Forskrift om vern av Jærstrendene landskapsvernområde med biotopfredingar og naturminne i Randaberg, Sola, Klepp og Hå kommunar, Rogaland.

DatoFOR-2003-12-12-1675
PublisertII 2003 hefte 6 (vedlegg)
Ikrafttredelse12.12.2003
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forRandaberg, Sola, Klepp og Hå kommunar, Rogaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, LOV-1970-06-19-63-§6, LOV-1970-06-19-63-§9, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§11, LOV-1970-06-19-63-§12, LOV-1970-06-19-63-§13, LOV-1970-06-19-63-§14, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort30.12.2003
KorttittelForskrift om Jærstrendene landskapsvernområde

Kapitteloversikt:

Fastsett ved Kronprinsreg.res. 12. desember 2003 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern, § 5, § 6, § 9, § 10, § 11, § 12, § 13 og § 14, jf. § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrifter 30 juni 2008 nr. 846, 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

§ 1.Avgrensing
1.Verneområda omfattar heile eller delar av dei gnr./bnr. som går fram av vedlagte liste datert oktober 2002.
2.Verneområda omfattar totalt 193,2 km² , dels med overlappande verneformer: Landskapsvernområdet utgjer 13,3 km² fastland, 4,1 km² holmar og øyar og 78,7 km² sjøareal, totalt 96,1 km² . Plantefredingsområda utgjer 2,9 km² . Fuglefredingsområda utgjer 5,8 km² landareal inkludert fastland, øyar og holmar og 104,1 km² sjøareal. Dei geologiske naturminna utgjer 0,3 km² .
3.Kart i målestokk 1:35.000 og kart i målestokk 1:5.000 og 1:10.000 datert Miljøverndepartementet november 2002 viser dei nøyaktige grensene for landskapsvernområdet, fuglefredingsområda, plantefredingsområda, naturminna og sanddyneområda. Det er 29 kart i målestokk 1:5.000 og 8 kart i målestokk 1:10.000, og desse er nummerert frå 0 til 36. Grensene for landskapsvernområdet med sjøareal og undersjøisk landskap ut til eit djup på om lag 20 meter ved Revtangen og Ogna, går fram av kartet i målestokk 1:35.000.
4.Vernereglane og karta vert oppbevart i kommunane, hos Fylkesmannen i Rogaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.
5.Dei nøyaktige grensene på land skal merkast av i marka etter nærare retningsliner frå forvaltingsstyresmakta, jf. § 9. Knekkpunkta både på land og i sjø skal koordinatfestast. Grensene i sjø er ikkje avmerka i felt, men går fram av kart, jf. pkt. 3.
6.Landskapsvernområdet (jf. naturvernloven § 5) ligg i fylgjande område, jf. pkt. 3: 

a. På land

Jærstrendene i varierande breidde på inntil 650 m opp frå strandlina på heile strekninga frå og med Randabergvika i Randaberg kommune til Oddane ved Sirevåg i Hå kommune, med unnatak av fylgjande delområde:

-Tungevågen i Randaberg kommune
-Strekninga frå Vistnes i Randaberg kommune til Solastranda i Sola kommune
-Ølberg hamn og Ølbergstranda i Sola kommune.

Alle utanforliggjande holmar og øyar inklusiv Kolnesholmane og Rott, med unnatak av Grøningane og Kjørholmane naturreservat og øyar og holmar som er omfatta av stadfesta reguleringsplan. 

b. I sjø

Sjøareal og undersjøisk landskap i tilknyting til landarealet og øyar ut til eit djup på 5 meter, målt ved fjøre sjø.

Sjøareal og undersjøisk landskap i tilknyting til landarealet ut til eit djup på om lag 20 meter i fylgjande område:

Sjøområdet nord og sør for Revtangen, frå Feistein i nord til Obrestad hamn i sør.

Sjøområdet ved Ogna, frå og med fuglefredingsområdet ved Kvassheim fyr i nord til og med Ognabukta i sør.

7.Fuglefredingsområda (jf. naturvernloven § 9 og § 14) ligg i fylgjande område, jf. pkt. 3: 

a. I landskapsvernområdet

Sandebukta-Børaunen-Einersvika i Randaberg kommune.

Rott med tilhøyrande øyar og Håsteingruppa i Sola kommune.

Strekningane Reve hamn - Orre og Vik - Skeie i Klepp kommune.

