Forskrift til lov om motorferdsle i utmark og på vassdrag, Aurland kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2004-09-16-1355
PublisertII 2004 hefte 5
Ikrafttredelse16.09.2004
Sist endretFOR-2010-02-18-319
Endrer
Gjelder forAurland kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§4, LOV-1977-06-10-82-§5, FOR-1988-05-15-356
Kunngjort21.10.2004
KorttittelForskrift om motorferdsle i utmark, Aurland

Kapitteloversikt:

Fastsett av Aurland kommunestyre 16. september 2004 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag § 4 siste ledd og § 5 bokstav b og forskrift 15. mai 1988 nr. 356 for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag. Endra med forskrift 18 feb 2010 nr. 319.

I

Denne forskrifta gjeld for motorisert ferdsle i utmark og på vassdrag i Aurland kommune, og utfyller dei bestemmelsar som er gjevne i lov 10. juni 1977 nr. 82 og forskrift 15. mai 1988 nr. 356 for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag.

§ 1.I Aurland kommune er all ferdsle med motorfartøy på vassdrag forbode.
§ 2.Utan hinder av § 1 er det likevel lov å bruke motorfartøy (motorbåt) med motoryting inntil 10 hk på fylgjande vatn/vassdrag i Aurland kommune:
-Konghellervatnet
-Langavatn/Adamsvatn
-Nyhellervatnet
-Store Vargevatnet
-Svartavatnet
-Vestredalsmagasinet
-Store Liavatnet
-Viddalsmagasinet
-Vassbygdevatn
-Katlamagasinet
-Vetlebotnvatnet.
0Endra med forskrift 18 feb 2010 nr. 319.
§ 3.(Opphevd med forskrift 18 feb 2010 nr. 319).)

II

Forskrifta trer i kraft 16. september 2004.