Forskrift for bruk av motorfartøy på vassdrag og for landing og start med luftfartøy i utmark og vassdrag, Voss kommune, Hordaland.

DatoFOR-2004-02-19-441
PublisertII 2004 hefte 1
Ikrafttredelse04.03.2004
Sist endret
Endrer
Gjelder forVoss kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§5, LOV-1977-06-10-82-§6
Kunngjort04.03.2004
KorttittelForskrift om bruk av motorfartøy, Voss

Kapitteloversikt:

Fastsett av Voss kommunestyre 19. februar 2004 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag § 5 og § 6. 

1.Med heimel i § 4, tredje ledd i lova vert det sett eit generelt forbod mot å nytta større motor enn 7 HK (4 takts motor; opptil 10 HK) på motorfartøy som skal nyttast på vassdrag i Voss. På vatn mindre enn 2 km² er bruk av motorfartøy ikkje tillatt.
2.Med heimel i § 4, tredje ledd i lova vert det sett forbod mot ferdsle med motorfartøy i Melsvatnet, Lønavatnet og elva mellom desse.
3.For Vangsvatnet er det utarbeida soner for ulike brukargrupper (jf. kart datert 19. februar 2004). Med heimel i § 4, tredje ledd i lova kan det gjevast løyve til bruk av motorfartøy over 7 HK i sone 1. I sone 2 er det ikkje tillatt å nytta større motor enn 7 HK (opptil 10 HK ved 4 takts motor)
4.Med heimel § 5 bokstav a i lova vert det gjeve løyve til landing og start med luftfartøy på Oppheimsvatnet og deler av Vangsvatnet (jf. soneinndeling). I Vangsvatnet er landing og start med luftfartøy er kun tillatt i sone 1.
5.I medhald av § 6 i lova kan det gjevast løyve etter søknad. Avgjerdsmynde i kurante saker vert lagt til rådmannen. Andre saker skal leggjast fram for utval for miljø- og kultur (MKU).

Vedlegg

mv-20040219-0441.gif