Strekninga Nærlandssanden - Obrestad, Øyrvika ved Kvassheim fyr og Raunen utanfor Kvalbein i Hå kommune. 

b. Utanfor landskapsvernområdet

Eit område i tilknyting til landskapsvernområdet på Børaunen i Randaberg kommune.

Eit område på Kolnes i Sola kommune. 

c. Generelt

Fuglefredingsområda omfattar òg sjøoverflata utanfor dei nemnde strandstrekningane ut til ein avstand på 500 meter frå strandlina. Grensa til fuglefredingsområdet i sjøen kring Rott-Håsteingruppa er likevel vidare, og går fram av kart, jf. pkt. 3.

8.Plantefredingsområda (jf. naturvernloven § 9 og § 13) ligg i fylgjande område, jf. pkt. 3: 

a. I landskapsvernområdet:

Eit område ved Børaunen i Randaberg kommune.

Eit område innanfor flyplassen på Sola, eit område på Byberg sør i Sola kommune.

Eit område ved Revtangen, eit område ved Orre i Klepp kommune.

Eit område vest for Obrestad fyr.

Eit område ved Sør-Reime, eit område ved Brusand og to område ved Ogna i Hå kommune.

9.Geologiske naturminne (jf. naturvernloven § 11), ligg i fylgjande område, jf. pkt. 3: 

a. I landskapsvernområdet:

Børaunen i Randaberg kommune.

Byberg i Sola kommune.

Orre i Klepp kommune. 

b. Utanfor landskapsvernområdet:

Reve i Klepp kommune.

10.Delar av landskapsvernområdet omfattar sanddyneområde, og desse ligg i fylgjande område, jf. pkt. 3:

Randabergvika og Sandebukta i Randaberg kommune.

Solastranda - Rege, Vigdel og Hellestø - Byberg i Sola kommune.

Byberg - Sele, Bore - Hodne og Reve - Orre - Vik i Klepp kommune.

Refsnes - Nærlandssanden og Kvalbein - Brusand - Ogna i Hå kommune.

§ 2.Føremål

Føremålet med landskapsvernet er å ta vare på det eigenarta natur- og kulturlandskapet på Jærstrendene med sine særmerkte strandtypar og dei geologiske, botaniske, zoologiske og kulturhistoriske element som medverkar til å gje området eit særpreg.

Føremålet med fuglefredingsområda er å ta vare på fuglelivet som er knytt til områda og nyttar desse som trekk-, hekke- eller overvintringsplassar, vidare å ta vare på fuglane sitt livsmiljø i områda.

Føremålet med plantefredingsområda er å ta vare på sjeldne planteartar og plantesamfunn og deira naturlege livsmiljø.

Føremålet med dei geologiske naturminna er å ta vare på representative førekomstar som viser korleis landet har utvikla seg gjennom tidene.

