Forskrift om verneplan for Frafjordheiane, vedlegg 3, vern av Ørestø naturreservat, Gjesdal kommune, Rogaland.

DatoFOR-2003-12-19-1683
PublisertII 2003 hefte 6
Ikrafttredelse19.12.2003
Sist endret
Endrer
Gjelder forGjesdal kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort30.12.2003
KorttittelForskrift om Ørestø naturreservat

Fastsett ved Kronprinsreg.res. 19. desember 2003 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22, og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

§ 1.Avgrensing

Naturreservatet omfattar deler av gnr./bnr.: 55/1,2,4,6,7,8,9,10,13,16,18 i Gjesdal kommune.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca 0,7 km² . Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:5.000 datert Miljøverndepartementet desember 2003.

Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal avmerkast i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskriftene m/kart skal oppbevarast i Gjesdal kommune, hjå Fylkesmannen i Rogaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

§ 2.Føremål

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit spesielt naturområde, der gradienten frå sjøen og opp til lågheia går gjennom edellauvskog, naturleg furuskog, bjørkeskog og vidare opp til skogsnaue, fuktige lyngheiar. Området har stor naturrikdom i form av naturtypar, økosystem, artar og naturlege økologiske prosessar, og har stor verdi som vitskapeleg referanseområde. Den eigenarta edellauvskogen med lind, eik og ask og mange styvingstre er leveområde for ein svært interessant lav- og moseflora. Området har eit rikt fugleliv, og er eit viktig hekkeområde for spurvefugl og hakkespettar.

§ 3.Vernereglar

For naturreservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjon er freda mot skade og øydelegging.

Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje innførast. Planting eller såing av tre er ikkje tillate.

2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging.

Nye dyrearter må ikkje innførast.

3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og permanente og førebelse innretningar, framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, dumping av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske midlar. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Motorisert ferdsel er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.
§ 4.Generelle unntak

Reglane i § 3 er ikkje til hinder for:

Gjennomføring av militær operativ verksemd, ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings-, oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsel og forvaltning som er bestemt av forvaltningsstyresmakta.

Føresegnene i § 3, pkt. 1-3, er ikkje til hinder for:

1.Sanking av bær og matsopp.
2.Beite.
3.Jakt etter føresegnene i viltlova.
4.Vedlikehald av sti i samråd med forvaltningsstyresmakta.
§ 5.Eventuelle unntak etter søknad

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Vedhogst
2.Etablering av kystverket sine anlegg som er naudsynt for tryggleiken på sjøen.
§ 6.Eventuell regulering av ferdsel

Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til fredingsføremålet ved forskrift forby eller regulere ferdsel i heile eller delar av naturreservatet.

§ 7.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når føremålet med fredinga krev det, for vitskapelege granskingar, arbeid av vesentleg samfunnsmessig interesse eller i andre særlege høve når dette ikkje er i strid med føremålet med fredinga.

§ 8.Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta kan setje i verk skjøtselstiltak for å fremje fredingsføremålet. Det kan utarbeidast forvaltningsplan, som kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

§ 9.Forvaltningsstyresmakt

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal vere forvaltningsstyresmakt for naturreservatet.

§ 10.Ikrafttreding

Denne forskrifta trer i kraft straks.