Forskrift om vern av Nærøyfjorden landskapsvernområde, Aurland, Vik og Voss kommuner, Sogn og Fjordane og Hordaland.

DatoFOR-2002-11-08-1280
PublisertII 2002 hefte 7
Ikrafttredelse08.11.2002
Sist endretFOR-2016-09-21-1125
Endrer
Gjelder forAurland, Vik og Voss kommuner, Sogn og Fjordane og Hordaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, LOV-1970-06-19-63-§6, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort21.11.2002
KorttittelForskr. om Nærøyfjorden landskapsvernområde

Fastsett ved kgl.res. 8. november 2002 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 5 og § 6, jf. § 21, § 22 og § 23. Fremma av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 21 sep 2016 nr. 1125.

§ 1.Avgrensing

Landskapsvernområdet gjeld følgjande gnr./bnr.: 

Aurland kommune: 1/1, 2, 3, 2/1, 2, 3/1, 5/1, 4, 5, 8, 9, 10, 11, 7/1, 2, 8/1, 5, 6, 12/1, 30/1, 2, 3, 4, 6, 9, 14, 31/4, 33/1, 38/1, 2, 3, 8, 12, 13, 37, 48/1, 3, 5, 49/1, 2, 4, 6, 7, 8, 16, 50/1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 14, 51/1, 2, 6, 15, 16, 17, 18, 19, 20, 21, 22, 24, 27, 28, 32, 33, 34, 40, 42, 43, 44, 48, 52, 53, 60, 108, 52/1, 3, 4, 5, 53/1, 2, 55/1, 2, 56/1, 58/1, 2, 59/1, 2, 3, 4, 5, 9, 60/1, 2, 3, 4, 8, 61/1, 2, 3, 5, 6, 8, 62/1, 64/1, 2, 4, 5, 6, 9, 16, 20, 24, 65/1, 2, 3, 4, 5, 6, 66/1, 67/1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 69/1, 2. 

Vik kommune: 135/2, 4, 7, 8, 136/2, 4, 5, 9, 10, 12, 13, 137/2, 3, 6, 8, 138/1, 3, 4, 139/1, 3, 4, 140/1, 3, 4, 7, 8, 10, 13, 14, 15, 17, 18, 21, 22, 26, 32, 141/1, 4, 6, 10, 142/1, 2, 3, 5, 143/1, 144/1, 2, 3, 4, 5, 145/1, 146/1, 147/4, 148/1, 2, 3, 4, 23, 149/1, 2, 3, 7, 10, 11, 13, 150/1, 2. 

Voss kommune: 80/1, 4, 149/3, 4, 150/1,4, 331/1, 332/1, 2, 4, 6, 15, 26, 28, 333/1, 3, 334/1, 2, 4, 335/1, 2, 3, 4, 5, 7, 336/1, 337/1, 2, 3, 4, 5, 338/2.

Det samla arealet, inkludert sjø, er på ca. 576 km², landareal på ca. 547 km² . Grensene for landskapsvernområdet framgår av kart i målestokk 1:50 000 datert Miljøverndepartementet oktober 2002, samt kartutsnitt datert Miljødirektoratet september 2016.

Kart og verneforskrift finst i Klima og miljødepartementet, i Miljødirektoratet, hos fylkesmannen og i kommunane med areal i landskapsvernområdet.

0Endra med forskrift 21 sep 2016 nr. 1125.
§ 2.Føremål

Føremålet med Nærøyfjorden landskapsvernområde er å ta vare på eit vakkert og eigenarta natur- og kulturlandskap frå fjord til fjell i eit storfelt isbreutforma landskap med eit mangfald av plante- og dyreliv og der eit kulturlandskap med slåtteteigar, beitelandskap, stølsområde, gardsbruk og kulturminne, skapt gjennom aktiv landbruksdrift, utgjer ein vesentleg del av landskapets karakter.

§ 3.Vernereglar
1.Landskapet, plante- og dyrelivet. 
1.1Området er verna mot alle inngrep eller tiltak som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapets art eller karakter.

Dette gjeld til dømes:

a)Bergverksdrift, vassdragsregulering, bygging av vegar, oppsetjing og riving av bygningar, oppføring av anlegg og faste innretningar, framføring av luftleidningar og jordleidningar, drenering og anna form for tørrlegging, sprenging, masseuttak, utfylling, planering og lagring av masse, lausbryting og fjerning av stein og mineral, bruk av kunstgjødsel og kjemiske sprøytemiddel i utmark, fjerning eller inngrep i verdfulle kulturminne så som gamle vegar og steinmurar. Opplistinga er ikkje uttømmande.
b)Nydyrking, endring av samansetnaden av naturleg treslag ved skogkultur, flatehogst, felling av særmerkte og dekorative tre og daude tre som er med på å prege landskapet og som er viktige for dyrelivet.

Forvaltningsstyresmakta avgjer i tvilstilfelle om eit tiltak vil endre landskapets art eller karakter vesentleg eller på annan måte er i strid med føremålet med vernet. Dersom omsynet til verneverdiane gjer det naudsynt, kan Direktoratet for naturforvaltning fastsetje nærmare reglar om ferdsle. 

