Forskrift om vern av Bondhusdalen landskapsvernområde, Kvinnherad kommune, Hordaland.

DatoFOR-2005-04-29-390
PublisertII 2005 hefte 2
Ikrafttredelse29.04.2005
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forKvinnherad kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, LOV-1970-06-19-63-§6, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort04.05.2005
KorttittelForskrift om Bondhusdalen landskapsvernområde

Fastsett ved Kronprinsreg.res. 29. april 2005 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern, § 5, jf. § 6, og § 21, § 22 og § 23. Fremma av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

§ 1.Avgrensing

Landskapsvernområdet gjeld følgjande gnr./bnr. i Kvinnherad kommune:

59/1, 59/2, 59/4, 59/6, 59/10, 59/11, 59/12, 59/13, 59/53, 59/54, 59/55, 59/56, 59/9, 60/1, 60/2, 60/3, 60/4, 60/5, 60/6.

Det samla arealet er på om lag 14,0 km² . Grensene for landskapsvernområdet er vist på kart i målestokk 1:25.000, datert Miljøverndepartementet april 2005.

Dei nøyaktige grensene for verneområdet skal merkast av i terrenget og knekkpunkta skal bli koordinatfesta.

Kartet og verneforskrifta finst i Kvinnherad kommune, hos Fylkesmannen i Hordaland, Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

§ 2.Formål

Formålet med Bondhusdalen landskapsvernområde er å:

-ta vare på eit eigenarta og vakkert naturområde med store opplevingskvalitetar knytt til heilskapen og variasjonen i naturen frå dalføret opp mot høgfjellet
-sikre viktige geologiske førekomstar og biologisk mangfald
-sikre verdfull vassdragsnatur
-verne om verdfulle kulturlandskap og kulturminne.

Ålmenta skal ha høve til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv utan særleg teknisk tilrettelegging.

§ 3.Vernereglar
1. Landskapet
1.1 Inngrep i landskapet

Området skal vernast mot inngrep som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapet sin art eller karakter. Med dei unnatak som følgjer av forskrifta punkt 1.2 og 1.3 er det generelt forbod mot inngrep som vegbygging, oppføring av bygningar eller anlegg, andre varige eller mellombelse innretningar, bergverksdrift, vassdragsregulering, graving og påfylling av masse, boring og sprenging, bryting av stein, mineral eller fossil, fjerning av større stein og blokker, drenering og anna form for tørrlegging, nydyrking, nyplanting, bakkeplanering, snauhogst, framføring av leidningar i lufta og i jorda, bygging av bruer og klopper, Oppsetting av skilt, merking av stiar og turløyper og liknande. Kulturminne skal vernast mot skade og øydelegging. Opplistinga er ikkje uttømande.

Fylkesmannen avgjer i tvilstilfelle om eit tiltak kan endre landskapet sin art eller karakter vesentleg.

1.2 Reglane i punkt 1.1 er ikkje til hinder for:
a)Vedlikehald av bygningar og andre eksisterande innretningar. Vedlikehald omfattar ikkje ombygging eller utbygging. Vedlikehald skal skje i samsvar med tradisjonell byggeskikk.
b)
1.Drift og vedlikehald av eksisterande energi- og kraftanlegg. Bruk av motorisert transport må skje i samsvar med lov om motorferdsel § 4 e.
2.Nødvendig istandsetting ved akutt utfall. Ved bruk av motorisert transport skal det i ettertid sendast melding til forvaltningsstyresmakta.
3.Oppgradering/fornying av kraftanlegg og kraftliner for heving av spenningsnivå og auking av linetverrsnitt når dette ikkje fører til vesentlige fysiske endringar i forhold til verneformålet.
c)Vedlikehald av veg i samsvar med forvaltningsplanen etter § 7.
d)Vedlikehald av merka stiar, skilt, bruer og løyper i samsvar med forvaltningsplanen etter § 7.
e)Anlegg for sanking av beitedyr og nødvendig gjerdehald for beitedyr i samsvar med forvaltningsplanen etter § 7. Grunneigar kan setje opp feste for slikkesteinar o.l. til beitedyr.
f)Skjøtsel og drift av eksisterande dyrka mark og innmarksbeite.
1.3 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a)Ombygging og utviding av eksisterande bygningar.
b)Ny oppføring av bygningar som er skada ved brann eller naturskade.
c)Riving av bygningar som pregar landskapet sin art og karakter.
d)Oppføring av nye bygningar som er nødvendige i samband med jordbruk. skogbruk og husdyrnæring, herunder oppattbygging av stølshus.
e)Rydding av nytt innmarksbeite.
f)Bygging av bruer og klopper som er nødvendige i samband med beitebruk og friluftsliv.
g)Merking og opparbeiding av turstiar.
h)Tiltak for å hindre skorfeste.
i)Bygging av enkle driftsvegar til mellombels bruk for uttak av kulturskog i samsvar med forvaltningsplanen etter § 7.
j)Oppgradering/fornying av energi- og kraftanlegg som ikkje fell inn under § 3 punkt 1.2.b.
k)Framføring av nye kraftleidningar.

