Forskrift om verneplan for Frafjordheiane, vedlegg 2, vern av Migaren naturreservat, Gjesdal kommune, Rogaland.

DatoFOR-2003-12-19-1682
PublisertII 2003 hefte 6
Ikrafttredelse19.12.2003
Sist endret
Endrer
Gjelder forGjesdal kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort30.12.2003
KorttittelForskrift om Migaren naturreservat

Fastsett ved Kronprinsreg.res. 19. desember 2003 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22, og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

§ 1.Avgrensing

Naturreservatet omfattar følgjande gnr./bnr. i Gjesdal kommune: 55/1,2,3,4,5,7,8,9,13,27,52, 56/2, 57/1,2.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca 0,5 km² . Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:5.000, datert Miljøverndepartementet desember 2003.

Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal avmerkast i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskriftene m/kart skal oppbevarast i Gjesdal kommune, hjå Fylkesmannen i Rogaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

§ 2.Føremål

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit spesielt naturområde med ein særprega naturrikdom i form av naturtypar, artar og naturlege økologiske prosessar. Området har rik edellauvskog med alm, ask og lind, og med innslag av styvingstre, som også er leveområde for m.a fleire sjeldne mose- og lavartar og insektsamfunn. Området har stor verdi som vitskapeleg referanseområde.

§ 3.Vernereglar

For naturreservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjon er freda mot skade og øydelegging.

Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje innførast. Planting eller såing av tre er ikkje tillate.

2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging.

Nye dyrearter må ikkje innførast.

3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og permanente og førebelse innretningar, framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, dumping av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske midlar. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Motorisert ferdsle er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.
§ 4.Generelle unntak

Reglane i § 3 er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd, ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings-, oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsel og forvaltning som er bestemt av forvaltningsstyresmakta.
2.Sanking av bær og matsopp.
3.Beite.
4.Jakt etter føresegnene i viltlova.
5.Vedlikehald av sti i samråd med forvaltningsstyresmakta
§ 5.Eventuelle unntak etter søknad

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Vedhogst.
2.Utbetring og vedlikehald av eksisterande brønnar, og naudsynt motorisert ferdsle i samband med dette.
§ 6.Eventuell regulering av ferdsel

Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til fredingsføremålet ved forskrift forby eller regulere ferdsle i heile eller delar av naturreservatet.

§ 7.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når føremålet med fredinga krev det, for vitskapelege granskingar, arbeid av vesentleg samfunnsmessig interesse eller i andre særlege høve når dette ikkje er i strid med føremålet med fredinga.

§ 8.Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta kan setje i verk skjøtselstiltak for å fremje fredingsføremålet. Det kan utarbeidast forvaltningsplan, som kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

§ 9.Forvaltningsstyresmakt

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal vere forvaltningsstyresmakt for naturreservatet.

§ 10.Ikrafttreding

Denne forskrifta trer i kraft straks.