Forskrift om Verneplan for skog, vedlegg 4, Luster Allmenning naturreservat, Luster kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2005-09-02-975
PublisertII 2005 hefte 4
Ikrafttredelse02.09.2005
Sist endretFOR-2008-01-09-168
EndrerFOR-1914-11-24
Gjelder forLuster kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort08.09.2005
KorttittelForskrift om Luster Allmenning naturreservat

Fastsett ved Kronprinsreg.res. 2. september 2005 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 9 jan 2008 nr. 168.

§ 1.Avgrensing

Det freda området gjeld følgjande gnr./bnr. i Luster kommune: 216/1.

Reservatet dekkjer eit totalareal på 10 069 daa.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:20 000 datert Direktoratet for naturforvaltning januar 2008. Dei nøyaktige grensene for reservatet skal avmerkast i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart er tilgjengeleg i Luster kommune, hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

0Endra med forskrift 9 jan 2008 nr. 168.
§ 2.Føremål

Føremålet med fredinga er å ta vare på ei større samanhengande, skogkledd fjordside tilnærma urørt av moderne tekniske inngrep, med sitt mangfald av naturtypar, økosystem, artar og naturlege, økologiske prosessar. Området har stor vitskapleg og biologisk verdi som samanhengande stort skogområde med sjeldsynte botaniske og ornitologiske førekomstar, og som studieområde for naturleg granskog i mogleg spreiing.

§ 3.Vernereglar

For naturreservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne plantar eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje førast inn. Planting eller såing er ikkje tillate.
2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging. Utsetjing av dyr er ikkje tillate.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og varige eller mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller andre konsentrerte ureiningar, etterlating av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Motorferdsel på land og på vatn er forbode. Start og landing med luftfartøy er forbode.
5.Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
6.Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til fredingsformålet ved forskrift forby eller regulere ferdsla i heile eller delar av naturreservatet.
§ 4.Generelle unntak

Reglane i § 3 er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsærend, og likeins gjennomføring av skjøtsels- og forvaltingsoppdrag som forvaltingsstyresmakta har gjeve.
2.Drift og vedlikehald av Kystverket sine anlegg og ferdsel i samband med dette.

Reglane i § 3, nr. 1-3, er ikkje til hinder for:

3.Sanking av bær og matsopp.
4.Jakt og fangst etter viltlova, og fiske etter lov om laksefisk og innlandsfisk.
5.Beiting. Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til fredingsføremålet ved forskrift regulere beitetrykket i heile eller delar av reservatet.
6.Vedlikehald av bygningar og anlegg som er i bruk på fredingstidspunktet.
7.Bålbrenning med tørrkvist eller medbrakt ved, i samsvar med gjeldande lovverk.
8.Fiske og fangst etter saltvannsfiskelova, herunder bruk av eksisterande og eventuelt etablering av nye låssettingsplassar.
§ 5.Eventuelle unntak etter søknad

Forvaltingsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Naudsynt motorferdsel i samband med aktivitetar etter:
a.§ 4 nr. 1, øvingskøyring.
b.§ 4 nr. 6, vedlikehald av bygningar og anlegg.
c.§ 5 nr. 3, hogst av etablerte plantefelt.
d.§ 5 nr. 7, oppføring av nye anlegg, flytting av anlegg og tilbygg til eksisterande anlegg for Kystverket.
2.Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stiar, løyper og gamle ferdselsvegar.
3.Hogst av etablerte plantefelt.
4.Avgrensa bruk av reservatet som nemnt i § 3 nr. 5.
5.Tiltak i samband med forvalting av vilt og fisk.
6.Slått og annan tradisjonell skjøtsel av interessant, gammal kulturmark.
7.Oppføring av nye anlegg, flytting av anlegg, og tilbygg til eksisterande anlegg for Kystverket.
8.Hogst av ved til bruk på allmenningshytta og fjellstyrehytta.
9.Oppføring av enkelt uthus til allmenningshytta, dersom allmenningshytta også er tilgjengeleg som forvaltings- og oppsynsbu.
10.Enkle tiltak for vassforsyning til allmenningshytta og fjellstyrehytta.
11.Motorisert transport av ved, proviant og materiell til fjellstyrehytta.
12.Utskifting av eksisterande fjellstyrehytte med ny hytte i meir tradisjonell og miljøtilpassa stil.
13.Etablering av landfester for marin næringsvirksomhet.
§ 6.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når føremålet med fredinga krev det, eller for vitskaplege undersøkingar, arbeid av vesentleg verdi for samfunnet, og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

§ 7.Forvaltingsplan

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje fredingsføremålet. Det kan utarbeidast forvaltingsplan, som kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

§ 8.Forvaltingsstyresmakt

Direktoratet for naturforvalting fastset kven som skal vere forvaltingsstyresmakt etter denne forskrifta.

§ 9.Ikraftsetjing

Denne forskrifta tek til å gjelde straks. Samtidig vert kongeleg resolusjon av 24. november 1914 om oppretting av Skogateigen naturreservat oppheva.