Forskrift om verneplan for Reinheimen, vedlegg 1. Vern av Reinheimen nasjonalpark, Rauma, Norddal, Vågå, Lom, Skjåk og Lesja kommunar, Møre og Romsdal og Oppland.

DatoFOR-2006-11-24-1302
PublisertII 2006 hefte 5
Ikrafttredelse24.11.2006
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forRauma, Norddal, Vågå, Lom, Skjåk og Lesja kommunar, Møre og Romsdal og Oppland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§3, LOV-1970-06-19-63-§4, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort30.11.2006
KorttittelForskrift om Reinheimen nasjonalpark

Fastsett ved kgl.res. 24. november 2006 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 3, jf. § 4 og § 21, § 22 og § 23. Fremma av Miljøverndepartementet. Endra med forskrifter 9 jan 2007 nr. 65, 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

§ 1.Avgrensing

Nasjonalparken gjeld følgjande gnr./bnr.: 

Lesja kommune: 1/1, 1/2, 1/3, 1/4, 1/8, 1/9, 1/10, 1/11, 3/5, 3/18, 1/13, 2/1, 2/16, 2/2, 2/3, 2/4, 2/5, 2/6, 2/7, 2/9, 2/10, 2/11, 2/13, 2/15, 2/17, 2/43, 2/44, 2/50, 2/62, 3/1, 3/3, 3/4, 3/7, 3/8, 3/9, 3/10, 3/11, 3/12, 3/13, 3/15, 3/16, 3/17, 3/19, 3/20, 3/21, 3/26, 4/1, 4/2, 4/3, 4/4, 4/5, 4/6, 4/7, 4/8, 4/9, 4/10, 4/11, 4/12, 4/14, 4/15, 4/20, 4/23, 4/24, 4/27, 4/28, 4/29, 4/30, 5/2, 5/3, 5/5, 6/1, 6/2, 6/3, 6/4, 6/5, 6/7, 6/8, 6/23, 7/1, 7/2, 7/3, 7/4, 7/5, 8/1, 8/2, 8/3, 9/1, 9/2, 9/3, 9/6, 9/8, 10/1, 10/3, 10/4, 10/11, 10/15, 11/1, 11/2, 11/3, 11/5, 11/9, 11/12, 11/24, 12/1, 12/3, 12/5, 12/20, 13/1, 13/2, 13/7, 14/1, 15/1, 16/1, 16/2, 16/4, 17/1, 17/2, 17/3, 17/4, 17/5, 17/6, 17/7, 17/8, 18/1, 19/1, 20/1, 21/1, 22/1, 23/1, 27/2, 24/1, 25/1, 25/2, 26/1, 26/2, 26/3, 26/7, 27/1, 28/1, 29/1, 29/2, 29/4, 30/1, 30/2, 31/1, 31/4, 31/5, 32/1, 32/2, 33/1, 34/1, 34/8, 35/1, 35/2, 35/3, 36/1, 37/1, 37/2, 37/4, 37/5, 38/1, 38/2, 38/3, 39/1, 40/1, 41/1, 41/2, 42/1, 42/2, 43/1, 44/1, 46/1, 46/2, 48/1, 48/2, 48/3, 49/1, 49/2, 50/1, 52/1, 52/2, 53/1, 53/2, 53/3, 54/1, 54/2, 55/1, 56/1, 56/2, 56/4, 56/10, 57/1, 57/2, 57/3, 57/12, 58/1, 59/1, 59/6, 60/1, 61/1, 61/2, 61/3, 61/6, 62/1, 62/2, 63/4, 64/7, 62/3, 62/4, 62/5, 62/6, 62/7, 63/1, 63/2, 63/3, 64/1, 64/2, 64/3, 64/4, 64/5, 64/6, 64/9, 64/10, 64/11, 64/14, 65/1, 65/2, 65/3, 65/4, 65/5, 65/6, 65/7, 65/8, 65/9, 65/10, 65/11, 65/12, 65/13, 65/16, 66/1, 67/1, 68/1, 68/2, 68/3, 68/4, 68/5, 68/6, 69/1, 69/2, 69/4, 70/1, 70/2, 71/1, 71/2, 71/3, 71/4, 71/12, 72/1, 72/3, 73/1, 73/3, 73/4, 73/5, 73/7, 73/15, 73/17, 73/18, 73/19, 73/20, 73/21, 73/22, 73/23, 74/1, 75/1, 76/1,2, 77/1, 78/1, 79/1, 80/1, 82/1, 83/1, 84/1, 85/1, 85/2, 86/1, 87/1, 89/2, 88/1, 88/5, 88/2, 88/3, 89/1, 89/3, 89/5, 89/6, 89/7, 90/1, 90/2, 90/4, 90/5, 90/6, 90/8, 90/14, 90/16, 91/1, 91/2, 91/3, 91/4, 91/5, 92/1, 92/2, 92/3, 93/1, 93/2, 94/1, 94/2, 95/1, 95/2, 96/1, 96/2, 96/3, 96/6, 97/1, 97/2, 97/5, 98/1, 99/1, 99/2, 99/5, 100/1, 100/2, 100/3, 100/4, 100/9, 100/15, 100/17, 100/21, 100/25, 100/33, 101/1, 101/2, 101/3, 101/4, 102/1, 102/3, 102/4, 102/5, 102/7, 102/8, 102/9, 102/10, 102/11, 102/15, 102/16, 102/17, 102/20, 102/24, 102/42, 102/60, 103/1, 103/3, 103/4, 103/5, 103/6, 103/7, 104/1, 104/2, 104/3, 104/4, 104/5, 104/6, 104/7, 104/8, 104/11, 105/1, 105/2, 105/3, 105/4, 105/5, 105/6, 105/7, 106/1, 106/2, 106/6, 107/1, 108/1, 108/2, 108/3, 109/1, 109/2, 109/3, 109/5, 109/6, 110/1, 110/2, 110/4, 110/5, 111/1, 111/2, 111/4, 111/5, 111/8, 112/1, 112/2, 113/1, 113/2, 113/3, 113/4, 113/5, 113/9, 114/1, 114/3, 114/4, 114/5, 114/6, 115/1, 115/2, 115/3, 115/11, 116/1, 116/2, 116/4, 116/6, 117/1, 117/2, 117/3, 117/5, 117/6, 117/7, 117/9, 117/19, 117/20, 117/21, 118/1, 118/2, 118/3, 119/1, 119/2, 119/3, 120/1, 120/2, 120/3, 120/4, 120/5, 120/9, 121/1, 121/2, 121/3, 121/5, 121/17, 121/18, 122/1, 122/4, 123/1, 124/1, 124/2, 124/3, 124/4, 124/5, 124/6, 124/7, 124/11, 125/1, 125/2, 125/3, 125/4, 125/7, 126/3, 126/4, 126/6, 126/7, 126/15, 127/1, 127/2, 127/6, 128/4, 128/1, 128/2, 128/3, 129/1, 129/2, 129/4, 130/1, 131/1, 132/1, 133/1, 133/2, 133/3, 133/4, 133/5, 133/6, 133/7, 133/9, 133/14, 134/1, 134/3, 134/4, 134/5, 134/6, 134/8, 135/1, 135/5, 135/6, 135/11, 135/12, 135/13, 135/14, 135/28, 135/29, 135/30, 136/1, 136/2, 136/3, 136/4, 136/6, 136/15, 137/1, 137/2, 137/3, 137/4, 137/5, 137/6, 137/8, 137/9, 138/1, 138/2, 138/3, 139/1, 139/2, 139/3, 139/4, 139/7, 139/8, 139/11, 139/12, 139/15, 140/1, 140/2, 140/3, 140/4, 140/6, 140/7, 140/8, 140/10, 140/12, 140/15, 141/1, 141/2, 141/3, 141/6, 143/1, 143/2, 146/1, 147/1, 148/1, 157/1. 

