Forskrift om verneplan for barskog, vedlegg 15, freding av Honnsrøve naturreservat, Skjåk kommune, Oppland.

DatoFOR-2005-06-10-578
PublisertII 2005 hefte 3
Ikrafttredelse10.06.2005
Sist endret
Endrer
Gjelder forSkjåk kommune, Oppland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort16.06.2005
KorttittelForskrift om Honnsrøve naturreservat

Fastsett ved kgl.res. 10. juni 2005 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremma av Miljøverndepartementet.

§ 1.Avgrensing

Det freda området ligg innafor følgjande gnr./bnr. i Skjåk kommune: 246/1.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på 16.421 dekar. Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:25.000 datert Miljøverndepartementet mai 2005.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestas.

Verneforskrifta med kart oppbevarast i Skjåk kommune, hos Fylkesmannen i Oppland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

§ 2.Formål

Formålet med fredinga er å take vare på eit tilnærma urørt skogområde som økosystem med alt naturleg plante- og dyreliv. Av spesielle kvalitetar kan nemnast at området er stort, det er lite råka av inngrep, delar av området har karakter av furuurskog og det har ein av Europas største kjende førekomstar av arten ulvelav.

§ 3.Vernereglar

For naturreservatet gjeld følgjande føresegner:

1.Vegetasjon, medrekna daude busker og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje innførast. Planting eller såing er ikkje lovleg.
2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging. Nye dyreartar må ikkje innførast.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som til dømes oppføring av bygningar, anlegg og varige og mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, gjerder, jordkablar og kloakkrør, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller anna konsentrert forureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Motorferdsel til lands og på vatn er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.
5.Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode. Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til formålet med vernet ved forskrift nekte eller regulere ferdsla i heile eller delar av reservatet.
6.Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding er forbode.
§ 4.Generelle unntak

Føresegnene i § 3 er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning og oppsyn, likeeins gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver som er bestemt av forvaltningsstyresmakta. Dette unntaket omfattar ikkje øvingskjøring.
2.Sanking av bær og matsopp.
3.Jakt etter viltlova.
4.Fiske etter lov om laksefisk og innlandsfisk.
5.Beiting. Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til formålet med vernet ved forskrift regulere beitetrykket i heile eller delar av reservatet.
6.Bruk av hest for uttransport av felt storvilt og i samband med landbruksverksemd.
7a.Drift og vedlikehald av eksisterande energi- og kraftanlegg. For bruk av motorisert transport krevjast særskilt løyve jf. § 5 pkt. 1.
7b.Nødvendig istandsetting ved akutt utfall av energi- og kraftanlegg. Ved bruk av motorisert transport skal det i etterkant sendes melding til forvaltningsstyresmakta.
7c.Oppgradering/fornying av kraftleidningar for heving av spenningsnivå og auking av linetverrsnitt når dette ikkje føresett vesentlige fysiske endringar i forhold til formålet med fredinga. For bruk av motorisert transport krevjast særskilt løyve, jf. § 5 pkt. 1.
§ 5.Eventuelle unntak etter søknad

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Naudsynt motorferdsel i samband med:
-øvingsverksemd knytt til formål nemnd i § 4 pkt. 1.
-jakt etter viltlova, jf. § 4 pkt. 3.
-beiting, jf. § 4 pkt. 5.
-drift og vedlikehald av energi- og kraftanlegg, jf. § 4 pkt. 7 a.
-oppgradering/fornying av kraftleidningar, jf. § 4 pkt 7 c.
2.Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stigar, løyper og gamle ferdselsvegar.
3.Bruk av prepareringsmaskin for oppkjøring av skiløype.
4.Avgrensa bruk av naturreservatet i samband med arrangement nemnd i § 3 pkt. 5.
5.Oppgradering/fornying av kraftleidningar som ikkje fell inn under § 4 pkt. 7 c.
§ 6.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå fredingsføresegnene når føremålet med fredinga krev det, for vitskaplege granskingar, arbeid av særleg verdi for samfunnet, og i særskilde høve dersom det ikkje strir mot formålet med fredinga.

§ 7.Forvaltningsplan

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta fastset, kan utføre skjøtselstiltak for å fremje fredingsformålet. Det kan lagast forvaltningsplan, som kan innehalde nærare retningsliner for utføring av skjøtsel.

§ 8.Forvaltningsstyresmakta

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal ha forvaltningsstyresmakta etter denne forskrifta.

§ 9.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft straks.