Forskrift om vern av Geiranger-Herdalen landskapsvernområde, Stranda og Norddal kommunar, Møre og Romsdal.

DatoFOR-2004-10-08-1310
PublisertII 2004 hefte 5
Ikrafttredelse08.10.2004
Sist endretFOR-2015-02-09-1908
Endrer
Gjelder forStranda og Norddal kommunar, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, LOV-1970-06-19-63-§6, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort08.10.2004
Rettet11.10.2004 § 1.
KorttittelForskrift om Geiranger-Herdalen LV-område

Fastsett ved kgl.res. 8. oktober 2004 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 5 og § 6, jf. § 21, § 22 og § 23. Fremma av Miljøverndepartementet. Endra med forskrifter 26 nov 2008 nr. 1671, 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013), 9 feb 2015 nr. 1908. 

§ 1.Avgrensing

Landskapsvernområdet omfatter følgjande gnr./bnr.:

Norddal kommune: 37/1, 37/2, 37/3, 37/4, 37/5, 37/6, 37/7, 37/8, 38/1, 42/1, 43/1, 44/1, 44/3, 45/1, 46/1, 47/1, 47/2, 47/3, 49/1, 49/2, 49/3, 49/4, 49/5, 49/7, 49/8, 49/9, 49/10, 49/11, 49/12, 49/13, 49/14, 49/21, 50/1, 50/2, 51/1, 51/2, 51/3, 52/1, 52/2, 52/3, 52/4, 52/5, 52/6, 53/1, 53/2, 53/3, 53/4, 53/5, 53/6, 53/7, 53/8, 53/9, 54/1, 54/2, 54/3, 54/4, 54/5, 61/1, 61/2, 61/3, 61/4, 62/1, 62/2, 62/3, 63/1, 63/2, 63/3, 63/4, 63/5, 64/1, 64/2, 64/3, 64/4, 64/19, 65/1, 65/2, 65/3, 65/4, 65/5, 65/6, 65/7, 66/1, 66/2, 66/3, 66/4, 67/1, 67/2, 67/3, 69/1, 69/2, 69/3, 69/4, 69/5, 69/6, 69/7, 69/8, 69/9, 70/1, 71/1, 71/2, 72/1, 72/2, 72/3, 72/7, 73/1, 73/2, 73/3, 73/4, 73/5, 73/6, 73/7, 73/8, 74/1, 75/1, 75/2, 75/3, 75/4, 76/1, 76/2, 76/3, 77/1, 78/1, 78/2, 79/1. 0

Stranda kommune: 11/1, 12/1, 59/1, 59/3, 59/4, 59/6, 60/1, 60/2, 60/4, 60/6, 64/1, 64/2, 64/3, 64/4, 64/5, 64/6, 64/7, 64/8, 64/9, 64/10, 65/1, 65/2, 65/3, 65/4, 65/5, 65/6, 92/1, 93/1, 93/3, 94/1, 94/2, 95/1, 95/2, 96/1, 96/2, 97/1, 98/1, 98/2, 99/1, 99/2, 100/1, 100/2, 100/3, 101/1, 101/2, 101/3, 101/4, 102/1, 103/1, 103/2, 104/1, 104/2, 105/1, 106/1, 106/2, 106/3, 107/1, 107/2, 108/1, 109/1, 109/2, 110/1, 111/1, 111/2, 111/7, 112/1, 112/2, 112/3, 113/1, 113/2, 114/1, 114/4, 114/11, 115/1, 115/2, 116/1, 116/2, 116/3, 117/1, 117/2, 117/5, 118/1, 118/2, 118/3, 118/12, 119/1, 119/2, 119/3, 119/4, 119/5, 119/6, 119/11, 119/12, 119/13, 119/14, 120/1, 120/2, 120/3, 120/4, 120/5, 120/11, 120/18, 120/24, 121/1, 121/2, 121/3, 121/4, 122/1, 122/2, 122/3, 122/4, 123/1, 123/2, 123/5, 124/1, 124/2, 125/1, 125/2, 125/3, 125/4, 126/1, 127/1, 127/2, 128/1.

Landskapsvernområdet dekker eit areal på ca. 498 km² .

Grensene for landskapsvernområdet går fram av kart i målestokk 1:50 000, datert Klima- og miljødepartementet februar 2015.

