Forskrift om vern av Folgefonna nasjonalpark, Etne, Kvinnherad, Odda og Jondal kommunar og Ullensvang herad, Hordaland.

DatoFOR-2005-04-29-389
PublisertII 2005 hefte 2
Ikrafttredelse29.04.2005
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forEtne, Kvinnherad, Odda, Jondal og Ullensvang kommuner, Hordaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§3, LOV-1970-06-19-63-§4, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort04.05.2005
KorttittelForskrift om Folgefonna nasjonalpark

Fastsett ved Kronprinsreg.res. 29. april 2005 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 3, jf. § 4 og § 21, § 22 og § 23. Fremma av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

§ 1.Avgrensing

Nasjonalparken gjeld følgjande statsallmenningar:

Etne kommune: 151/1

Kvinnherad kommune: 285/1

Jondal kommune: 38/1

Odda kommune: 51/5

Ullensvang herad: 156/1

Nasjonalparken gjeld følgjande gnr./bnr.:

Etne kommune: 98/1, 98/2, 99/1, 99/3, 100/1, 101/1, 101/2, 101/5, 101/6, 101/7, 101/8, 102/1, 102/2, 102/3, 103/1, 104/1, 104/64. 

Kvinnherad kommune: 55/1, 55/2, 55/3, 55/4, 55/5, 55/6, 57/1, 57/2, 57/4, 57/5, 58/1, 58/2, 59/1, 59/2, 59/4, 59/6, 59/10, 59/11, 59/12, 60/1, 60/2, 60/3, 60/4, 60/5, 60/6, 61/1, 62/1, 62/2, 63/1, 63/2, 63/6, 64/1, 64/2, 64/3, 64/4, 64/5, 64/6, 64/7, 64/8, 64/9, 64/10, 64/11, 64/12, 64/13, 64/14, 64/16, 66/1, 66/3, 68/1, 69/1, 71/1, 71/2, 71/9, 72/1, 72/2, 73/1, 73/2, 74/1, 75/1, 75/2, 75/3, 75/4, 76/1, 76/2, 77/1, 77/2, 78/1, 78/2, 78/3, 84/1, 84/2, 84/3, 85/1, 85/2, 85/3, 85/7, 85/4, 85/5, 85/6, 85/8, 85/9, 85/10, 85/11, 85/12, 85/13, 85/14, 85/15, 85/16, 85/17, 85/18, 85/19, 85/20, 85/21, 85/28, 85/30, 86/1, 86/2, 86/4, 86/5, 87/1, 87/2, 87/3, 87/4, 87/7, 87/11, 87/12, 87/13, 87/14, 87/15, 87/21, 89/1, 89/2, 89/3, 89/4, 89/16, 90/1, 90/2, 90/3, 90/4, 90/5, 90/7, 90/8, 90/9, 90/11, 90/12, 90/13, 90/14, 90/15, 91/1, 91/2, 91/3, 91/4, 91/5, 91/10, 91/12, 92/1, 92/2, 92/3, 92/4, 92/5, 92/6, 93/1, 93/2, 93/3, 93/4, 93/5, 93/6, 93/7, 93/8, 93/9, 93/13, 93/14, 93/16, 94/1, 94/2, 94/3, 94/4, 94/5, 94/8, 94/6, 94/7, 94/9, 104/2, 251/2. 

Odda kommune: 36/1, 36/2, 37/1, 37/2, 37/3, 45/1, 46/1, 47/1, 47/2, 48/3, 48/4, 49/1, 49/2, 49/3, 49/4, 49/5, 49/6, 50/1, 50/2, 50/3, 51/1, 51/2, 51/3, 51/4, 51/5, 52/1, 52/2, 52/3, 52/4, 52/5, 52/6, 52/7, 52/8, 53/1, 53/2, 60/2, 60/6, 61/11, 62/1, 63/1, 63/2, 63/3, 63/4, 63/5, 64/2, 64/3, 64/5, 64/60, 64/294, 65/1, 65/2, 65/4, 66/1, 66/2, 66/3, 67/1, 68/1, 68/2, 68/3, 69/1, 69/2, 70/1, 70/2. 

Ullensvang herad: 47/1, 47/2, 47/3, 47/4, 47/5, 47/6, 47/8, 48/1, 49/1, 50/1, 50/2, 50/3, 50/4, 51/1, 51/3, 51/4, 51/6, 51/7, 52/1, 52/2, 52/3, 52/4, 53/1, 53/2, 53/3, 53/4, 53/5, 54/1, 54/2, 54/3, 54/4, 54/5, 54/6, 54/7, 54/8, 54/9, 56/1, 56/2, 56/3.

