Forskrift om verneplan for Rondane, vedlegg 9, freding av Flakkstjønna naturreservat, Nord-Fron kommune, Oppland.

DatoFOR-2003-10-24-1274
PublisertII 2003 hefte 5
Ikrafttredelse24.10.2003
Sist endret
Endrer
Gjelder forNord-Fron kommune, Oppland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort30.10.2003
KorttittelForskrift om Flakkstjønna naturreservat

Fastsett ved kgl.res. 24. oktober 2003 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

§ 1.Avgrensing

Naturreservatet omfattar følgjande gnr./bnr.: 272/1, 273/1, 274/9, 276/1, 277/1, 277/15, 280/1, 280/3, 280/6, 281/9, 282/1, 283/2, 287/1, 288/65, 290/1, 292/2, 293/5, 294/1, 295/3,4, 296/3, 297/5, 329/1, 329/7, 329/16, 330/1, 330/2, 330/18, 333/1, 334/1, 327/1, 353/1 og Nyseter Sameige.

Naturreservatet dekker eit areal på 3 km² . Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:100.000, datert Miljøverndepartementet oktober 2003.

Kartet og fredingsforskrifta vert oppbevarte i Nord-Fron kommune, hos Fylkesmannen i Oppland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast i marka, og knekkpunkta skal koordinatfestast.

§ 2.Føremål

Føremålet med fredinga er å take vare på eit variert og lite påverka myr- og skogområde som økosystem med alt naturleg plante- og dyreliv. Området har mange vegetasjonstypar med typiske økologiske gradientar innafor myr- og fjellbjørkeskogsamfunna, noko som gjer området til eit sjeldant godt område for undervising og forsking.

§ 3.Vernereglar

For naturreservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjonen i vatn og på land, under dette daude buskar og tre, er freda mot all form for skade og øydelegging, unnateke det som følgjer av fri ferdsle.

Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå naturreservatet. Nye planteartar må ikkje innførast. Planting av tre er ikkje tillate.

2.Dyrelivet, under dette deira hi, reir og egg, er freda mot all form for skade, øydelegging og forstyrring. Hundar må haldast i band.

Nye dyreartar må ikkje innførast.

3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre dei naturgjevne forholda, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, fråsetting av campingvogn, brakker o.l., framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, uttak, lagring, planering eller utfylling av masse, ulike former for graveverksemd og overflatearbeid, drenering og anna form for tørrlegging, utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførsler, attlegging av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevernmiddel. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Motorisert ferdsle samt lågtflyging under 300 m er forbode. Forbodet gjeld også bruk av modellbåtar og modellfly.
5.Idrettsarrangement, jaktprøvar, guida turar og anna form for organisert verksemd er forbode.
6.Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding er forbode.
7.Merking av stigar og løyper er forbode.
§ 4.Generelle unntak

Reglane i § 3 er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd, politi-, rednings-, brannvern-, oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsel og forvaltning som er bestemt av forvaltningstyresmakta.
2.Sanking av bær og matsopp.
3.Forsiktig uttak av trevirke til brenning av bål på staden.
4.Beiting, under dette bruk av gjetarhund.
5.Jakt og fiske etter reglane i viltloven og lakse- og innlandsfiskloven, under dette bruk av hund i samband med jakt.
§ 5.Eventuelle unntak etter søknad

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Guida turar, anna organisert verksemd og merking av stigar og løyper.
2.Motorisert ferdsle med beltegåande kjøretøy for utkøyring av felt elg.
3.Vedlikehald av kanal frå Flakktjørnbekken mot Koltjørnet.
4.Vedlikehald av verdifulle kulturminne.
§ 6.Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje fredingsføremålet. Det bør utarbeidast forvaltningsplan som kan innehalde nærmare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

§ 7.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå fredingsforskrifta når føremålet med fredinga krev det, for vitskapelege undersøkingar og arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi, og i andre særlege tilfelle dersom det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

§ 8.Forvaltningsmynde

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som har forvaltningsmynde i naturreservatet.

§ 9.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft straks.