Forskrift om verneplan for Bleia. Vern av Bleia-Storebotnen landskapsvernområde, Aurland og Lærdal kommunar, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2004-10-08-1325
PublisertII 2004 hefte 5
Ikrafttredelse08.10.2004
Sist endret
Endrer
Gjelder forAurland og Lærdal kommunar, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, LOV-1970-06-19-63-§6, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort11.10.2004
KorttittelForskrift om Bleia-Storebotnen LV-område

Fastsett ved kgl.res. 8. oktober 2004 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 5 og § 6, jf. § 21, § 22 og § 23. Fremma av Miljøverndepartementet. 

§ 1.Avgrensing

Landskapsvernområdet gjeld følgjande gnr./bnr.:

Aurland kommune: Aurland Nordre statsallmenning gnr./bnr. 57/2.

Lærdal kommune: Lærdal Vestre statsallmenning (Bleia statsallmenning) gnr./bnr. 85/4.

Det samla arealet er på ca. 66 km², av dette er ca. 5 km² sjøareal. Grensene for landskapsvernområdet går fram av kart i målestokk 1:50.000 datert Miljøverndepartementet oktober 2004.

Dei nøyaktige grensene for landskapsvernområdet skal avmerkast i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrift med kart skal oppbevarast i Aurland og Lærdal kommunar, hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet

§ 2.Føremål

Føremålet med Bleia-Storebotnen landskapsvernområde er å ta vare på eit vakkert og eigenarta natur- og kulturlandskap frå fjord til fjell. Her utgjer breisen si forming av det gamle slettelandet og fjordlandskapet med ein variert vegetasjon og fauna med villrein ein vesentleg del av landskapets karakter.

§ 3.Vernereglar
1. Landskapet
1.1 Området er verna mot alle inngrep eller tiltak som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapets art eller karakter.

Med de unntak som følgjer av pkt. 1.2 og 1.3 i forskriften er det forbod mot inngrep som

a)Bergverksdrift, vassdragsregulering, bygging av vegar, oppsetjing og riving av bygningar, oppføring av anlegg og varige og midlertidige innretningar, framføring av luftleidningar og jordleidningar, drenering og anna form for tørrlegging, sprenging, masseuttak, utfylling, planering og lagring av masse, lausbryting av stein og mineral, bruk av kunstgjødsel og kjemiske sprøytemiddel i utmark, fjerning eller inngrep i verdfulle kulturminne så som gamle vegar og steinmurar. Opplistinga er ikkje uttømmande.
b)Nydyrking, endring av samansetnaden av naturleg treslag ved skogkultur, flatehogst, felling av særmerkte og dekorative tre og daude tre som er med på å prege landskapet og som er viktige for dyrelivet.

Forvaltningsstyresmakta avgjer i tvilstilfelle om eit tiltak vil endre landskapets art eller karakter vesentleg.

1.2 Reglane i 1.1 er ikkje til hinder for:
a)Vedlikehald av bygningar, gjerde, bruer, klopper, vegar og stiar og stenging av skorfeste og oppsetting av kve. Alt slikt arbeid skal ta utgangspunkt i tradisjonell byggeskikk på staden når det gjeld utforming, fargar og materialbruk. Arbeidet skal ikkje medføre vesentlege endringar av fasade på bygningen.
b)Drift og vedlikehald av eksisterande kraftleidning og andre luftleidningar, kablar, vatningsveiter, løypestreng, gjerde m.m.
c)Naudsynt istandsetting ved akutt utfall. Ved bruk av motorisert transport skal det i etterkant sendast melding til vedkommande forvaltningstyresmakt.
d)Oppgradering/fornying av kraftleidning for heving av spenningsnivå og auking av linjetverrsnitt når dette ikkje krev vesentlege fysiske endringar i strid med verneføremålet.
e)Drift og vedlikehald av Kystverket sine anlegg.
1.3 Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:
a)Oppføring av nybygg i samband med landbruk, turlagsverksemd, fjellstyra sin aktivitet, og oppsyn. Utforming av nybygg skal vere tilpassa landskapet og tradisjonell byggjeskikk.
b)Påbygging, ombygging, flytting, eller riving av bygningar og anlegg. Påbygging og ombygging skal vere tilpassa landskapet og tradisjonell byggjeskikk.
c)Oppsetting av nye gjerde (som ikkje gjeld stenging av skorfeste og oppsetting av kve), oppmerking og varding av nye fotturruter og nybygging av bruer og klopper.
d)Oppgradering/fornying av kraftleidning som ikkje faller inn under pkt. 1.2
e)Framføring av nye kraftliner, kablar eller teleliner.
f)Oppføring av nye anlegg for Kystverket. 
2. Plantelivet
2.1 Plantelivet skal vernast mot skade og øydelegging. Innføring av nye planteartar er forbode.
2.2 Beiting, rydding av beite, slått og lauving er tillate.
2.3 Plukkhogst av ved til bruk på hytter i området er tillate. Særmerkte, dekorative og daude tre som vesentleg pregar skogsbiletet skal ikkje hoggast.
2.4 Forvaltningsstyremakta kan gje løyve til hogst i avgrensa omfang, men ikkje samanhengjande flater større enn 1 da. Særmerkte, dekorative og daude tre og område som vesentleg pregar skogsbiletet skal ikkje hoggast. 
3. Dyrelivet
3.1 Jakt er tillate etter viltlova og saltvassfiskelova.
3.2 Fiske er tillate etter lakse- og innlandsfiskelova og saltvassfiskelova.
3.3 Havbeite utan synlege anlegg i overflata, er tillate
3.4 Forvaltningsstyremakta kan gje løyve til fiskekultiveringstiltak og kalking av fiskevatn. 
4. Ferdsel
4.1 All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.
4.2 Reglane i denne forskrifta er ikkje til hinder for tradisjonell turverksemd til fots i regi av turistforeiningar, skoler, barnehagar, ideelle lag og foreiningar.

