Forskrift om vedtekter til lov om motorisert ferdsel i utmark og vassdrag, Gjemnes kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-2004-10-26-1419
PublisertII 2004 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2005
Sist endret
Endrer
Gjelder forGjemnes kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1977-06-10-82
Kunngjort04.11.2004
KorttittelForskrift om motorferdsel i utmark, Gjemnes

Kapitteloversikt:

Fastsett av Gjemnes kommunestyre 26. oktober 2004 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag.

I

§ 1.Verkeområde
1.Denne vedtekt gjeld all motorisert ferdsel i utmark og vassdrag i Gjemnes kommune.
2.Forskrifta utfyller dei reglar som er gjeve i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorisert ferdsel i utmark og vassdrag og nasjonale forskrifter 15. mai 1988 nr. 356 for bruk av motorkjøretøy i utmark og på islagde vassdrag gjeve i medhald av loven.
§ 2.Generelle vedtekter for motorisert ferdsel i utmark og vassdrag
1.Med unntak av ervervskjøring gjeld innvilga løyve for transport av bagasje og utstyr til privat hytte med inntil 6 turar pr. sesong.
2.Kjørebok/rapportskjema skal fyllast ut før turen tek til og skal vere med på turen.
3.Kart med innteikna kjøretrase skal følgje vedlagt kvar enkelt søknad.
4.Kjøreløyvet gjeld berre for innteikna trase.
5.Kjøring er ikkje tillate mellom kl. 22.00 og kl. 07.00 og på søndagar og heilagdagar mellom kl. 11.00 og kl. 16.00 med mindre særlege grunnar som ver og føretilhøve gjer det nødvendig med avvik frå desse tidene. Forbodet gjeld også for kjøring etter forskriftene sin § 3 bokstav d (bygningsarbeider) og g (transport av ved).
6.Kjøring er ikkje tillate 1. juledag, 1. nyttårsdag samt langfredag.
7.Kjøreløyve gjeld for namngjeven person og ev. reserve.
8.Det kan berre gjevast eit kjøreløyve til transport av bagasje/utstyr pr. hytte.
9.Også personar kan takast med i samband med transport av bagasje og utstyr til hytter, dersom dette kan skje utan at det fører til fleire turar.
10.Originalløyve skal alltid takast med og visast fram på forlangande.
11.All motorferdsel i utmark skal foregå så aktsamt og omsynsfullt som råd.
§ 3.Motorferdsel på snødekka mark
1.Transport skal berre foregå på den dato eller innanfor det tidsrom som går fram av innvilga løyve.
2.All kjøring utanom innteikna trase(ar) er forbode. Unntak kan gjerast i fall det er fare for liv og/eller helse.
3.Alle kjøretrasear/scooterløyper i kommunen skal vere innteikna på kart og godkjennast før dei blir tatt i bruk.
4.Ved alle kjøring skal kjelke vere tilkopla snøscooter. Unntak kan gjerast for funksjonshemma.
§ 4.Motorferdsel med terrengkjøretøy på barmark
1.Med terrengkjøretøy meines alle motorkjøretøy som kan ta seg fram i terrenget.
2.Skogsvegar/setervegar/fjellvegar som er bygd for bil, kan nyttast utan særskilt løyve. For private vegar skal vegeigar sine vilkår følgjast.
3.Alle søknader om motorferdsel med terrengkjøretøy på barmark, krev handsaming og godkjenning i formannskapet.
4.Det skal særs gode grunnar til for å få innvilga løyve til terrengkjøring, men for kjøring på registrerte traktorvegar, kan det opnast for ei noko meir lempeleg haldning.
5.Ved særlege behov i høgfjellet, på myrområder og andre sårbare områder viser ein til bruk av anna transport på vinterføre.
6.For transport av jaktutbytte, så nasjonale forskrifter § 2 b.
§ 5.Motorferdsel på vassdrag

I Gjemnes er det berre på Fosterlågen det er tillate med motorbåt.