Dei nøyaktige grensene for landskapsvernområdet skal avmerkast i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskriftene m/kart skal oppbevarast i Stranda og Norddal kommunar, hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet.

0Endra med forskrifter 26 nov 2008 nr. 1671, 9 feb 2015 nr. 1908.
§ 2.Føremål

Føremålet med opprettinga av Geiranger-Herdalen landskapsvernområde er å:

-Ta vare på eit særprega og vakkert fjord- og fjellandskap med eit rikt og variert plante- og dyreliv.
-Ta vare på viktige kulturlandskap der fjordgardar, setermiljø og kulturminne utgjer ein vesentleg del av landskapet sin eigenart.
-Ta vare på geologiske førekomstar og landskapsformer.
§ 3.Verneføresegner 
1. Inngrep i landskapet
1.1 Området skal vernast mot inngrep som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapet sin art eller karakter. Med dei unntaka som følgjer av forskrifta pkt. 1.2 og 1.3 er det forbod mot inngrep som vegbygging, oppføring og ombygging av bygningar eller anlegg, bergverksdrift, vassdragsregulering, graving og påfylling av masse, sprenging og boring, bryting av steinar, mineral og fossil, fjerning av større steinar og blokker, drenering og anna form for tørrlegging, nydyrking, nyplanting, bakkeplanering, framføring av luft- og jordleidningar, bygging av bruer og klopper, oppsetting av skilt, merking av stiar, løyper o.l. Kulturminne skal ikkje skadast eller øydeleggjast. Opplistinga er ikkje uttømmande.

Forvaltningsstyresmakta avgjer i tvilstilfelle om eit tiltak kan endre landskapet sin art eller karakter vesentleg.

1.2 Reglane i pkt. 1.1 er ikkje til hinder for:
a)drift og skjøtsel av bygningar, anlegg og andre innretningar
b)vedlikehald av merka stiar, skilt, bruer og løyper i medhald av forvaltningsplan, jf. § 5
c)drift og skjøtsel av jordbruksareal og setervollar
d)anlegg av sanketrøer og nødvendig gjerding
e)vedlikehald av eksisterande vegar
f)drift og vedlikehald av eksisterande energi- og kraftanlegganlegg. Bruk av motorisert transport krev særskilt løyve, jf. pkt. 5.3
g)nødvendig istandsetting av energi- og kraftanlegganlegg ved akutt utfall. Ved bruk av motorisert transport skal det i etterkant sendes melding til forvaltningsstyresmakta
h)oppgradering/fornying av kraftleidningar for heving av spenningsnivå og auking av linjetverrsnitt når dette ikkje medfører vesentlige fysiske endringar i forhold til verneformålet
i)drift og vedlikehald av Kystverket sine anlegg.
1.3 Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:
a)ombygging og utviding av eksisterande bygningar
b)gjenoppføring av bygningar som er gått tapt ved brann eller naturskade
c)oppføring av driftsbygningar for landbruksverksemd
d)restaurering eller istandsetting av kulturminne/kulturmiljø i samsvar med forvaltningsplan, jf. § 5
e)bygging av bruer og klopper
f)bygging av brygger for iland- og ombordstiging
g)omlegging og opprusting av eksisterande vegar
h)nydyrking og beitekultivering
i)framføring av jordleidningar
j)uttak av sand og grus til eige bruk
k)opparbeiding og merking av nye turstiar og løyper
l)prøveboring og etablering av naudsynte luftesjakter i samband med underjordisk bergverksdrift med uttaksstad utanfor verneområdet
m)oppføring av nye anlegg, flytting av anlegg, og tilbygg til eksisterande anlegg for Kystverket
n)etablering av landfeste for fortøyingar av merdanlegg som ligg i Norddalsfjorden og Tafjorden
o)oppgradering/fornying av eksisterande kraftleidningar som ikkje faller under punkt 1.2
p)nye kraftleidningar. Etter søknad kan løyve gis om planlagde anlegg ikkje er i direkte konflikt med verneforskrifta. 
2. Plantelivet
2.1 Plantelivet skal vernast mot skade og øydelegging. Innføring av nye planteartar er forbode.
2.2 Beiting er tillate.
2.3 Skogsdrift og uttak av ved skal skje i medhald av eigen plan som er godkjent av forvaltningsstyresmakta. Ein plan skal normalt byggje på følgjande retningsliner:
-lukka hogstformer bør nyttast
-eventuelle hogstflater skal ikkje overstige 3 daa
-områder som vesentleg pregar skogbiletet skal bevarast
-bekkedalar, urskogslommer, koller og skogsfuglleikar skal bevarast
-bestand med edellauvskog og areal med fuktskog skal ikkje hoggast ut
-etablering av ny skog skal helst skje ved naturleg forynging
-ved behov kan suppleringsplanting nyttast. 
3. Dyrelivet
3.1 Jakt er tillate etter viltlova.
3.2 Fiske er tillate etter lakse- og innlandsfiskelova.
3.3 Fangst og fiske i sjø er tillate etter saltvassfiskelova.
3.4 Havbeite utan synlege anlegg i overflata er tillate. 
4. Ferdsel
4.1 All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.
4.2 Reglane i denne forskrifta er ikkje til hinder for tradisjonell turverksemd til fots i regi av turistforeiningar, skoler, barnehagar, ideelle lag og foreiningar.

