naudsynt motorferdsel, på eksisterande dyrka mark som er i drift på fredingstidspunktet.
8.Inngjerding av innmark og beiteareal som ein naudsynt del av den tradisjonelle landbruksdrifta.
9.Opplag av båt på etablert båtplass.
0Endra med forskrifter 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013), 22 aug 2014 nr. 1110.
§ 5.Eventuelle unntak etter søknad

Forvaltningsstyremakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Motorferdsel i samband med verksemd som er nemnt i § 4, pkt. 2, 6 og 8, og sanking av drivved og opprydding.
2.Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stiar, løyper og gamle ferdselsvegar.
3.Etablering av nye grøfteutløp for drenering av tilgrensande areal.
4.Avgrensa uttak av ved.
5.Opplag av båt på ny plass.
6.Avgrensa uttak av sand, stein og grus til eige bruk.
7.Tang- og taresanking.
8.Fjerning av tre og buskar når desse er til hinder for jordbruksdrifta.
9.Avgrensa bruk av naturreservatet som angitt i § 3, pkt. 5.
10.Etablering av anlegg for Kystverket.
§ 6.Ferdsel

Miljødirektoratet kan av omsyn til verneformålet ved forskrift forby eller regulere ferdsel i heile eller delar av naturreservatet.

0Endra med forskrifter 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013), 22 aug 2014 nr. 1110.
§ 7.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyremakta kan gjere unntak frå forskrifta når formålet med fredinga krev det, eller for vitskaplege undersøkingar, arbeider av vesentleg verdi for samfunnet, og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot formålet med fredinga.

§ 8.Skjøtsel

Forvaltningsstyremakta, eller den forvaltningsstyremakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje formålet med fredinga. Det skal lagast forvaltningsplan som skal innehalde nærare retningslinjer for gjennomføring av skjøtsel.

§ 9.Forvaltningsmynde

Miljødirektoratet fastset kven som skal ha forvaltningsmynde etter denne forskrifta.

0Endra med forskrifter 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013), 22 aug 2014 nr. 1110.
§ 10.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft straks.