Skjåk kommune: 246/1. 

Lom kommune: 159/1. 

Vågå kommune: 26/1, 31/1, 55/1 og 159/1. 

Rauma kommune: 3/1, 3/5, 8/1, 8/2, 8/3, 8/4, 9/1, 9/2, 9/6, 9/7, 9/9, 10/1, 10/2, 10/3, 10/6, 13/1, 70/1, 70/2, 70/4, 70/6, 71/1, 71/2, 71/3, 71/4, 71/6, 71/9, 72/1, 82/1, 82/2, 82/3, 82/4, 82/5, 82/6, 82/7, 82/8, 82/9, 82/10, 82/11, 82/12, 82/20, 82/21, 82/22, 82/26, 83/4, 83/5, 83/6, 83/7, 83/8, 83/9, 83/10, 83/11, 83/12, 83/13, 83/14, 83/15, 83/16, 83/17, 85/2, 85/3, 85/5, 85/6, 85/8, 85/9, 85/10, 85/11, 85/28, 85/30, 85/33, 87/1, 88/1, 88/2, 88/3, 88/4, 88/9, 89/1, 89/2, 90/1, 90/3, 90/4, 90/5, 90/6, 90/10, 90/11, 90/12, 90/15, 91/1, 91/2, 91/3, 91/4, 91/5, 91/6 og 202/3. 