Anna organisert ferdsel og ferdselsformer som kan skade naturmiljøet må ha særskilt løyve av forvaltningsstyresmakta, jf. forvaltningsplan etter § 5.

4.3 Innafor nærmare avgrensa delar av landskapsvernområdet kan Miljødirektoratet ved forskrift regulere eller forby ferdsel som kan være til skade for naturmiljøet.
4.4 Reglane i punkt 4 gjeld ikkje nødvendig ferdsel i samband med militær operativ verksemd, politi-, rednings-, brannvern- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver som er bestemt av forvaltningsstyresmakta. 
5. Motorferdsel
5.1 Motorferdsel er forbode på land og i vatn.
5.2 Forbodet i punkt 5.1 gjeld ikkje:
a)motorferdsel ved militær operativ verksemd, politi-, rednings-, brannvern- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver som er bestemt av forvaltningsstyresmakta
b)bruk av motorbåt på Geirangerfjorden og Sunnylvsfjorden
c)motorferdsel på og ved innmark i samband med drift av jordbruksareal
d)bruk av beltegåande elgtrekk
e)bruk av båt med motor i samband med fiske i innsjø større enn 2 km²
f)motorferdsel i samband med skogsdrift som er tillate etter pkt. 2.3
g)motorferdsel på vegar som er avmerka/godkjent i forvaltningsplan, jf. § 5
h)motorferdsel i køyrespor frå RV 63 til Kolbeinsvatnet for drift av kraftanlegg.
5.3 Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til bruk av båt med motor, beltekjøretøy på vinterføre eller luftfartøy i samband med:
a)øvingsverksemd, jf. pkt. 5.2 a)
b)husdyrhald
c)storviltjakt, jf. pkt. 3.1
d)fiske, jf. pkt. 3.2
e)transport av varer inn til hytter og stølar
f)transport av materialar og utstyr til vedlikehald og byggearbeid på anlegg, bygningar, klopper o.l.
g)oppkøyring og preparering av skiløyper og skibakkar
h)prøveboring og etablering av naudsynte luftesjakter i samband med underjordisk bergverksdrift med inngang utanfor verneområdet
i)naudsynt transport ved drift og vedlikehald av kraftanlegg. Ved akutte behov for slik transport, utan at det er gitt løyve, skal det sendast melding. 
6. Forureining
6.1Forureining og forsøpling er forbode samt bruk av kjemiske midlar som kan påverke naturmiljøet.
6.2Unødvendig støy er forbode. Eksempel på dette er motor på modellfly og modellbåter. Lista er ikkje uttømmande.
0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 4.Generelle dispensasjonsføresegner

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå bestemmingane når føremålet med vernet krev det, for vitskaplege undersøkingar og arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi, eller i andre særlege tilfelle når dette ikkje strir mot føremålet med vernet.

§ 5.Forvaltningsplan

Forvaltningsstyresmakta kan iverksette tiltak for å fremme føremålet med vernet. Det skal utarbeidast ein forvaltningsplan med nærare retningsliner for forvaltning, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon mv. Forvaltningsplanen skal godkjennast av Miljødirektoratet.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 6.Forvaltningsstyresmakt

Miljødirektoratet fastset kven som er forvaltningsstyresmakt for landskapsvernområdet.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 7.Rådgjevande utval

Det kan opprettast eit rådgjevande utval for forvaltninga av landskapsvernområdet.

§ 8.Ikrafttreding

Denne forskrifta trer i kraft straks.