Forskrift om verneplan for Frafjordheiane, vedlegg 1, vern av Frafjordheiane landskapsvernområde, Forsand, Gjesdal og Sirdal kommunar, Rogaland og Vest-Agder.

DatoFOR-2003-12-19-1681
PublisertII 2003 hefte 6
Ikrafttredelse19.12.2003
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forForsand, Gjesdal og Sirdal kommunar, Rogaland og Vest-Agder fylke.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, LOV-1970-06-19-63-§6, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort30.12.2003
KorttittelForskr. om Frafjordheiane landskapsvernområde

Fastsett ved Kronprinsreg.res. 19. desember 2003 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 5 og § 6, jf. § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrifter 30 jan 2004 nr. 508, 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

§ 1.Avgrensing

Landskapsvernområdet omfattar heile eller deler av følgjande gnr./bnr.: 

Forsand kommune: 22/1, 2, 3, 4, 5, 6, 15, 28, 32, 33, 34, 35, 36, 37, 38, 39, 40, 41, 42, 43, 44, 45, 46, 47, 48, 49, 50, 48/1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11, 12, 13, 25, 49/1, 2, 5, 6, 7, 8, 12, 50/1, 51/1, 2, 3, 4, 5, 53/1, 2, 54/1, 3, 4, 6, 8, 12. 

Gjesdal kommune: 55/1, 2, 3,4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11, 13, 15, 16, 18, 27, 28, 29, 52, 56/1, 2, 3, 57/1, 2, 58/1, 2, 59/1, 4, 5, 6, 9, 10, 60/1, 2, 3, 6, 61/1, 2, 3, 62/1, 2, 3, 4, 5, 63/1, 2, 3, 5, 64/1, 65/1, 2, 3, 6. 

Sirdal kommune: 10/1, 2, 3, 4, 6, 9, 11, 12, 13, 28, 29 og 11/1, 2, 3, 5, 6, 7 og 12/1, 2, 3.

Landskapsvernområdet dekker eit areal på 418,6 km² . Grensene for landskapsvernområdet går fram av kart i målestokk 1:50.000, datert Miljøverndepartementet desember 2003.

Dei nøyaktige grensene for landskapsvernområdet skal avmerkast i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskriftene m/kart skal oppbevarast i Forsand, Gjesdal og Sirdal kommunar, hjå Fylkesmannen i Rogaland og Fylkesmannen i Vest-Agder, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

§ 2.Føremål

Føremålet med opprettinga av Frafjordheiane landskapsvernområde er:

-å ta vare på eit representativt, særprega og vakkert landskap, med bratte fjord- og dalsider via lågheiar opp til glattskurt høgfjell.
-å ta vare på vatn og vassdrag, viktige leveområde for eit særmerkt plante- og dyreliv, geologiske landskapsformer, samt beite- og stølslandskap med automatisk freda og nyare tids kulturminne.
-å ta vare på ein særmerkt alm-/lindeskog med stor variasjon, storfrytledominert bjørkeskog, frisk fattigeng, nordvendte berg og urar, og elvar og flaumelvefar med oseaniske mosesamfunn i Røssdalen.

Allmenta skal ha høve til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv med lita grad av teknisk tilrettelegging.

§ 3.Vernereglar 
1. Inngrep i landskapet
1.1 Det må ikkje gjerast inngrep som vesentleg kan endra eller verka inn på landskapet sin art eller karakter.

Med dei unntak som følgjer av forskrifta pkt. 1.2 og 1.3 er det forbod mot inngrep som:

oppføring og ombygging av bygningar, anlegg og faste innretningar, framføring av røyr, luft- og jordleidningar, bygging av vegar og rasteplassar, oppsetting av autovern, drenering og anna form for tørrlegging, graving og påfylling av masse, bakkeplanering, sprenging og boring, bryting av steinar, mineral og fossil, fjerning av større steinar og blokker, bergverksdrift, vassdragsregulering, gjødsling, sprøyting med kjemiske middel, nydyrking, planting, såing, bygging av bruer og klopper, oppsetting av skilt, merking av stiar, løyper o.l. Kulturminne skal ikkje skadast eller øydeleggjast. Opplistinga er ikkje uttømmande.

Fylkesmannen avgjer i tvilstilfelle om eit tiltak kan endre landskapet sin art eller karakter vesentleg.

