Forskrift om område for obligatorisk opplæring i bruk av beltemotorsykkel (snøskuter) på området ved Åmlivatn i Skafså, Tokke kommune, Telemark

DatoFOR-2006-07-25-4956
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endret
Endrer
Gjelder forTokke kommune, Telemark
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§4
Kunngjort
KorttittelForskrift om opplæringsområde snøscooter, Tokke

Hjemmel: Fastsatt av fylkesmannen i Telemark 25. juli 2006 med hjemmel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag § 4 andre ledd.

§ 1.Virkeområde

Denne forskrifta fastsett område for fylka: Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Buskerud og Vestfold, for obligatorisk opplæring i førarkort klasse S for bruk av beltemotorsykkel.

Den obligatoriske opplæringa i førarkort klasse S skal skje i samsvar med kapittel 14 i forskrift 1. oktober 2004 nr. 1339 om trafikkopplæring og førarprøve m.m. Førarkort i klasse S er definert i forskrift 19. januar 2004 nr. 298 om førerkort m.m. § 3-17.

§ 2.Område for obligatorisk opplæring

Området på Skafså i Tokke kommune, ved motorsportbane, er avsett til opplæring i førarkort klasse S for trinn 2, 3 og 4 i bruk av beltemotorsykkel (snøskuter). Området er på 1 350 daa mellom motorsportbanen og Åmlivatn.

Avgrensinga av området kjem fram av vedlagde kart som er datera 24. april 2006. Vedlagd kartskisse er ein del av denne forskrifta.

§ 3.Forbod

Praktisk opplæring i førarkort klasse S for bruk av beltemotorsykkel (snøskuter) i utmark er forbode utanom det avsette området i Skafså i Tokke kommune.

Forbodet gjeld ikkje i område avsett til spesialområde for motorsport, motorcross og liknande i reguleringsplanar, og der dei utfyllande avgjerder til planen opnar for beltemotorsykkel (snøskuter) i dei fylka som er nemnde i § 1.

§ 4.Ikraftsetjing

Denne forskrifta gjeld frå kunngjering. 

pdf.gif