§ 3.Vernereglar 

A. For landskapsvernområdet gjeld fylgjande reglar:

1.Alle inngrep og tiltak som vesentleg kan endre eller innverke på landskapets art eller karakter er forbode, herunder nye kloakkutslepp og andre konsentrerte forureiningar, bortlegging, brenning og lagring av avfall, herunder produksjonsavfall frå landbruket, uttak eller utfylling av masse, hausting av tang og tare på land og i fjørebeltet, sprenging av steinblokker, grøfting, fjerning av steingjerde, framføring av kablar og luftleidningar, bygging og utbetring av vegar, oppstilling av campingvogner, bilar og andre transportable innretningar, oppføring av bygningar, herunder tilbygg, oppføring av reiselivs-, sport- og idrettsanlegg og andre anlegg og faste innretningar. Opplistinga er ikkje fullstendig.
2.Ytre utforming på faste kulturminne, slik som gravminne og buplassar frå forhistorisk tid, båtnaust, båtstøer, kvernhus, forsvarsanlegg, fyranlegg, ferdselsvegar, steingardar o.l., må ikkje endrast, skadast eller fjernast utan etter løyve frå forvaltingsstyresmakta. Opplistinga er ikkje fullstendig. Forvaltingsstyresmakta kan i forvaltingsplan konkretisera og lista opp dei aktuelle kulturminna.
3.Gjødsling og sprøyting er berre tillate på eksisterande dyrka mark og beite som er i full gjødsla drift på fredingstidspunktet. Desse areala skal nærare kartfestast i forvaltingsplanen.
4.Nydyrking, herunder fulldyrking av eksisterande gjødsla beite eller overflatedyrka beite, er ikkje tillate.
5.Det er forbode å plukka eller på annan måte skade fylgjande viltveksande planteartar: Ormetunge, berghøymole, sandslirekne, trefingersildre, sølvmelde, saftstjerneblom, nikkesmelle, gulfrøstjerne, strandkål, småmure, blodstorkenebb, engstorkenebb, steinstorkenebb, sandnattlys, strandtorn, kystvintergrønn, kusymre, klokkesøte, jærsøte, smalsøte, bakkesøte, østersurt, vårmarihand, purpurmarihand, «nordsjømarihand», engmarihand, myrflangre og kvitkurle.
6.Snauhogst eller planting og såing av tre og buskar er ikkje tillate.
7.Innføring av nye planteartar er ikkje tillate.
8.I sanddyneområda kan Miljødirektoratet regulera og eventuelt forby beiting og gjødsling dersom det er naudsynt av omsyn til verneverdiane.
9.Motorferdsel på land er forbode, herunder start og landing med fly og helikopter.
10.Camping og telting er ikkje tillate i sanddyneområda.
11.Ferdsel med sykkel er ikkje tillate i sanddyneområda.
12.Ferdsel med hest er ikkje tillate i sanddyneområda, med unnatak av slik ferdsel på den vegetasjonslause strandbreidda mellom sjøen og sanddynene, og med tilkomst på transporttraséar utpeika i forvaltingsplan.
13.Golf og ballspel er ikkje tillate i sanddyneområda, med unnatak av ballspel på strandbreidda mellom sjøen og sanddynene.
14.Større arrangement og tilstellingar er ikkje tillate, med unnatak av aktivitet og område for dette etter nærare retningsliner i forvaltingsplan.
15.Forvaltingsstyresmakta kan gjerde inn og merka parkeringsområde utpeika i forvaltingsplan.
16.Miljødirektoratet kan, ved forskrift, i nærare avgrensa område fastsetta reglar for ferdsla, herunder ferdselsforbod, dersom det er naudsynt av omsyn til verneverdiane.
17.Forvaltingsstyresmakta kan godkjenna transporttraséar for motorisert ferdsel og ferdsel med hest.
18.Taretråling er ikkje tillate i ei sone som ligg mellom Reve hamn i nord og Orre-elva i sør innanfor sjøområdet ved Revtangen, jf. § 1 pkt. 6 bokstav b. Retninga ut frå land for nord- og sørgrensene for sona følgjer ein rett vestleg kurs parallelt med taretrålingsfelta. 

B. For fuglefredingsområda gjeld fylgjande reglar:

1.Fuglane, herunder reira og egga deira, er freda mot alle former for skade, øydelegging og unødig forstyrring.
2.Vegetasjon på land som har verdi som næring eller livsmiljø for fuglane, er freda mot skade og øydelegging.
3.Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode heile året.
4.Det er bandtvang for hund heile året, med unnatak for gjetarhund nytta i landbruksdrifta.
5.Camping og telting er forbode.
6.Ferdselsrestriksjonar: 

a. Rott i Sola kommune:

All ferdsel på land i området vest og sørvest for Vatnet på Vestre Rott er forbode i tida f.o.m. 15. april t.o.m. 31. juli. 

b. Håsteingruppa i Sola kommune:

All ferdsel på land på Kjarten, Flatholmen, Frøsholmane, sørlege del av Hoggjo, Sandøy, Kvernholmen, austre del av Buøy og vestre del av Håstein er forbode i tida f.o.m. 15. april t.o.m. 31. juli. 

c. Raunen i Hå kommune:

All ferdsel på land er forbode i tida f.o.m. 15. april t.o.m. 31. juli. 

d. I sjøområda er det forbod mot bruk av vannscooter/vannjet, andre former for vannmotorsport, bølgjesurfing og bruk av seglbrett f.o.m. 1. oktober t.o.m. 31. mars. 

e. Det er ikkje tillate med overflyging lågare enn 300 meter.

