Forskrift om verneplan for edellauvskog i Møre og Romsdal, vedlegg 24, freding av Oppdølsstranda naturreservat, Sunndal kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-2003-06-27-844
PublisertII 2003 hefte 3
Ikrafttredelse27.06.2003
Sist endretFOR-2011-06-06-820
Endrer
Gjelder forSunndal kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§77, FOR-1987-07-03-572, FOR-1988-11-03-4324
Kunngjort03.07.2003
KorttittelForskrift om Oppdølsstranda naturreservat

Fastsett ved kgl.res. 27. juni 2003 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 6 juni 2011 nr. 820 (ny heimel, forskrifta er gjengitt som den lyder etter endringane).

§ 1.Formål

Formålet med fredinga er å ta vare på et område som inneheld truet, sjelden og sårbar natur i form av ei stor og nær urørt fjordli med varmekjær vegetasjon i ulike utformingar og tilhøyrande vegetasjonstypar opp mot fjellet med det naturlege plante- og dyrelivet og med alle dei naturlege økologiske prosessane.

§ 2.Geografisk avgrensing

Det freda området vedkjem følgjande gnr./bnr. i Sunndal kommune: 51/31, 51/32, 51/34, 51/38, 51/654 og 91/1 i Sunndal kommune.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca. 4369 dekar.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:10 000 datert Direktoratet for naturforvaltning juni 2011. Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Forskrifta med kart blir lagra i Sunndal kommune, hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

§ 3.Vernereglar

I naturreservatet må ingen gjere noko som forringar verneverdiene angitt i verneformålet.

For naturreservatet gjeld følgjande reglar:

1.All vegetasjon, medrekna daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter og sopp (inkludert lav) eller deler av desse frå reservatet. Nye planteartar må ikkje førast inn. Planting eller såing av tre er ikkje tillate.
2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging og unødig forstyrrelse. Nye dyrearter må ikkje førast inn.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller tilførsel av konsentrert forureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga av tiltak er ikkje fullstendig.
4.Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
§ 4.Generelle unntak frå vernereglane

Reglane i § 3 annet ledd er ikkje til hinder for:

1.Drift og vedlikehald av anlegg for Kystverket og det kommunale havnevesenet.
2.Vedlikehald av faste innretningar og stigar som er i bruk på fredingstidspunktet.
3.Sanking av hasselnøtter, bær og matsopp.
4.Jakt i samsvar med gjeldende lovverk.
5.Fiske i samsvar med gjeldende lovverk.
6.Beiting på dagens nivå. Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til verneformålet ved forskrift regulere beitetrykket i heile eller delar av reservatet.
7.Bålbrenning med tørr kvist på bakken og medbrakt ved.
8.Drift og vedlikehald og naudsynt istandsetting ved akutt utfall på eksisterande energi- og kraftanlegg.
9.Oppgradering/fornying av kraftliner for heving av spenningsnivå og auking av linetversnitt når dette ikkje fører til vesentlege fysiske endringar i forhold til verneformålet.
§ 5.Regulering av ferdsel

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminner.

I naturreservatet gjeld følgende reglar om ferdsel:

1.Motorisert ferdsel på land og på vatn er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.
2.Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding utanom eksisterande vegar er forbode.
§ 6.Generelle unntak frå ferdselsreglane

Ferdselsreglane i § 5 er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning og oppsyn, samt gjennomføring av skjøtsel og forvaltning som er bestemt av forvaltningsstyresmakta. Motorferdsel i samband med øving krev særskilt løyve.

Ferdselsreglane i § 5 annet ledd er ikkje til hinder for:

2.Ferdsel i samband med aktiviteter som nemnd i § 4 nr. 1.
3.Naudsynt motorferdsel i forbindelse med akutt utfall på eksisterande energi- og kraftanlegg. Det skal i ettertid sendast melding til forvaltningsstyresmakta.
§ 7.Spesifiserte dispensasjonsbestemmelser

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Naudsynt motorferdsel i samband med aktivitetar nemnde i § 4 nr. 2, nr. 4, nr. 8 og nr. 9 og § 7 nr. 2.
2.Hogst av ved til eige bruk.
3.Beiting utover dagens nivå.
4.Avgrensa bruk av naturreservatet som angitt i § 3 nr. 4.
5.Oppgradering/fornying av kraftlinar som ikkje fell inn under § 4 nr. 9.
6.Oppføring av nye anlegg, flytting av anlegg, og tilbygg til eksisterande anlegg for Kystverket og det kommunale havnevesenet.
7.Etablering av enkle landfester for båter og fiskeredskaper.
§ 8.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot vernevedtakets formål og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom sikkerheitsomsyn eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfoldlova § 48.

§ 9.Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan iverksetje tiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstand som er formålet med vernet i henhold til naturmangfoldlova § 47.

§ 10.Forvaltningsplan

Det kan lagast forvaltningsplan med nærare retningslinjer om forvaltning av naturreservatet. Forvaltningsplanen kan innehalde nærare retningslinjer for gjennomføring av skjøtsel.

§ 11.Forvaltningsmynde

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal ha forvaltningsmynde etter denne forskrifta.

§ 12.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft straks.