Forskrift om Verneplan for skog, vedlegg 7, Storsteinfjell naturreservat, Fyresdal kommune, Telemark.

DatoFOR-2005-12-16-1543
PublisertII 2005 hefte 6
Ikrafttredelse21.01.2006
Sist endret
Endrer
Gjelder forFyresdal kommune, Telemark.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort21.12.2005
KorttittelForskrift om Storsteinfjell naturreservat

Fastsett ved kgl.res. 16. desember 2005 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10, § 21, § 22 og § 23. Fremma av Miljøverndepartementet.

§ 1.Avgrensing

Det freda området omfattar delar av følgjande gnr./bnr. i Fyresdal kommune: 41/1, 44/ 2, 46/1, 46/4, 46/5, 46/6, 47/1 og 48/1.

Reservatet dekkjer eit totalareal på ca. 9264 dekar.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:20.000 dagsett Miljøverndepartementet desember 2005. Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart vert oppbevart i Fyresdal kommune, hos Fylkesmannen i Telemark, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

§ 2.Føremål

Føremålet med fredinga er å taka vare på eit nær urørt naturområde med sitt biologiske mangfald i form av naturtypar, økosystem, arter og naturlege økologiske prosessar. Området har særskilt vitskapleg verdi som typeområde og er eigenarta i form av gamal naturskog av furu med høg alder og grove dimensjonar.

§ 3.Vernereglar

For naturreservatet gjeld følgjande føresegner:

1.Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje innførast. Planting eller såing er ikkje lovleg.
2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging. Utsetjing av dyr er ikkje lovleg.
3.Det må ikkje settast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som til dømes oppføring av bygningar, anlegg og varige og mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkrør, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller anna konsentrert forureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plante- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Motorferdsel på land og til vanns er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.
5.Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
6.Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til føremålet med fredinga forby eller regulere ferdsla i heile eller delar av naturreservatet ved forskrift.
7.Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding utanfor etablerte stigar og vegar er forbode.
§ 4.Generelle unntak

Reglane i § 3 er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak for ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings-, oppsynsføremål samt gjennomføring av skjøtsels- eller forvaltingsoppgåver som er bestemt av forvaltingstyresmakta for området. Dette unntaket omfattar ikkje øvingskøyring.

Reglane i § 3, nr. 1 - 4, er ikkje til hinder for:

2.Uttransport av felt storvilt med lett terrenggåande beltekjøretøy som ikkje set varige spor i terrenget.
3.Bruk av snøskuter på vinterføre etter fastlagte trasear for naudsynt transport av varer til eksisterande hytter og Brokkestøylen.

Reglane i § 3, nr. 1 - 3, er ikkje til hinder for:

4.Sanking av bær og matsopp.
5.Jakt og fangst etter viltlova og fiske etter laksefisk- og innlandsfiskelova.
6.Oppsetting av mobile jakttårn for storviltjakt.
7.Vedlikehald av ei hytte på kvar av eigedomane 46/4 og 46/5.
8.Rydding og vedlikehald av et nærare avgrensa eksisterande ope område rundt eksisterande hytter og Brokkestøylen, etter nærare avtale med forvaltningsstyresmakta, jf. § 8.
9.Beiting. Direktoratet for naturforvaltning kan likevel av omsyn til verneføremålet ved forskrift regulere beitetrykket i heile eller delar av reservatet.
10.Bålbrenning med tørrkvist eller ved ein ber med seg, i samsvar med gjeldande lovverk.
§ 5.Mogelege unntak etter søknad

Forvaltingsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Naudsynt motorferdsel i samband med aktivitetar i:
-§ 4 nr. 1, øvingskøyring.
-§ 4 nr. 2, uttransport av felt storvilt med anna kjøretøy enn lett terrenggåande beltekjøretøy.
-§ 4 nr. 9, oppsetting av gjerder i samband med beiting.
-§ 5 nr. 4, hogst av etablerte plantefelt.
2.Uttak av ved til eige bruk på ei hytte på kvar av eigedomane 46/4 og 46/5 og Brokkestøylen.
3.Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stigar, løyper og gamle ferdselsvegar.
4.Hogst i etablerte plantefelt.
5.Avgrensa bruk av reservatet i samband med arrangement nemnd i § 3, nr. 5.
6.Oppføring av stølshus på gamle tufter på Brokkestøyl.
7.Tiltak i samband med forvaltning av vilt og fisk.
8.Bruk av kløvhest.
§ 6.Generelle dispensasjonsregler

Forvaltingsstyresmakta kan gjera unntak frå forskrifta når formålet med fredinga krev det, for vitskaplege undersøkingar, for arbeid av vesentleg verdi for samfunnet, eller i andre særskilde høve dersom det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

§ 7.Forvaltningsplan

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje føremålet med fredinga. Det kan utarbeidast forvaltingsplan som kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

§ 8.Forvaltingsstyresmakt

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal ha forvaltingsstyresmakta etter denne forskrifta.

§ 9.Ikraftsetjing

Denne forskrifta tek til å gjelda straks.