Forskrift om verneplan for Bleia. Vern av Bleia naturreservat, Lærdal kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2004-10-08-1324
PublisertII 2004 hefte 5
Ikrafttredelse08.10.2004
Sist endret
Endrer
Gjelder forLærdal kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort11.10.2004
KorttittelForskrift om Bleia naturreservat

Fastsett ved kgl.res. 8. oktober 2004 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22, og § 23. Fremma av Miljøverndepartementet. 

§ 1.Avgrensing

Naturreservatet gjeld følgjande gnr./bnr. i Lærdal kommune: Lærdal Vestre statsallmenning (samnemning for gnr./bnr. 85/1 Hausen statsallmenning og 85/4 Bleia statsallmenning) og gnr./bnr. 125/1, 41/2 og 41/6.

Naturreservatet dekkjer eit areal på ca 21,8 km² . Grensa ved sjøen går 5 m frå land i vatnspeilet ved lågaste normal fjøre sjø. Grensene for reservatet går fram av kart i målestokk 1:50.000 datert Miljøverndepartementet oktober 2004.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Forskrifta med kart blir oppbevart i Lærdal kommune, hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

§ 2.Føremål

Føremålet med fredinga er å sikre ein lokalitet med urvalmue (Papaver radicatum ssp. relictum) av særleg vitskapleg verdi og eit særmerkt fjordlandskap sin kvartærgeologi med uvanleg storskala ravinar og fjellryggar, og med eit botanisk og urskogprega verdfullt område frå fjord til høgfjell.

§ 3.Vernereglar

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjon, medrekna daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje førast inn. Planting og såing av tre er ikkje tillate.
2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hi-område, er freda mot skade, plukking og øydelegging. Det er ikkje tillate å føre inn nye dyreartar.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak og inngrep som kan endre naturmiljøet, som t.d. bergverksdrift, oppføring av bygningar, anlegg og varige og midlertidige innretningar, plassering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av kloakkleidningar og luftleidningar, bygging av vegar, opparbeiding og merking av stiar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller tilførsel av konsentrert forureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode.

Opplistinga er ikkje uttømmande.

4.Motorisert ferdsel, på land og i vatn er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy. Lågtflyging under 300 meter over bakken er forbode.
5.Idrettsarrangement, jaktprøver og annan organisert bruk av reservatet er forbode.
6.Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding er forbode.
7.Direktoratet for naturforvaltning kan ved forskrift av omsyn til fredingsformålet forby eller regulere ferdsel i heile eller delar av reservatet.
8.Beiting er tillate. Direktoratet for naturforvaltning kan ved forskrift forby eller regulere beiting som kan skade eller øydeleggje verneverdiane.
§ 4.Unntak

Reglane i § 3 er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning, oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta. Motorferdsel i samband med øving krev særskilt løyve.
2.Militær lågtflyging.
3.Sanking av bær og matsopp.
4.Organiserte turar (turlagsturar o.l.) utanfor inste Drøfta, avgrensa av Lemeggi og Hausanosi/Hausafjellet.
5.Jakt etter viltlova og saltvassfiskelova.
6.Fiske etter innlandsfiskelova og saltvassfiskelova.
7.Havbeite utan synlege anlegg i overflata.
8.Uttak av ved (enkelttre) til bruk på hytter i området. Særmerkte, og dekorative og daude tre skal ikkje fellast.
9.Vedlikehald av bygningar og anlegg som er i bruk på fredingstidspunktet.
10.Motorferdsel i sjø.
11.Fortøying av båtar til land og bruk av landfeste for fiske.
12.Slått på innmarka på indre Frønningen og naudsynt motorferdsel for å gjennomføre dette.
13.Drift og vedlikehald av Kystverket sine anlegg, og motorisert ferdsel på fjorden i samband med dette.
14.Bruk av kløvhest i samband med jakt.
§ 5.Eventuelle unntak etter søknad

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande og nye stiar, løyper og gamle ferdselsvegar.
2.Oppføring av bygningar på gamle murar på den nedlagde garden Hausen
3.Avverking av plantefelt og uttak av framande treslag.
4.Avgrensa bruk av reservatet i samband med undervisning.
5.Opplag av båtar.
6.Oppsetjing av nye fortøyingsinnretningar.
7.Skjøtsel og istandsetjing av kulturminne.
8.Tillaging av båtstø for fjellstyrehytta ved sjøen i indre Drøfta.
9.Oppføring av nye anlegg, flytting av anlegg, og tilbygg til eksisterande anlegg for sikker ferdsel og navigasjon.
10.Bruk av beltegåande «elgtrekk» i området frå Roti til Sovastubbene for utfrakting av felt hjortevilt. Løyve kan gjevast for fleire år.
§ 6.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når formålet for fredinga krev det, og dessutan for vitskaplege undersøkingar, arbeid som er særleg viktig for samfunnet og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot formålet med fredinga.

§ 7.Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje fredingsformålet. Det kan lagast forvaltningsplan som kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

§ 8.Forvaltningsstyresmakt

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal ha forvaltningsstyresmakt etter denne forskrifta.

§ 9.Ikrafttreding

Denne forskrifta trer i kraft straks.