1.2 Reglane i pkt. 1.1 er ikkje til hinder for:
a)landbruksdrift, som støling, stenging og opning av skårfeste, anlegg og vedlikehald av gjerde og kve og liknande som er naudsynt for fedrifta.
b)drift og vedlikehald av jordbruksareal.
c)vedlikehald av bygningar.
d)vedlikehald av vegar og anlegg som ikkje fører til endra bruk eller funksjon.
e)vedlikehald av merka stiar og løyper, skilt, bruer og klopper i samsvar med forvaltningsplan.
f)vedlikehald av konsesjonsgjevne kraftanlegg, t.d. driftshytter, luker, dammar og radiolinkar. Bruk av motorisert transport skal skje etter lov om motorferdsel § 4e
g)Drift og vedlikehald av eksisterande kraftleidning. Bruk av motorisert transport skal skje etter lov om motorferdsel § 4e.
h)Naudsynt istandsetting ved akutt utfall. Ved bruk av motorisert transport skal det i etterkant sendast melding til vedkommande forvaltningsstyresmakt
i)Oppgradering/fornying av kraftleidning for heving av spenningsnivå og auking av linjetverrsnitt når dette ikkje krev vesentlege fysiske endringar i strid med verneføremålet.
1.3 Forvaltningsstyremakta kan etter søknad gje løyve til:
a)Ombygging og utviding av eksisterande bygningar og anlegg i samsvar med forvaltningsplanen.
b)Oppattbygging av bygningar som er gått tapt ved brann eller naturskade, og oppattbygging av nedfalne bygningar som høyrer med i det tradisjonelle bygningsmiljøet i området og som vil vere kulturhistorisk verdifulle.
c)Bygging av bruer og klopper.
d)Opparbeiding, merking og sikring av nye turstiar og løyper.
e)Oppføring av bygningar som er naudsynte i samband med landbruksdrift
f)Tilbygg og andre mindre bygg til allmenne friluftsføremål, i samsvar med forvaltningsplanen.
g)Oppgradering/fornying av kraftleidning som ikkje faller inn under pkt. 1.2
h)Framføring av nye kraftliner, kablar eller teleliner.
i)Etablering av kystverket sine anlegg som er naudsynt for tryggleiken på sjøen.
j)Etablering av fortøyingsfeste for fiskereiskap, båtar og havbruksanlegg, brygger og naust. 
2. Plantelivet
2.1 Innføring av nye planteartar er forbode.
2.2 Beite er tillate. Miljødirektoratet kan ved forskrift regulere beiting som skader landskapet sin art og karakter.
2.3 Uttak av ved og tømmer er tillate. Ved uttak av furutømmer skal ein ta vare på det naturlege skogsbiletet ved å nytte lukka hogstformer og plukkhogst i samråd med forvaltningsstyremakta.
2.3 I Røssdalen er hogst av gran tillate. Anna hogst skal skje i medhald av plan som er godkjent av forvaltningsstyremakta. 
3. Dyrelivet
3.1 Nye dyrearter må ikkje innførast.
3.2 Jakt er tillate i samsvar med gjeldande lover og reglar.
3.3 Fiske er tillate etter lakse- og innlandsfiskelova. 
4. Ferdsel
4.1 All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyns til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.
4.2 Reglane i denne forskrifta er ikkje til hinder for tradisjonell turverksemd til fots i regi av turistforeiningar, skular, barnehagar, ideelle lag og foreiningar.

Anna organisert ferdsel og ferdselformer som kan skade naturmiljøet må ha særskilt løyve av forvaltningsstyremakta, jf. forvaltningsplan.

4.3 Sykling og organisert bruk av hest er berre tillate på vegar og trasear som er fastlagt gjennom forvaltningsplan.
4.4 Innafor nærare avgrensa delar av landskapsvernområdet kan Miljødirektoratet ved forskrift regulere ferdsel som kan vere til skade for naturmiljøet. 
5. Motorferdsel
5.1 Motorferdsel er forbode på land og i vatn.

Flyging lågare enn 300 m over bakken, og landing og start med motordrivne luftfarty er forbode. Henting og bringing av passasjerar og gods, der luftfartyet ikkje er nær bakken, er og forbode.

5.2 Forbodet i punkt 5.1 gjeld ikkje:
a)ruteflyging, motorferdsel ved militær operativ verksemd, politi-, rednings-, brannvern-, og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsel- og forvaltningsoppgåver. Øvingskøyring i samband med desse føremåla krev særskild løyve.
b)motorisert ferdsel på frosen eller snødekt mark i samband med skogsdrift
c)militær lågtflyging.
5.3 Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:
a)bruk av båt med motor, motorkøyrety på frosen eller snødekt mark, eller luftfarty i samband med:
-husdyrhald
-storviltjakt
-fiske
-transport av varer inn til hytter og stølar
-transport av materialar til vedlikehald og byggearbeid på hytter, klopper o.l.
-kvisting av skiløyper
-øvingsverksemd
-kalking.
b)bruk av motorkøyrety på barmark i samband med:
-frakt av sjuke, skadde eller daude husdyr
-frakt av elgslakt.
-skogsdrift 
6. Ureining
6.1 Ureining og forsøpling er forbode, samt bruk av kjemiske middel som kan påverke naturmiljøet.
6.2 Ikkje naudsynt støy er forbode. Det er ikkje tillate å bruke motor på modellfly, modellbåt o.l.
0Endra med forskrift 30 jan 2004 nr. 508, 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 4.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå reglane når føremålet med vernet krev det, for vitskaplege granskingar og arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi, eller i andre særlege høve når dette ikkje er i strid med føremålet med vernet.

§ 5.Forvaltningsplan

Forvaltningsstyresmakta kan setja i verk tiltak for å fremja føremålet med vernet. Det skal utarbeidast ein forvaltningsplan med nærare retningsliner for forvaltning, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon mv. Forvaltningsplanen skal godkjennast av Miljødirektoratet.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 6.Forvaltningsstyresmakt

Miljødirektoratet fastset kven som er forvaltningsstyresmakt for landskapsvernområdet.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 7.Rådgjevande utval

Det kan opprettast eit rådgjevande utval for forvaltninga av landskapsvernområdet.

§ 8.Ikrafttreding

Denne forskrifta trer i kraft straks.