7.For dei områda som også er omfatta av landskapsvernområdet gjeld i tillegg reglane i § 3 bokstav A.
8.For områda på Børaunen og Kolnes, som ikkje er omfatta av landskapsvernområdet, er det forbod mot tiltak som kan skade eller øydeleggja livsmiljøet til fuglane, herunder utbygging, utfylling, tilplanting, nydyrking, herunder nydyrking av eksisterande gjødsla beite eller overflatedyrka beite, grøfting, plassering og lagring av avfall, plassering av campingvogner, forureiningar og motorisert ferdsel på land. Opplistinga er ikkje fullstendig. 

C. For plantefredingsområda gjeld fylgjande reglar:

1.Fylgjande plantesamfunn er freda mot skade eller øydelegging av einkvar art:

Kulturbetinga engvegetasjon, kystlyngheivegetasjon, fattig tuvemyr, sandstrandvegetasjon, driftvoll, strandberg og strand- og strandsumpvegetasjon.

2.Det er forbod mot tiltak som kan endra dei naturgjevne produksjonstilhøva eller forringa livsmiljøet til plantene, herunder nydyrking, grøfting, vedlikehald av grøfter, gjødsling, sprøyting og skogskjøtsel. Opplistinga er ikkje fullstendig.
3.Miljødirektoratet kan regulera og eventuelt forby beiting, dersom det er naudsynt av omsyn til verneverdiane.
4.Det er ikkje tillate å innføra nye planteartar.
5.Camping og telting er ikkje tillate.
6.Ferdsel med sykkel og hest er ikkje tillate.
7.Golf og ballspel er ikkje tillate.
8.For dei områda som også er omfatta av landskapsvernområdet gjeld i tillegg reglane i § 3 bokstav A. 

D. For dei geologiske naturminna gjeld fylgjande reglar:

1.Alle slags inngrep og tiltak i grunnen er forbode.
2.Grisehald er ikkje tillate.
3.For dei områda som også er omfatta av landskapsvernområdet gjeld i tillegg reglane i § 3 bokstav A.
4.For området på Reve som ikkje er omfatta av landskapsvernområdet, er det i tillegg forbod mot camping, telting og oppstilling av campingvogner.
0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 4.Generelle unnatak

Reglane i § 3 er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak knytt til ambulanse, rednings-, politi, brannvern-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltingsføremål, herunder naudsynt motorferdsel.
2.Militære øvingar i dei fast etablerte anlegga og øvingsområda til forsvaret, herunder naudsynt motorferdsel.
3.
a.Jordbruksdrift med dei metodar, herunder naudsynt motorferdsel, som er vanleg elles i distriktet på eksisterande dyrka mark og beite som er i full gjødsla drift på fredingstidspunktet. Gjødsling og sprøyting er likevel ikkje tillate på gjødsla beite i plantefredningsområda, jf. § 3 bokstav C pkt. 2. Nydyrking og grøfting utanom fulldyrka areal er ikkje tillate, jf. § 3 bokstav A, pkt. 1 og pkt. 4, § 3 bokstav B, pkt. 8, § 3 bokstav C, pkt. 2 og § 3 bokstav D, pkt. 1.
b.Vanleg vedlikehald av eksisterande grøfter og kanalar, med unnatak av plantefredingsområda og dei geologiske naturminna, jf. reglane i § 3 bokstav C og § 3 bokstav D.
c.Beiting i sanddyneområda og plantefredingsområda inntil dette eventuelt vert regulert, jf. reglane i § 3 bokstav A, pkt. 8 og § 3 bokstav C, pkt. 3.
d.Beiting i fuglefredingsområda.
e.Beiting i dei geologiske naturminna med andre beitedyr enn gris.
4.Vanleg vedlikehald og drift av eksisterande bygningar, vegar m.v. som er nemnde under § 3 bokstav A, pkt. 1. Vanleg vegvedlikehald omfattar ikkje asfaltering av gruslagde vegar.
5.Drift og vedlikehald av anlegga til Kystverket og Forsvaret, herunder naudsynt motorferdsel.
6.Motorferdsel, parkering, ferdsel med hest og sykling på vegar opparbeida for biltrafikk og på parkeringsområde utpeika i forvaltingsplan, jf. § 3 bokstav A, pkt. 15. Sykling på opparbeidde vegar og turvegar, men ikkje turstiar.
7.Naudsynt motorferdsel på strandflata og på transporttraséar utpeika i forvaltingsplan i samband med drift og vedlikehald av dei offentlege friluftsområda i landskapsvernområdet.
8.Lågtflyging i samband med naudsynt inn- og utflyging ved Stavanger lufthamn, Sola.
9.Drift, vedlikehald og fornying av kraftliner, herunder rydding i og langs trasé, oppgradering av eksisterande kraftliner for å heve spenningsnivå, auke av linetverrsnitt, nye master m.v., dersom det ikkje strir mot føremålet med vernet.
0Endra med forskrift 30 juni 2008 nr. 846.
§ 5.Eventuelle unnatak etter søknad