Norddal kommune: 12/1,12/2, 12/3, 14/1, 14/2, 14/5, 15/2, 17/1,17/2, 17/3, 17/4, 17/5, 17/6, 17/7, 17/8, 18/1, 18/3, 18/4, 18/5, 18/6, 19/1, 19/2, 19/3, 20/1, 20/2, 20/4, 23/1, 23/2, 23/3, 24/1, 24/2, 25/1, 25/2, 25/3, 25/4, 36/1, 36/2, 37/1, 37/2, 37/3, 37/4, 37/5, 37/6, 37/7, 37/8, 37/12, 40/1, 40/2, 40/6, 40/8, 40/9, 40/10 og 80/1.

Nasjonalparken dekkjer eit totalareal på ca. 1.969 km² .

Grensene for nasjonalparken går fram av kart i målestokk 1:100.000, datert Miljøverndepartementet desember 2006. Dei nøyaktige grensene for nasjonalparken skal merkast av i marka og knekkpunkta skal bli koordinatfesta. Kartet og verneforskrifta finst i Lesja, Skjåk, Lom, Vågå, Rauma og Norddal kommunar, hos Fylkesmannen i Oppland, i Møre og Romsdal fylke, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

0Endra med forskrift 9 jan 2007 nr. 65.
§ 2.Formål

Formålet med oppretting av Reinheimen nasjonalpark er å:

-ta vare på eit stort, samanhengande og villmarksprega fjellområde
-ta vare på eit høgfjellsøkosystem med eit eigenarta og variert biologisk mangfald
-ta vare på sentrale leveområde til villreinstammen i Ottadalen nord
-ta vare på eit viktig referanseområde for forsking med ein aust-vest gradient med stor variasjonsbreidde i høve til geologi, klima, vegetasjon og topografi
-ta vare på landskapsformer og særprega geologiske førekomstar
-ta vare på vassdragsnaturen i området
-verne om kulturminne.

Ålmenta skal ha tilgang til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.

§ 3.Vernereglar
1. Landskapet
1.1. Området er verna mot inngrep av alle slag, mellom anna oppføring av bygningar, tilbygg, gjerde, anlegg og andre varige eller mellombelse innretningar, vegbygging, bergverksdrift, vassdragsregulering, graving og påfylling av masse, sprenging og boring, bryting av stein, mineral eller fossil, fjerning av større stein og blokker, drenering og anna form for tørrlegging, nydyrking, nyplanting, bakkeplanering, framføring av luft- og jordleidningar, bygging av bruer og klopper, oppsetting av skilt, merking av stiar og løyper o.l. Kulturminne skal vernast mot skade og øydelegging. Opplistinga er ikkje uttømmande.
1.2. Reglane i 1.1. er ikkje til hinder for:
a)Vedlikehald av eksisterande bygningar, kjørespor og andre innretningar. Vedlikehald omfattar ikkje ombygging eller utviding av bygningar. Vedlikehald av bygningar skal skje i samsvar med tradisjonell byggeskikk. Eksisterande anlegg og kjørespor kan haldast ved like slik at dagens standard vert oppretthalde.
b)Vedlikehald av merka stiar, løyper, bruer og skilt i medhald av forvaltningsplanen.
c)Tradisjonell drift av eksisterande turisthytter og utleige av private hytter/stølshus.
d)Vedlikehald av eksisterande vassveg frå Tatteråa til Bøåa i medhald av forvaltningsplanen.
1.3. Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:
a)Gjenoppføring av bygningar som går tapt ved brann eller naturskade.
b)Ombygging og utviding av eksisterande bygningar.
c)Oppføring av nødvendige bygningar i regi av beitelag til beitebruk og tilsyn.
d)Bygging av bruer eller klopper.
e)Oppsetting av sanketrøer o.l.
f)Oppsetting av skilt og merking av stiar i medhald av forvaltningsplanen.
g)Oppsetting av kasser for utstyr og proviant ved fiskevatn i Skjåk almenning.

Ombygging, utviding og nybygg skal skje i samsvar med tradisjonell byggeskikk og tilpassast landskapet. 

2. Plantelivet
2.1. Vern av plantelivet

All vegetasjon, også daude tre og buskar, skal vernast mot skade og øydelegging av alle slag. Planting, såing, gjødsling og innføring av nye planteartar er forbode.

2.2. Reglane i 2.1. er ikkje til hinder for:
a)Beiting.
b)Skånsam bruk av trevirke til bålbrenning.
c)Plukking av bær og matsopp.
d)Plukking av vanlege planter til eigen bruk.
e)Bruk av kvist til snarefangst.
f)Uttak av trevirke til brensel for hytter og setrer som ligg i nasjonalparken i samsvar med forvaltningsplanen. 
3. Dyrelivet
3.1. Vern av dyrelivet

Dyrelivet, inkludert hi, reir, hekke, yngle- og gyteplassar, er freda mot skade og unødig uroing. Nye dyreartar må ikkje innførast på land eller i vatn. Kalking av vatn og på land er forbode.