Anna organisert ferdsel og ferdselsformer som kan skade naturmiljøet må ha særskilt løyve av forvaltningsstyremakta. 

5. Motorferdsel
5.1 Motorferdsel på land og i vatn/vassdrag er forbode, likeins lågtflyging under 300 meter over bakken og landing. Henting og bringing av passasjerar og gods der luftfartøyet ikkje kommer i direkte i kontakt med bakken, er også forbode.
5.2 Reglane i 4.1 er ikkje til hinder for:
a)Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgaver bestemt av forvaltningsstyresmakta.
b)Militær lågtflyging.
c)Motorferdsel på fjorden, medrekna å gå til land eller kai og fortøye.
d)Naudsynt motorferdsel på vinterføre til frakting av ved eller hogstvirke, gjerdeutstyr, saltsteinar eller materialar og utstyr til vøling av stølar og til fjellstyra sine hytter o.l.
e)Naudsynt lufttransport i samband med landbruksdrift. Lufttransport skal meldast til forvaltningsstyresmakta før transporten tek til.
f)Naudsynt motorferdsel på vinterføre og med helikopter i samband med drift/tilsyn og vedlikehald av 300 kV kraftleidning. Statnett kan ved akutt naud/samanbrot på 300 kV linja foreta barmarkkøyring for å reparere 300 kV kraftlinje dersom vértilhøva gjer at helikopter ikkje kan nyttast. Barmarkkøyringa skal rapporterast skriftleg til forvaltningsstyresmakta i ettertid
g)Motorferdsel med snøskuter og bruk av helikopter i samband med teljing og registrering av villrein. Motorferdsla skal rapporterast årleg.
5.3 Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til luft- og/eller snøskutertransport av materialar til hytter, stølar, bruer mv. og av brensel, utstyr og proviant til hytter og stølar. 
6. Forureining
6.1 Forureining og forsøpling er forbode samt bruk av kjemiske midlar som kan påverke naturmiljøet
6.2 Unødvendig støy er forbode. Eksempel på dette er motor på modellfly og modellbåter. Lista er ikkje uttømmande.
§ 4.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå verneforskrifta når føremålet med vernet krev det, for vitskaplege undersøkingar, for arbeid av vesentleg verdi for samfunnet, eller i spesielle tilfelle, når det ikkje strir mot føremålet med vernet.

§ 5.Forvaltningsplan

Det kan utarbeidast ein forvaltningsplan med nærare retningsliner for forvaltning, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon mv. Forvaltningsplanen skal godkjennast av Direktoratet for naturforvaltning. Forvaltningsstyresmakta kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje føremålet med vernet.

§ 6.Forvaltningstyresmakt

Direktoratet for naturforvaltning avgjer kven som skal ha forvaltningsmynde etter forskrifta.

§ 7.Rådgjevande utval

Det kan nemnast opp eit rådgjevande utval for landskapsvernområdet.

§ 8.Ikrafttreding

Denne forskrifta trer i kraft straks.