Forvaltingsstyresmakta kan etter søknad og på vilkår gje løyve til:

1.Framføring av luftliner og kablar, mindre tilbygg på bygningar, bygg og innretningar som er naudsynte i samband med landbruk, fiske, verksemda til Forsvaret, Kystverket, Telenor og allmenne friluftsinteresser, under føresetnad av at tiltaka kan tilpassast landskapet.
2.Etablering av bålplass i tida 1. juni - 30. juni for St. Hans-feiring.
3.Større arrangement og tilstellingar.
4.Motorferdsel og parkering i særskilde høve.
5.Mindre uttak av tang, tare, sand, grus og stein i fjørebeltet til eige gardsbehov; dette omfattar også motorisert transport på transporttraséar utpeika i forvaltingsplan. Forvaltingsplanen skal sette rammer for kor og korleis desse uttaka skal gjerast.
6.Vedlikehald av grøfter og kanalar i plantefredingsområde og geologiske naturminne i særskilde høve.
7.Felling av skadegjerande vilt.
§ 6.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltingsstyresmakta kan gjera unnatak frå vernereglane når føremålet med vernet krev det, for vitskapelege undersøkingar, arbeid og tiltak av vesentleg samfunnsmessig verd og i særskilde tilfelle, dersom det ikkje strir mot føremålet med vernet.

§ 7.Forvaltingsplan

Forvaltingsstyresmakta kan gjennomføra forvaltingstiltak i samsvar med verneføremålet. Det skal utarbeidast forvaltingsplan for området, med nærare retningsliner for forvaltinga av området.

§ 8.Rådgjevande utval

Forvaltingsstyresmakta skal oppretta eit rådgjevande utval for forvaltinga av Jærstrendene landskapsvernområde med biotopfredingar og naturminne.

§ 9.Forvaltingsstyresmakt

Miljødirektoratet fastset kven som er forvaltingsstyresmakt for Jærstrendene landskapsvernområde med biotopfredingar og naturminne.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 10.Ikraftsetjing

Denne forskrifta trer i kraft straks.

Vedlegg til forskrift om vern av Jærstrendene landskapsvernområde med biotopfredingar og naturminne

Dei verna områda omfattar delar av fylgjande gnr./bnr.: 

Randaberg kommune. Gnr./bnr.

51/11,15,16, 51/12, 52/1, 52/2,3, 52/4,6, 52/5,12,20, 52/7, 52/8, 52/9,11, 52/10, 52/15, 52/16, 52/23, 53/1,8,42,59, 53/2,3, 53/4, 53/5,6,17,50, 53/7,20, 53/10, 53/11, 53/13, 53/14, 53/15, 53/22, 53/26,40, 53/29,38, 53/30, 53/31,32,33, 53/37, 53/39, 53/41,57, 53/51, 53/52, 53/53,54, 53/55, 53/56, 53/58, 53/60, 53/61, 53/64, 53/66, 53/69, 53/70, 53/72, 53/73, 53/74, 53/75,78, 53/76, 53/77, 53/79, 53/80, 53/90, 53/91, 53/95,96,97,98, 53/106, 54/2, 54/4, 54/5, 54/7, 54/9, 55/2,4, 55/3, 55/5, 55/6, 55/7, 55/8, 55/9, 55/10, 55/11, 55/12, 55/13, 55/32, 55/33,50,51, 55/35, 55/41, 55/42,44, 55/43, 55/52, 55/55, 56/1, 56/5,7, 56/18, 57/1, 57/2, 57/3, 57/14. 

Sola kommune. Gnr./bnr.

