Forskrift om mellombels vern av Krakksfjellet naturreservat, Solund kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2006-05-30-1731
PublisertII 2008 hefte 3
Ikrafttredelse30.05.2006
Sist endret
Endrer
Gjelder forSolund kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§18, LOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 FOR-1988-10-20-4323 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort31.07.2008   kl. 15.40
KorttittelMellombels vern av Krakksfjellet naturreservat

Heimel: Fastsett av Direktoratet for naturforvaltning 30. mai 2006 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 18 nr. 4, jf. § 8 og § 10, jf. § 21, § 22 og § 23 og delegeringsvedtak 20. oktober 1988 nr. 4323.

§ 1.Avgrensing

Det freda området vedkjem følgjande gnr./bnr.: 49/1 og 49/3.

Reservatet dekkjer eit totalareal på 2363 dekar.

Grensene for reservatet går fram av kart i målestokk 1:8000 datert Direktoratet for naturforvaltning mai 2006.

Kartet og fredningsforskrifta blir lagra i Solund kommune, hos fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

§ 2.Føremål

Føremålet med fredinga er å sikre eit skogområde med alt naturleg plante- og dyreliv mot uheldige inngrep til spørsmålet om varig vern er avklara. Av spesielle kvalitetar kan nemnast at området har gamal naturskog av furu med reliktkarakter i ein region som elles er sterkt prega av avskoging. Dette er ein av dei mest urørte furuskogane i den ytre kystsona på Vestlandet.

§ 3.Vernereglar

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjon, medrekna daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje førast inn. Planting og såing av tre er ikkje tillate.
2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging. Det er ikkje tillate å føre inn nye dyreartar.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., framføring av kloakkleidningar og luftleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller tilførsel av konsentrert forureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Motorisert ferdsel er forbode.
5.Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding utanom eksisterande vegar er forbode.
§ 4.Generelle unnatak

Reglane i § 3 er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning, oppsyn, skjøtsel og forvaltning. Motorferdsel i samband med øving krev særskilt løyve.
2.Sanking av bær og matsopp.
3.Jakt.
4.Fiske.
5.Beiting på eit nivå som ikkje er til skade for fredingsformålet.
6.Vedlikehald av anlegg som er i bruk på fredingstidspunktet.
§ 5.Eventuelle unntak etter søknad

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Naudsynt motorferdsel i samband med tiltak under § 4 pkt. 3 og 6.
2.Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stiar, løyper og gamle ferdselsvegar. Vedlikehald av kulturminne.
§ 6.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når formålet for fredinga krev det, og dessutan for vitskaplege undersøkingar, arbeid som er særleg viktig for samfunnet og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot formålet med fredinga.

§ 7.Forvaltningsstyresmakta

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal ha forvaltningsmyndigheit etter denne forskrift.

§ 8.Ikraftsetjing

Denne forskrifta trer i kraft straks.