Forskrift om verneplan for barskog, vedlegg 3, freding av Storskog naturreservat, Tokke kommune, Telemark.

DatoFOR-2005-06-10-566
PublisertII 2005 hefte 3
Ikrafttredelse10.06.2005
Sist endret
Endrer
Gjelder forTokke kommune, Telemark.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort16.06.2005
Rettet28.06.2005 § 4.
KorttittelForskrift om Storskog naturreservat

Fastsett ved kgl.res. 10. juni 2005 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremma av Miljøverndepartementet.

§ 1.Avgrensing

Det freda området ligg innafor følgjande gnr./bnr. i Tokke kommune: 1/2.

Reservatet dekkjer eit totalareal på 929 dekar. Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:6000 datert Miljøverndepartementet mai 2005.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestas.

Verneforskrifta med kart vert oppbevart i Tokke kommune, hos Fylkesmannen i Telemark, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

§ 2.Formål

Formålet med fredinga er å taka vare på eit nær urørt naturområde med sitt biologiske mangfald i form av naturtypar, økosystem, arter og naturlige økologiske prosessar. Området har ein særskilt pedagogisk og vitskapleg verdi som spesialområde for studiar av suksesjonar etter skogbrann, og er eigenarta i form av naturskog med stor variasjon i skogtypar og produktivitet over ein høgdegradient på nær 900 m.

§ 3.Vernereglar

For naturreservatet gjelder følgjande føresegner:

1.Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje innførast. Planting eller såing er ikkje lovleg.
2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging. Utsetjing av dyr er ikkje lovleg.
3.Det må ikkje settast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som til dømes oppføring av bygningar, anlegg og varige og mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkrør, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller anna konsentrert forureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern - eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Motorferdsel til lands er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.
5.Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
6.Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til formålet for fredinga forby eller regulere ferdsla i heile eller delar av naturreservatet ved forskrift.
§ 4.Generelle unntak

Føresegnene i § 3 er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning og oppsyn, likeeins gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver som er bestemt av forvaltingsstyresmakta. Dette unntaket omfattar ikkje øvingskøyring.

Føresegnene i § 3, pkt. 1-4, er ikkje til hinder for:

2.Uttransport av felt storvilt med lett terrenggåande beltekjøretøy som ikkje set varige spor i terrenget.

Føresegnene i § 3, pkt. 1-3, er ikkje til hinder for:

3.Sanking av bær og matsopp.
4.Jakt og fangst etter viltlova, og fiske etter lov om laksefisk og innlandsfisk.
5.Beiting. Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til fredingsformålet ved forskrift regulere beitetrykket i heile eller delar av reservatet.
§ 5.Eventuelle unntak etter søknad

Forvaltingsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Naudsynt motorferdsel i samband med øvingsverksemd knytt til formål nemnt i § 4 pkt. 1.
2.Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stigar, løyper og gamle ferdselsvegar.
3.Avgrensa bruk av reservatet i samband med arrangement nemnd i § 3 pkt. 5.
4.Tiltak i samband med forvalting av vilt og fisk.
§ 6.Generelle dispensasjonsregler

Forvaltningsstyresmakta kan gjera unntak frå forskrifta når formålet med fredinga krev det, samt for vitskapelege undersøkingar, arbeide av særleg verdi for samfunnet, og i særskilde høve dersom det ikkje strir mot formålet med fredinga.

§ 7.Forvaltingsplan

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje formålet med fredinga. Det kan utarbeidast forvaltingsplan, som kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

§ 8.Forvaltingsstyresmakta

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal ha forvaltingsstyresmakta etter denne forskrifta.

§ 9.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft straks.