1.2Reglane i 1.1 er likevel ikkje til hinder for:
a)Landbruksdrift på eksisterande innmark. Drifta må ta omsyn til landskapet sitt særpreg og spesielle karakter.
b)Beiting, rydding av beite, slått og lauving, når dette ikkje strir mot verneformålet.
c)Vedlikehald av bygningar, gjerde, bruer, klopper, vegar og stiar og stenging av skorfeste og oppsetting av kve. Alt slikt arbeid skal ta utgangspunkt i tradisjonell byggeskikk på staden når det gjeld utforming, fargar og materialbruk. Arbeidet skal ikkje medføre vesentlege endringar av fasade på bygningen.
d)Hogst, men ikkje samanhengande flater større enn fem dekar.
e)Vanleg vedlikehald av eksisterande kablar, luftleidningar, vatningsveiter, løypestreng, gjerde m.m.
f)Jakt og fiske etter gjeldande regelverk.
g)Gjennomføring av militær øving/trening i eksisterande sikkerhetssone for Forsvarets skyte- og øvingsfelt.
h)Drift og vedlikehald av kystverket sine anlegg, og ferdsel i samband med dette arbeidet. 
1.3Forvaltningsstyresmakta, eller den som vert tillagt mynde, kan gi løyve til:
a)Endra bruksformer i landbruket i samsvar med driftsplan.
b)Oppføring av nybygg i samband med landbruk, turlagsverksemd og oppsyn. Utforming av nybygg skal vere tilpassa landskap og tradisjonell byggjeskikk.
c)Påbygging, ombygging eller riving av bygningar og anlegg. Påbygging og ombygging skal vere tilpassa landskap og tradisjonell byggjeskikk
d)Tilrettelegging av enkle traktorløyper for uttak av trevirke og i beitebrukssamanheng.
e)Utbetring og rassikring av vegen mellom Gudvangen og Bakka og vegen til Jordalen.
f)Oppsetting av nye gjerde (som ikkje gjeld stenging av skorfeste og oppsetting av kve), oppmerking og varding av nye fotturruter og nybygging av bruer og klopper.
g)Ras- og flaumsikring av busetnad og innmark.
h)Skogsdrift på flater større enn fem dekar i samsvar med driftsplan.
i)Etablering av luftesjakter som er naudsynt i samband med underjordisk drift av mineral med uttaksstad utanfor verneområdet.
j)Nyetablering av kystverket sine anlegg. 
2.Motorferdsel 
2.1Motorferdsel på land og i vatn/vassdrag er forbode, likeins lågtflyging under 300 meter og landing. Med landing meiner ein òg henting og bringing av passasjerar og gods sjølv om landing i eigentleg forstand ikkje skjer. 
2.2Reglane i 2.1 er likevel ikkje til hinder for:
a)Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsverksemd.
b)Motorferdsel på fjorden, herunder å gå til land eller kai. Maksimum fart forbi Skalmenes-Bleiklindi er 8 knop. Fartsreduksjonen gjeld ikkje båtar under 30 fot.
c)Motorferdsel på dei offentlege bilvegane i landskapsvernområdet.
d)Naudsynt motorferdsel i samband med landbruksdrift på landbruksvegar og i nærleiken av innmark og på traktorløyper godkjende i forvaltningsplan.
e)Naudsynt motorferdsel på vinterføre til landbruksdrift som frakting av ved eller hogstvirke, gjerdeutstyr, saltsteinar eller materialar til vøling av stølar o.l. Motorkøyrety kan på vinterføre nyttast til uthenting av ved frå eigen eigedom til fast bustad.
f)Naudsynt lufttransport i samband med landbruksdrift. Lufttransport skal meldast til oppsynet før transporten tek til.
g)Militær lågtflyging.
h)Motorferdsel i samband med militær øving/trening i eksisterande sikkerhetssone for Forsvarets skyte- og øvingsfelt. 
2.3Forvaltningsstyresmakta, eller den som vert tillagt mynde, kan gje løyve til luft- og snøscootertransport av materiale til hytter, bruer mv. og av brensel, utstyr og proviant til hytter og stølar. Traséane for snøscootertransport skal teiknast inn på kart.
§ 4.Unntak i særskilde høve

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå verneforskrifta når føremålet med vernet krev det, for vitskaplege undersøkingar, for arbeid av vesentleg verdi for samfunnet, eller i spesielle tilfelle, når det ikkje strir mot føremålet med vernet.

§ 5.Forvaltningsplan

Det skal utarbeidast ein forvaltningsplan med nærmare gitte retningsliner for forvaltning, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon mv. Forvaltningsplanen skal godkjennast av Direktoratet for naturforvaltning. Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje føremålet med vernet.

§ 6.Forvaltningstyresmakt

Direktoratet for naturforvaltning avgjer kven som skal ha forvaltningsmynde etter forskrifta.

§ 7.Rådgjevande utval

Det kan nemnast opp eit rådgjevande utval for landskapsvernområdet.

§ 8.Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft straks.