Forskrift om verneplan for barskog i Øst-Norge, vedlegg 30, freding av Liadalane naturreservat, Nord-Fron kommune, Oppland.

DatoFOR-2002-12-13-1542
PublisertII 2002 hefte 7
Ikrafttredelse13.12.2002
Sist endret
Endrer
Gjelder forNord-Fron kommune, Oppland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort19.12.2002
KorttittelForskrift om Liadalane naturreservat

Fastsett ved kgl.res. 13. desember 2002 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10, § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

§ 1.Avgrensing

Fredinga femner om følgjande gnr./bnr.: 225/2 - 232/3 - 235/8 - 235/9 - 235/10 - 237/1 - 238/1 - 239/1,2 - 239/3 - 247/1 - 247/2 - 247/14 - 247/15 - 248/1 - 248/11 - 248/12 - 248/16 - 248/18 - 248/19 - 250/1,12 - 250/2 - 252/6 - 253/1 - 254/1 - 254/13. Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca. 888 dekar. Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:5.000 datert Miljøverndepartementet desember 2002.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Forskrifta med kart oppbevarast i Nord-Fron kommune, hos Fylkesmannen i Oppland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

§ 2.Føremål

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit skogområde som økosystem med alt naturleg plante- og dyreliv. Av spesielle kvalitetar kan nemnast at området har svært store førekomstar av mange sjeldne og trua planteartar, det har eit rikt dyreliv, det har ein relativt høg del rike skog- og vegetasjonstypar og området har ein varmekjær og kravfull flora knytt til lauvskog.

§ 3.Vernereglar

For naturreservatet gjeld følgjande føresegner:

1.Vegetasjon, medrekna daude busker og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje innførast. Planting eller såing er ikkje tillate.
2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging. Nye dyreartar må ikkje innførast.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som til dømes oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, gjerde, jordkablar og kloakkrør, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller anna konsentrert forureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Motorferdsel til lands og på vatn er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.
5.Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode. Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til føremålet med vernet ved forskrift nekte eller regulere ferdsla i heile eller delar av naturreservatet.
6.Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding utanom eksisterande vegar er forbode.
7.Bålbrenning er forbode.
§ 4.Generelle unntak

Føresegnene i § 3 er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning, oppsyn, skjøtsel og forvaltning. Øvingskjøring i samband med slike føremål krev særskilt løyve.
2.Sanking av bær og matsopp.
3.Jakt.
4.Fiske.
5.Tradisjonell beiting. Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til føremålet med vernet ved forskrift regulere beiting i heile eller delar av naturreservatet.
6.Bruk av hest for uttransport av felt storvilt og i samband med landbruksverksemd.
7.Vedlikehald av gjerde som er i bruk på fredingstidspunktet.
§ 5.Eventuelle unntak etter søknad

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Naudsynt motorferdsel i samband med aktivitetar nemnd i § 4 nr. 1 (øvingskøyring), nr. 3, nr. 5 og nr. 7, § 5 nr. 4 og nr. 5.
2.Vedlikehald av vegar/traktorvegar til turstiar og skiløyper, medrekna motorferdsel for oppkjøring av skiløyper.
3.Avgrensa bruk av naturreservatet i samband med arrangement nemnd i § 3 nr. 5.
4.Vedlikehald av verdifulle kulturminne.
5.Oppsetting av gjerder i samband med beiting.
§ 6.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå fredingsføresegnene når føremålet med fredinga krev det, for vitskaplege granskingar, arbeid av særleg verdi for samfunnet, og i særskilde høve dersom det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

§ 7.Forvaltningsplan

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta fastset, kan utføre skjøtselstiltak for å fremje fredingsføremålet. Det kan lagast forvaltningsplan, som kan innehalde nærare retningsliner for utføring av skjøtsel.

§ 8.Forvaltningsstyresmakta

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal ha forvaltningsstyresmakta etter denne forskrifta.

§ 9.Ikraftsetjing

Denne forskrifta trer i kraft straks.