Forskrift om freding av Nord-Talgje naturreservat, Finnøy kommune, Rogaland.

DatoFOR-2004-11-26-1517
PublisertII 2004 hefte 6
Ikrafttredelse26.11.2004
Sist endret
Endrer
Gjelder forFinnøy kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort02.12.2004
KorttittelForskrift om Nord-Talgje naturreservat

Fastsett ved kgl.res. 26. november 2004 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

§ 1.Avgrensing

Det freda området gjeld følgjande gnr./bnr.: 70/1, 70/4, 70/24, 70/51, 70/52, 70/54, 70/56, 70/60, 70/66, 70/68, 70/69.

Reservatet dekkjer eit totalareal på 2167 dekar, av dette er ca. 887 dekar landareal.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:7.500, dagsett Miljøverndepartementet november 2004. Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Forskrifta med kart vert oppbevart i Finnøy kommune, hjå Fylkesmannen i Rogaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

§ 2.Føremål

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit særmerkt kystlandskap med sitt biologiske mangfald i form av tradisjonell kulturmark, naturtypar og økosystem på land og i sjø, med tilhøyrande artar og naturlege økologiske prosessar. Området har også særskilt vitskapleg verdi som referanseområde og er eigenarta i form av sin spesielle geologi og mange sjeldsynte planteartar.

§ 3.Vernereglar

For naturreservatet gjeld følgjande føresegner:

1.Vegetasjonen på land og i sjø, medrekna tare og tang er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje innførast. Planting eller såing av tre er ikkje tillate.
2.Dyrelivet, herunder reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging. Nye dyreartar må ikkje innførast.
3.Det må ikkje iverksetjast tiltak som kan endre naturmiljø, som til dømes oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av nye luftleidningar, jordkablar, kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av massar, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningar, bortlegging av avfall, gjødsling, fulldyrking, kalking og bruk av kjemiske plantevernmiddel, skjelsandopptak, oppankring av større båtar, og fortøyning av flytande anlegg for akvakultur. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Motorisert ferdsle på land er forbode, herunder start og landing med luftfartøy.
5.Bålbrenning er forbode.
6.Bruk av naturreservatet til teltleirar, jaktprøvar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
7.Ridning og bruk av sykkel utanom eksisterande vegar er forbode.
8.Hundar må haldast i band heile året.
§ 4.Generelle unntak

Reglane i § 3 er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd, tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings-, oljevern- og oppsynsføremål, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta. Øvingskjøring knytta til slike føremål krev særskilt løyve.
2.Beiting. Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til fredingsføremålet ved forskrift regulera beitetrykket i heile eller delar av naturreservatet.
3.Oppsetjing av gjerde som er naudsynt for husdyrhaldet i området.
4.Vedlikehald av grøfter som drenerer tilgrensande jord- og skogsbruksareal, etter at forvaltingsstyresmakta er varsla.
5.Vanleg vedlikehald og drift av tilrettelagde anlegg for friluftsliv (sti, brygge, informasjonstavler, rasteplassar og sanitæranlegg).
6.Vanleg vedlikehald av eksisterande vegar og stiar.
7.Plukking av bær og matsopp.
8.Gjødsling og kalking samt bruk av plantevernmiddel på eksisterande gjødsla beite, nærmare kartfesta i forvaltningsplanen.
9.Naudsynt bruk av motorkjøretøy på gjødsla beite, og på vegar og stiar i samband med landbruksverksemd og drift av friluftsområda.
10.
a.Drift og vedlikehald av eksisterande kraftliner. Bruk av motorisert transport krev løyve etter § 5, nr. 4.
b.Naudsynt istandsetting ved akutt utfall. Ved bruk av motorisert transport skal det i etterkant sendast melding til forvaltningsstyrsmakta.
c.Oppgradering/fornying av kraftliner for heving av spenningsnivå og auking av linetverrsnitt når dette ikkje krev vesentlege fysiske endringar i strid med verneføremålet.
11.Drift og vedlikehald av Kystverkets anlegg, og naudsynt ferdsle i samband med dette arbeidet.
12.Bruk av laus hund i samband med jakt og husdyrhald.
13.Jakt i samsvar med viltlova, fiske og fangst i samsvar med saltvassfiskelova og lakse- og innlandsfisklova og hausting av storalger med handreiskap. Havbeite i samsvar med havbeitelova.
§ 5.Eventuelle unntak etter søknad

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gi løyve til:

1.Etablering av nye grøfter for drenering av tilgrensande areal utanfor reservatet.
2.Hogst av ved til eige bruk og kristtornskjering.
3.Skjøtsel- og tilretteleggingsføremål, inkludert enklare anlegg til beitebruk.
4.Naudsynt motorferdsle i samband med aktivitetar nemnt i § 4 nr. 4, 5, 6, 10 a og c, og § 5 nr. 1, 2 og 3.
5.Oppføring av nye anlegg, flytting av anlegg, og tilbygg til eksisterande anlegg for Kystverket.
6.Avgrensa bruk av naturreservatet som nemnt i § 3 nr. 6.
7.Oppgradering/fornying av kraftliner som ikkje fell inn under § 4 nr. 10 c.
§ 6.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjera unntak frå forskrifta når føremålet med fredinga krev det, samt for vitskaplege undersøkingar, arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi eller i andre særlege tilfelle når dette ikkje strir mot føremålet med fredinga.

§ 7.Skjøtsel

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta bestemmer, kan gjennomføra skjøtselstiltak for å fremja fredingsføremålet. Det kan utarbeidast forvaltingsplan med nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

§ 8.Forvaltningsmynde

Direktoratet for naturforvaltning fastsett kven som skal ha forvaltningsmynde etter denne forskrifta.

§ 9.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft straks.