Forskrift om verneplan for myr i Sogn og Fjordane, vedlegg 16, freding av Svarteliåsmyra naturreservat, Gaular kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2004-06-18-947
PublisertII 2004 hefte 3
Ikrafttredelse16.06.2004
Sist endret
Endrer
Gjelder forGaular kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort24.06.2004
KorttittelForskrift om Svarteliåsmyra naturreservat

Fastsett ved kgl.res. 18. juni 2004 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremma av Miljøverndepartementet.

§ 1.Avgrensing

Reservatet gjeld følgjande gnr./bnr.: 107/1, 107/2, 110/2 i Gaular kommune.

Reservatet dekkjer eit totalareal på 594 dekar. Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:5.000 dagsett Miljøverndepartementet juni 2004. Dei nøyaktige grensene for reservatet skal avmerkast i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Kartet og fredingsforskrifta er tilgjengeleg i Gaular kommune, hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane fylke, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

§ 2.Føremål

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit myrrikt høgdedrag med ei stor planmyr og ulike typar av nedbørsmyr og jordvassmyr, til dels i veksling med skog. Føremålet er å sikre myr- og vegetasjonstypar i mest mogleg naturleg tilstand med naturleg plante- og dyreliv.

§ 3.Vernereglar

For naturreservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjon, medrekna daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje førast inn. Planting eller såing er ikkje tillate.
2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging. Nye dyreartar må ikkje førast inn.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og varige og midlertidige innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, gjerde, jordkablar eller kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, utføring av kloakk eller andre konsentrerte ureiningar, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske middel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Motorisert ferdsel på land og på vatn er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.
5.Bruk av reservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode. Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til verneføremålet ved forskrift forby eller regulere ferdsla i heile eller delar av naturreservatet.
6.Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding utanom eksisterande vegar er forbode.
§ 4.Generelle unntak

Reglane i § 3 er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsærend, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta. Øvingskøyring i samband med slike føremål krev særskilt løyve.

Reglane i § 3 pkt. 1-3 er ikkje til hinder for:

2.Sanking av bær og matsopp.
3.Jakt i samsvar med viltlova.
4.Fiske i samsvar med lakse- og innlandsfisklova.
5.Beiting. Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til verneføremålet ved forskrift regulere beitetrykket i heile eller delar av naturreservatet.
6.Vedlikehald av anlegg som er i bruk på fredingstidspunktet.
7.Brenning av bål med brensel frå området
§ 5.Eventuelle unntak etter søknad

Forvaltingsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Naudsynt motorferdsel i samband med aktivitetar nemnde i § 4 nummer 3 og 6.
2.Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stiar, løyper og gamle ferdselsvegar.
3.Hogst av produktiv skog, og naudsynt motorferdsel i samband med dette.
4.Avgrensa bruk av reservatet som nemnt i § 3 nummer 5.
5.Vedlikehald og skjøtsel av kulturminne.
6.Vedlikehald og preparering av skiløyper etter etablerte traséar.
7.Oppsetjing av gjerde.
§ 6.Skjøtsel

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje fredingsføremålet. Det kan utarbeidast forvaltingsplan, som kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

§ 7.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når føremålet med fredinga krev det, for vitskaplege undersøkingar, arbeid av vesentleg verdi for samfunnet og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

§ 8.Forvaltingsmynde

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal ha forvaltingsmynde etter denne forskrifta.

§ 9.Iverksetjing

Denne forskrifta tek til å gjelde straks.