Det samla arealet er om lag 545,2 km² . Grensene for nasjonalparken går fram av kart i målestokk 1:120.000, datert Miljøverndepartementet april 2005. Dei nøyaktige grensene for nasjonalparken skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal bli koordinatfesta.

Kartet og verneforskrifta finst i kommunane, hos Fylkesmannen i Hordaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

§ 2.Formål

Formålet med nasjonalparken er å:

-ta vare på eit stort og tilnærma urørt naturområde, som sikrar heilskapen og variasjonen i naturen frå låglandet til høgareliggjande område med fjell og bre
-ta vare på verdfull vassdragsnatur
-sikre det biologiske mangfaldet med økosystem, artar og bestandar
-sikre viktige geologiske førekomstar
-sikre verdfulle kulturminne.

Ålmenta skal ha høve til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv utan særleg teknisk tilrettelegging.

§ 3.Vernereglar 
1. Landskapet
1.1 Vern mot inngrep i landskapet

Området er verna mot alle inngrep, mellom anna oppsetting og ombygging av bygningar, andre varige eller mellombelse innretningar, gjerde og anlegg, bygging av vegar, bergverksdrift, regulering av vassdrag, graving, utfylling og påfylling av masse, sprenging og boring, bryting av stein, mineral eller fossil, fjerning av større stein og blokker, drenering og anna form for tørrlegging, nydyrking, bakkeplanering, nyplanting, framføring av luft- og jordleidningar, bygging av bruer og klopper, merking av stiar og løyper o.l. Kulturminne skal vernast mot skade og øydelegging. Opplistinga er ikkje uttømande.

1.2 Reglane i punkt 1.1 er ikkje til hinder for:
a)Vedlikehald av bygningar og andre eksisterande innretningar. Vedlikehald omfattar ikkje ombygging eller utbygging. Vedlikehald skal skje i samsvar med tradisjonell byggeskikk.
b)
1.Drift og vedlikehald av eksisterande energi- og kraftanlegg. Bruk av motorisert transport krev særskilt løyve etter punkt 6.3.i).
2.Nødvendig istandsetting ved akutt utfall. Ved bruk av motorisert transport skal det i ettertid sendast melding til forvaltningsstyresmakta.
3.Oppgradering/fornying av kraftanlegg og kraftliner for heving av spenningsnivå og auking av linetverrsnitt når dette ikkje fører til vesentlige fysiske endringar i forhold til verneformålet.
c)Vedlikehald av eksisterande stiar og løyper med bruer, klopper, vardar, merking og skilt i samsvar med forvaltningsplanen etter § 5.
1.3 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a)Ombygging og utviding av bygningar.
b)Ny oppføring av bygningar som går tapt ved brann eller anna naturskade.
c)Oppføring av bygningar og anlegg i samband med husdyrnæring, herunder oppattbygging av stølshus.
d)Oppføring av bygningar i samband med oppsyn med verneforskriftene og oppsyn i medhald av anna lov.
e)Bygging av bruer og klopper.
f)Merking og rydding av nye stiar og løyper.
g)Oppsetting av skilt og vegvisarar i samsvar med forvaltningsplanen etter § 5.
h)Oppsetting av gjerde i samband med beite eller tiltak for å hindre skorfeste.
i)Oppattbygging og restaurering av stølshus i Håedal i Ullensvang herad for å gjenskape gammalt stølsmiljø.
j)Oppgradering/fornying av energi- og kraftanlegg som ikkje fell inn under § 3 punkt 1.2.b).

Ombygging, utviding og nybygg skal skje i samsvar med tradisjonell byggeskikk og vere tilpassa landskapet. 

2. Plantelivet
2.1 Vern av vegetasjon

Vegetasjonen, også daude tre og buskar, skal vernast mot all slags skade og øydelegging som ikkje kjem av vanleg ferdsel og tradisjonell beiting i utmark.

Såing, treslagskifte og planting er ikkje tillate.

2.2 Reglane i punkt 2.1 er ikkje til hinder for:
a)Bruk av området til beite.
b)Skånsam bruk av trevirke til bålbrenning.
c)Plukking av bær og matsopp.
d)Plukking av vanlege plantar og friske kvistar til eigen bruk.
2.3 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til hogst av ved i nasjonalparken til eigen bruk.
2.4 Miljødirektoratet kan ved forskrift regulere beite som kan skade eller øydeleggje naturmiljøet. 
3. Dyrelivet
3.1 Vern av dyrelivet

Dyrelivet, inkludert hi, reir, hekke-, yngle- og gyteplassar er freda mot skade og unødig uroing. Utsetjing av dyr på land og i vatn er forbode. Kalking i vassdrag er ikkje lov utan særskilt løyve.