Ombygging, utviding og nybygg skal skje i samsvar med tradisjonell byggeskikk og vere tilpassa landskapet. 

2. Plantelivet
2.1 Vern av vegetasjon

Plantelivet skal vernast mot skade og øydelegging. Det er forbode å innføre nye planteartar.

2.2 Beite

Beite er tillate.

2.3 Hogst

Reglane i punkt 2.1. er ikkje til hinder for:

a)Hogst av ved til eigen bruk for hytter, stølar o.l. i landskapsvernområdet.
b)Avverking av ståande kulturskog, etablering av ny skog med stadeigne treslag og nødvendige skogkulturtiltak i samsvar med forvaltningsplanen etter § 7.
c)Hogst i samsvar med plan godkjent av forvaltningsstyresmakta. 
3. Dyrelivet
3.1 Vern av dyrelivet

Det er ikkje tillate å innføre nye dyreartar.

3.2 Jakt og fiske

Jakt er tillate etter viltlova.

Fiske er tillate etter lakse- og innlandsfiskelova. 

4. Ferdsel
4.1 Generelt om ferdsel

All ferdsel skal skje med varsemd og slik at det ikkje skjer skade på naturmiljø eller kulturminne.

4.2 Organisert ferdsel

Reglane i denne forskrifta er ikkje til hinder for organisert turverksemd til fots så lenge naturmiljøet ikkje blir skadelidande.

Annan organisert ferdsel og ferdselsformer som kan skade naturmiljøet må ha særskilt løyve av forvaltningsstyresmakta. Utover dette vises det til forvaltningsplanen i § 7.

4.3 Bruk av sykkel og hest

Sykling og organisert bruk av hest er berre tillate på veger eller trasear som er godkjend for slik bruk i forvaltningsplanen etter § 7.

4.4 Regulering av ferdsel

Innafor landskapsvernområdet kan Miljødirektoratet ved forskrift regulere eller forby ferdsel som kan vere til skade for naturmiljøet.

4.5 Generelle unnatak for ferdsel

Reglane i punkt 4 gjeld ikkje nødvendig ferdsel ved gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgaver bestemt av forvaltningsstyresmakta. 

5. Motorferdsel
5.1 Forbod mot motorferdsel

Motorferdsel er forbode på land, vatn og i lufta under 300 meter.

5.2 Reglane i pkt. 5.1 gjeld ikkje:
a)Nødvendig gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgaver bestemt av forvaltningsstyresmakta.
b)Nødvendig motorferdsel i samband med jordbruk, skogbruk og husdyrnæring.
c)Nødvendig motorferdsel i samband med vedhogst i samsvar med punkt 2.3.
d)Nødvendig motorferdsel for uttransport av felt storvilt.
5.3 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a)Øvingskjøring til formål nemnt i punkt 5.2.a.
b)Bruk av beltekjøretøy på vinterføre eller helikopter for transport av material, utstyr og proviant til hytter, stølshus o.l.
c)Nødvendig motorferdsel i samband med oppgradering/fornying av kraftanlegg og kraftliner, jf. § 3 punkt 1.2.b.3.
0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 4.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unnatak frå reglane når formålet med vernet krev det, for vitskaplege granskingar, for arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi, eller i andre særlege tilfelle når dette ikkje er i strid med verneformålet.

§ 5.Forvaltningsplan

Forvaltningsstyresmakta kan setje i verk tiltak for å fremje formålet med vernet. Det skal utarbeidast ein forvaltningsplan med nærare retningsliner for forvaltning, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon m.m. Forvaltningsplanen skal godkjennast av Miljødirektoratet.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 6.Forvaltningsmynde

Miljødirektoratet fastset kven som er forvaltningsstyresmakt for verneforskrifta.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 7.Rådgivande utval

Forvaltningsstyresmakta kan opprette eit rådgivande utval for forvaltning av landskapsvernområdet.

§ 8.Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft straks.