Forskrift om verneplan for edellauvskog i Møre og Romsdal, vedlegg 21, freding av Boksaspa naturreservat, Tingvoll kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-2003-06-27-841
PublisertII 2003 hefte 3
Ikrafttredelse27.06.2003
Sist endret
Endrer
Gjelder forTingvoll kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort03.07.2003
KorttittelForskrift om Boksaspa naturreservat, Tingvoll

Fastsett ved kgl.res. 27. juni 2003 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

§ 1.Avgrensing

Det freda området vedkjem følgjande gnr./bnr. i Tingvoll kommune: 139/2,6.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca. 14 dekar.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:1.000 datert Miljøverndepartementet juni 2003. Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Forskrifta med kart blir lagra i Tingvoll kommune, hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

§ 2.Formål

Formålet med fredinga er å ta vare på den nordlegaste eikeskogen i verda av nokon storleik med det naturlege plante- og dyrelivet. Av spesielle kvalitetar kan nemnast at området har førekomstar av sjeldne lav- og sopparter.

§ 3.Vernereglar

For naturreservatet gjeld følgjande reglar:

1.All vegetasjon, medrekna daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje førast inn. Planting eller såing av tre er ikkje tillate.
2.Alt dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging. Nye dyrearter må ikkje førast inn.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller tilførsel av konsentrert forureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode.

Opplistinga er ikkje fullstendig.

4.Motorisert ferdsel på land og på vatn er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.
5.Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
6.Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding utanom eksisterande vegar er forbode.
7.Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til formålet med fredinga ved forskrift forby eller regulere ferdsla i heile eller delar av naturreservatet.
§ 4.Generelle unntak

Reglane i § 3 er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning og oppsyn, samt gjennomføring av skjøtsel og forvaltning som er bestemt av forvaltningsstyresmakta. Motorferdsel i samband med øving krev særskilt løyve.

Reglane i § 3 unntatt nr. 4 er ikkje til hinder for:

2.Vedlikehald av faste innretningar og stigar som er i bruk på fredingstidspunktet.
3.Vedlikehald av grøfteutløp som er gravne tidlegare og som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksareal, etter at forvaltningsstyremakta er varsla.
4.Sanking av hasselnøtter, bær og matsopp.
5.Jakt.
§ 5.Eventuelle unntak etter søknad

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Naudsynt motorferdsel i samband med aktivitetar nemnde i § 4 nr. 2, nr. 3 og nr. 5 og § 5 nr. 2.
2.Hogst av ved til eige bruk.
3.Beiting på dagens nivå. Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til verneformålet ved forskrift regulere beitetrykket i heile eller delar av reservatet.
4.Avgrensa bruk av naturreservatet som angitt i § 3 nr. 5.
§ 6.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når formålet med fredinga krev det, eller for vitskaplege undersøkingar, arbeider av vesentleg verdi for samfunnet, og i spesielle tilfelle, dersom det ikkje strir mot formålet med fredinga.

§ 7.Forvaltningsplan

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje formålet med fredinga. Det kan lagast forvaltningsplan som kan innehalde nærare retningslinjer for gjennomføring av skjøtsel.

§ 8.Forvaltningsmynde

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal ha forvaltningsmynde etter denne forskrifta.

§ 9.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft straks.