3.2 Reglane i punkt 3.1 er ikkje til hinder for:
a)Jakt etter viltlova.
b)Fiske etter lakse- og innlandsfisklova.
3.3 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a)Kalking av vatn og elvar for å hindre at ein art døyr ut. Forvaltningsplanen, jf. § 5, kan fastsetje referanseområde der kalking er forbode.
b)Tiltak for å fremje fiske, når slike tiltak elles ikkje strir mot formålet med vernet. 
4. Kulturminne
4.1 Kulturminne skal sikrast mot skade og øydelegging. Lause kulturminne skal ikkje flyttast eller fjernast.
4.2 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til istandsetting, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne. 
5. Ferdsel
5.1 Generelt om ferdsel

All ferdsel og aktivitet skal vere omsynsfull og varsam slik at ein ikkje skadar natur eller kulturminne.

5.2 Organisert ferdsel

Reglane i denne forskrifta er ikkje til hinder for organisert turverksemd til fots så lenge naturmiljøet ikkje blir skadelidande.

Annan organisert ferdsel og ferdselsformer som kan skade naturmiljøet må ha særskilt løyve av forvaltningsstyresmakta. Utover dette vises det til forvaltningsplanen i § 5.

5.3 Sykling og bruk av hest

Sykling og organisert bruk av hest er berre tillate langs trasear som er godkjende for slik bruk i forvaltningsplanen etter § 5.

5.4 Regulering av ferdsel

Innanfor nærare avgrensa delar av nasjonalparken kan Miljødirektoratet ved forskrift regulere eller forby all ferdsel som kan vere til skade for naturmiljøet.

5.5 Omlegging av stiar

Av omsyn til naturmiljøet og kulturminne kan forvaltningsstyresmakta legge om eller kreve fjerna merking av stiar og løyper.

5.6 Generelle unnatak for ferdsel

Reglane i punkt 5 gjeld ikkje nødvendig ferdsel ved gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgaver bestemt av forvaltningsstyresmakta. 

6. Motorferdsel
6.1 Forbod mot motorferdsel

Motorferdsel er forbode på land, vatn og i lufta under 300 meter.

6.2 Reglane i punkt 6.1 er ikkje til hinder for:
a)Nødvendig ferdsel ved gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgaver bestemt av forvaltningsstyresmakta.
6.3 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a)Øvingskøyring til formål nemnt i punkt 6.2.a.
b)Motorferdsel i samband med husdyrhald.
c)Motorferdsel i samband med hogst av ved til eigen bruk etter punkt 2.3.
d)Motorferdsel i samband med merking og rydding av nye stiar og løyper etter punkt 1.3.f.
e)Motorferdsel for uttransport av felt storvilt.
f)Bruk av beltekjøretøy på vinterføre eller helikopter for transport av material, utstyr og proviant til hytter, stølshus o.l.
g)Bruk av beltekjøretøy på vinterføre eller helikopter for transport i samband med drift av turisthytter.
h)Bruk av påhengsmotor med inntil 10 hk på Hildalsvatnet.
i)Nødvendig motorferdsel i samband med drift, vedlikehald, og oppgradering/fornying av eksisterande energi- og kraftanlegg, jf. § 3 punkt 1.2.b. nr. 1 og 3. 
7. Ureining
7.1 Forbod mot ureining

Ureining og forsøpling er forbode. All bruk av kjemiske middel som kan påverke naturmiljøet er forbode.

7.2 Støy

Bruk av motor på modellfly, modellbåt, isbor o.l. er forbode.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 4.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unnatak frå reglane når formålet med vernet krev det, for vitskaplege granskingar, for arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi, eller i andre særlege høve når dette ikkje er i strid med verneformålet.

§ 5.Forvaltningsplan

Det skal utarbeidast forvaltningsplan med nærare retningsliner for forvaltning, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon osv. Miljødirektoratet skal godkjenne forvaltningsplanen.

Forvaltningsstyresmakta kan setje i verk tiltak for å fremje formålet med vernet.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 6.Forvaltningsmynde

Miljødirektoratet fastset kven som er forvaltningsstyresmakt for verneforskrifta.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 7.Rådgivande utval

Forvaltningsstyresmakta kan opprette eit rådgivande utval for forvaltning av nasjonalparken.

§ 8.Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft straks.