Forskrift til lov om motorferdsel i utmark og vassdrag, Odda kommune, Hordaland.

DatoFOR-2004-05-26-1153
PublisertII 2004 hefte 4
Ikrafttredelse26.05.2004
Sist endretFOR-2004-11-03-1513
Endrer
Gjelder forOdda kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1977-06-10-82
Kunngjort12.08.2004
KorttittelForskrift om motorferdsel i utmark, Odda

Fastsett av Odda kommunestyre 26. mai 2004 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag. Endra 3 nov 2004 nr. 1513. 

§ 1.Til § 4, siste leden - innsjøar over 2 km²

Odda kommune opphevar gjeldande lokal forskrift som innskrenkar motorferdslen på Sandvinsvatnet. Ferdslen vert regulert av dei innskrenkingar som følger av lov om motorferdsel i utmark og vassdrag, og sentrale forskrifter til denne. Avgrensninga på 10 hk som låg i den gamle forskrifta vert oppretthalde. Det vert gjeve unntak for eventuelle organiserte vassportaktivitetar knytt til reiselivssatsing.

§ 2.Til § 5 b

Landing og start med sjøfly er grunna jakt/fiske berre tillatt i tida 1. juli til 30. september og avgrensa til fylgjande vatn og landingsstader:

-Ståvatnet
-Holmavatnet
-Håvardsvatnet
-Nedre Hellevatn
-Valdalsvatnet
-Nibbehølsvatnet
-Votna
-Langavatnet.

Start og landing på Røldalsvatnet med sjøfly er tillate heile året.

Løyvet gjeld berre selskap eller enkeltpersoner som driv godkjent næringsmessig lufttransport. Dei som vil driva slik transport, må melda frå til kommunen for kvart år.

Elles etter serleg løyve etter § 6 i motorferdsellova.

Landing og start med helikopter er berre tillate etter serskilt søknad og løyve gjeve i medhald av motorferdsellova, § 6.

0Endra med forskrift 3 nov 2004 nr. 1513.
§ 3.Motorferdsle som skal gå over område i fleire kommunar

Dersom motorferdsle må gå over i fleire kommunar - og ein eller fleire av desse krev løyve i samsvar med motorferdsellovas § 6 - må slikt løyve innhentast frå kvar kommune som krev dette.

Den kommunen som transporten tek til i, avgjer søknaden etter at dei andre kommunane har gjeve si fråsegn.

§ 4.Ikrafttreden

Forskriften trer i kraft straks.