§ 6.Ervervsmessig transport/leigekjøring
1.Løyve til leigekjøring bør gjevast til fastbuande i nærområdet til det utfartsområdet ein skal dekke og som ser på dette som ei tilleggsnæring.

Bustad og tilgjenge for oppdrag, samt utstyr skal tilleggast stor vekt ved tildeling.

2.Dersom innehavar er forhindra frå å ta på seg oppdrag, kan andre kjøre på innehavaren sitt løyve. Det skal gå fram av løyvet kven dette er.
3.Innvilga løyve gjeld for 4 år i gongen.
4.Innehavar av ervervsløyve har så lang det er praktisk råd, plikt til å ta på seg oppdrag for andre til dei formål som står i nasjonale forskrifter § 5 a.
5.Det skal fortløpande førast kjørebok der dato, tal turar, oppdragsgjevar blir notert.
6.Innehavar av ervervsløyve skal ved oppslag og evt. på annan måte gjera kjent kva for tenester som blir ytt og til kva pris. Før store utfartshelger, bør det gjerast kjent klokkeslett for planlagte avgangar.
7.Gjemnes kommune skal vederlagsfritt ta inn på sine internettsider og i kommuneavsia opplysningar om kven som utfører kjøreoppdrag i utmark i kommunen. Her skal det vere mogleg for løyveinnehavaren å få lagt inn linkar til eiga internettside, eller lagt inn informasjon om kva teneste som blir ytt. (Destinasjoner, tidspunkt, prisar osv.).
§ 7.Tilhøve til grunneigar/grunneigarlag
1.Grunneigar/grunneigarlag kan sette eigne vilkår for motorisert ferdsel på eigen grunn.
2.Grunneigar/grunneigarlag skal godkjenne løypetraseane.
3.Før søknad om løyve til (barmarks)kjøring blir handsama av kommunen, skal grunneigar ha godkjent traseen.
§ 8.Funksjonshemma
1.Legeerklæring skal leggast ved søknader om løyve etter forskriftene sin § 5, b, funksjonshemma. Legeerklæringa skal dokumentere kor varig funksjonshemminga er.
2.Innvilga søknad for funksjonshemma kan gjelde for 4 år i gongen.
3.Ved transportbehov på sommarføre, skal det berre i svært begrensa omfang gjevast løyve til kjøring utanom registrerte traktorvegar.
4.Midlertidig funksjonshemming og sjukdom, eller sjukdom og funksjonshemming som følgje av alder, blir ikkje rekna som varig funksjonshemming.
§ 9.Generelle retningslinjer for handsaming av søknader for motorferdsel i utmark og vassdrag
1.Innvilga løyve gjeld som regel for to sesongar i gongen.
2.Ved eit særleg behov, kan det søkast om fleire kjøreturar enn det som står i dei kommunale vedtektene.
3.Misbruk av dispensasjon og/eller brot på kommunale vedtekter, fører til umiddelbar inndraging av dispensasjon.
4.For at dispensasjon til hytteeigar skal bli gjeven, må hytta vere 2,5 km frå brøyta bilveg eller ligge i svært ulendt terreng, og at det ikkje er muleg for leigekjøring i området. Jf. nasjonale forskrifter.
5.Ved transport av materialer, utstyr og arbeidsfolk i samband med mindre byggjearbeid som ikkje krev byggjeløyve, må ein søke om løyve med heimel i nasjonale forskrifter § 6.
6.Alle som ynskjer å søke om fast «scooterløyve» må levere søknad til kommunen før 31. oktober. Søknad om løyve for enkeltturar blir handsama fortløpande.
7.Søknader om dispensasjon for bruk av terrengkjøretøy på barmark, blir handsama fortløpande.
8.Med hytteeigar er å forstå også eigaren sin næraste familie, som ektefelle, sambuar, og barn.

II

Forskrifta gjeld frå 1. januar 2005.