3.2. Reglane i punkt 3.1. er ikkje til hinder for:
a)Fiske etter lakse- og innlandsfisklova
b)Jakt og fangst etter viltlova.
3.3. Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:
a)Utsetjing av fisk frå lokale stammar der dette er gjort tidlegare
b)Kalking som er nødvendig for å reetablere eller hindre at ein art døyr ut på grunn av sur nedbør. Forvaltningsplanen skal fastsetje referanseområde som ikkje kan kalkast. 
4. Kulturminne
4.1. Vern av kulturminne

Kulturminne skal vernast mot skade og øydelegging. Lause kulturminne kan ikkje flyttast eller fjernast.

4.2. Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:

Istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne. 

5. Ferdsel
5.1. Generelt om ferdsel

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.

5.2. Organisert ferdsel

Reglane i denne forskrifta er ikkje til hinder for organisert turverksemd til fots så lenge naturmiljøet ikkje blir skadelidande.

Anna organisert ferdsel og ferdselsformer som kan skade naturmiljøet må ha særskilt løyve av forvaltningsstyresmakta, jf. forvaltningsplanen.

5.3. Sykling, bruk av hundespann og hest

Sykling, organisert køyring med hundespann og organisert bruk av hest er berre lov på veg, trasé eller i område som er godkjend for slik bruk i forvaltningsplanen. Bruk av hest til kløving og gjeting er tillate.

5.4. Regulering av ferdsel

Innanfor nærare avgrensa delar av nasjonalparken kan Miljødirektoratet ved eiga forskrift regulere eller forby ferdsel som kan vere til skade for naturmiljøet.

5.5. Omlegging av stiar

Av omsyn til naturmiljøet eller kulturminne kan forvaltningsstyresmakta legge om og/eller krevje fjerna merking av løyper og stiar.

5.6. Telting

Telting utover ei veke på same stad krev særskilt løyve av forvaltningsstyresmakta. Dette gjeld ikkje vanlege vandretelt.

5.7. Generelle unntak for ferdsel

Reglane i punkt 5 gjeld ikkje i samband med militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse, politi-, rednings-, brannvern-, og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta. 

6. Motorferdsel
6.1. Forbod mot motorferdsel

Motorferdsel på land og på vatn, og bruk av luftfartøy lågare enn 300 meter over bakken, er forbode.

6.2. Reglane i pkt. 6.1. er ikkje til hinder for:
a)Nødvendig motorferdsel i samband med militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse, politi-, rednings-, brannvern-, og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta.
b)Forsvarets naudsynte lågtflyging i perioden 1. juni - 1. april.
6.3. Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:
a)Øvingskøyring til formål nemnt i punkt 6.2.
b)Bruk av beltegåande køyretøy på snødekt mark langs etablerte traséar eller lufttransport for nødvendig transport av ved, materialar eller varer til buer og hytter, utkøyring av båt.
c)Bruk av beltegåande køyretøy på snødekt mark etablerte traséar eller lufttransport for nødvendig motorferdsel i samband med snømålingar og drift av kraftanlegg.
d)Utkøyring av saltstein på snødekt mark i regi av beitelag.
e)Flyging lågare enn 300 meter over bakken i samband med beitedyrleiting og dyreteljingar.
f)Bruk av båt med motor på Ulvådalsvatnet og Leirungsvatnet i samband med fiske, materialtransport og organisert tilsyn av beitedyr.
g)Bruk av båt med motor på Torsvatnet i samband med fiske og transport i samband med jakt.
h)Motorferdsel i samband med vedlikehald av eksisterande vatningsveg frå Tatteråa og Bøåa. 
7. Forureining
7.1. Forbod mot forureining

Forureining og forsøpling er forbode i nasjonalparken. Avfall skal takast med ut av området. All bruk av kjemiske middel som kan påverke naturmiljøet er forbode.

7.2. Støy

All unødvendig støy skal unngåast. Bruk av motor på modellfly, modellbåt mv. er forbode.

Dette er ikkje til hinder for bruk av motorisert isbor til fiskeutsetjingar i kultivering av vatn.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 4.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå vernereglane når formålet med vernet krev det, for vitskaplege granskingar, for arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi, eller i andre særlege høve når dette ikkje strir mot formålet med vernet.

§ 5.Forvaltningsplan

Det skal utarbeidast ein forvaltningsplan med nærare retningsliner for forvaltning, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon, oppsyn mv. Forvaltningsplanen skal godkjennast av Miljødirektoratet.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 6.Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta kan setje i verk tiltak for å fremje formålet med vernet.

§ 7.Forvaltningsstyresmakt

Miljødirektoratet fastset kven som er forvaltningsstyresmakt etter denne forskrifta.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 8.Rådgjevande utval

Det kan opprettast eit rådgjevande utval for forvaltninga av nasjonalparken.

§ 9.Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft straks.