Forskrift om opning for jakt etter hjort og fastsetting av minsteareal, Vågsøy kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2003-06-04-758
PublisertII 2003 hefte 3
Ikrafttredelse04.06.2003
Sist endret
EndrerFOR-2001-12-10-1445
Gjelder forVågsøy kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1981-05-29-38-§16, FOR-2002-03-22-314-§4, FOR-2002-03-22-314-§5
Kunngjort26.06.2003
KorttittelForskrift om opning for hjortejakt, Vågsøy

Kapitteloversikt:

Fastsett av Vågsøy kommunestyre 4. juni 2003 med heimel i lov av 29. mai 1981 nr. 38 om viltet § 16 og forskrift av 22. mars 2002 nr. 314 om forvaltning av hjortevilt og bever § 4 og § 5.

I

Det er opna for jakt etter hjort i Vågsøy kommune.

II

Minstearealet for godkjenning av vald og fellingsløyve vert sett til 800 dekar i heile kommunen.

III

Forskrifta tek til å gjelde straks. Samstundes vert alle andre forskrifter som inneheld reglar om opning av jakt og fastsetjing av minsteareal i Vågsøy kommune oppheva.

Forskrift av 10. desember 2001 nr. 1445 om jakt etter hjort og elg, Sogn og Fjordane, gjeld etter dette ikkje for Vågsøy kommune.