10/2 , 10/100, 11/1, 11/2,15, 11/4, 11/5, 11/7,16, 11/8, 11/10, 11/20, 12/1,2,5,26, 12/3,4, 12/6, 12/7,16,19, 12/8, 12/9,14, 12/10, 12/11, 12/13, 12/15, 12/17, 12/20, 12/21, 12/22, 12/23, 12/24,30, 12/25, 12/27, 12/28, 12/29, 12/31, 12/32, 12/33, 13/1,4, 13/2,3, 13/5,9,14, 13/6, 13/7, 13/8, 13/11, 13/20,21, 13/22, 13/33, 13/35, 13/46, 13/72, 14/15,16, 14/18, 14/19,84, 14/24,135, 14/28, 14/42,46,195,215,248, 14/47, 14/58,119, 14/60,171,197,208,216,231, 14/71, 14/109,128, 14/242, 14/156, 14/159, 14/166,250,256, 14/167, 14/168, 14/169, 14/170, 14/172, 14/173, 14/190, 14/200,204, 14/201, 14/207, 20/4,6,95, 20/7, 20/8, 20/9,23, 20/11,20, 20/13,19, 20/30, 20/32,33, 20/40,49,50, 20/44, 20/45, 20/63, 20/65, 20/83,84, 20/111, 21/10, 21/26, 21/45, 22/1,5, 22/2, 22/3, 22/6,7,8,9,10, 23/2,7,22, 23/3,13, 23/6, 23/8,23, 23/9, 23/10, 23/15,21, 23/26, 24/4,48, 24/7, 24/20, 24/31, 24/34,40,57,72, 24/35, 24/36, 24/37, 24/38, 24/41, 24/62, 25/8, 25/9,29, 25/18, 25/25, 25/26,27, 25/37, 25/59, 25/60. 

Klepp kommune. Gnr./bnr.

38/1, 38/2, 38/3, 38/5, 38/8, 38/19, 38/20, 39/1, 39/2,26, 39/3, 39/4,39, 39/5,34, 39/6,32, 39/7, 39/16, 40/1, 40/2,7,12,14,30, 40/3, 40/4,38, 40/5, 40/8, 40/9, 40/10, 40/16, 40/17, 40/21, 40/22, 40/33, 41/1, 41/3, 41/4, 41/5, 41/9,21, 41/10, 41/13, 41/18, 42/1, 42/5, 42/6, 42/8, 42/9, 42/10, 42/11,17, 42/15, 42/19, 44/1, 44/3, 44/4, 44/5,28, 44/6, 44/8, 44/10, 44/11, 44/22, 44/24, 44/31, 44/32,34,40, 51/13, 51/15, 51/17, 51/18, 51/19, 51/20, 51/21, 51/22, 51/23, 51/25, 51/27, 51/34,91,182, 51/44,77, 51/50, 51/61, 51/68, 51/69, 51/87,107, 51/90, 51/96, 51/97 51/102, 51/104, 51/114, 51/117, 51/124, 51/134, 51/135, 51/155, 51/172, 51/203, 52/1. 

Hå kommune. Gnr./bnr.

6/2, 6/3, 6/4, 6/5, 6/32, 6/49,50, 7/1, 7/2, 7/3, 7/4, 7/5,12, 7/6, 7/7,61, 7/9, 7/11,25,28, 7/21,60, 7/32, 7/56, 9/1, 9/2, 9/3, 9/4, 9/5, 9/6, 9/7, 10/1, 10/2, 10/4, 10/5, 10/6, 10/7, 11/1, 11/2,18, 11/3,15,19, 11/4,5, 11/6, 11/8, 11/11, 11/12, 11/20, 12/1, 12/2,14, 12/3, 12/6, 12/8, 12/12, 13/1,9, 13/3, 13/8, 14/1,7, 14/2, 14/3,8, 41/2,19, 41/4,11,14, 41/5,6,17, 41/20, 42/1, 42/13, 42/16, 42/21,22, 42/23, 42/86, 42/90, 42/126, 42/175, 55/4, 55/5, 55/9, 55/11, 56/1, 56/2, 56/6, 69/3,5, 69/12, 70/4, 70/5, 70/13, 70/14, 70/15, 70/16,21, 71/1, 71/6, 71/8, 71/10, 71/25, 91/38, 95/49,50, 95/54, 95/69,105,120, 95/127, 95/212, 95/272, 95/364, 95/365,368,444, 100/1, 100/5, 100/9, 100/20, 100/25, 100/27, 102/1, 102/2, 102/3, 103/2,18, 103/3, 103/4,9, 103/5, 103/6, 103/8, 103/13, 103/14,16,17, 103/25,26, 108/1, 108/87,102.

(Sist oppdatert oktober 2002).