Forskrift om verneplan for Reinheimen, vedlegg 2. Vern av Romsdalen landskapsvernområde, Norddal og Rauma kommunar, Møre og Romsdal.

DatoFOR-2006-11-24-1303
PublisertII 2006 hefte 5
Ikrafttredelse24.11.2006
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forNorddal og Rauma kommunar, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, LOV-1970-06-19-63-§6, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort30.11.2006
KorttittelForskrift om Romsdalen landskapsvernområde

Fastsett ved kgl.res. 24. november 2006 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 5 og § 6, jf. § 21, § 22 og § 23. Fremma av Miljøverndepartementet. Endra med forskrifter 9 jan 2007 nr. 66, 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

§ 1.Avgrensing

Landskapsvernområdet gjeld følgjande gnr./bnr.: 

Norddal kommune: 80/1. 

Rauma kommune: 12/1, 12/2, 12/3, 12/5, 13/1, 13/2, 16/1, 16/2, 16/3, 16/4, 16/5, 65/3, 66/1, 66/3, 66/5, 66/7, 69/2, 69/3, 69/4, 69/6, 69/7, 69/20, 70/1, 70/2, 70/4, 70/6, 71/1, 71/2, 71/3, 71/4, 71/5, 71/6, 71/7, 71/9, 71/13, 71/14, 72/1, 72/2, 72/3, 72/4, 72/5, 72/8, 72/9, 72,10, 72/11, 72/12, 72/13, 72/14, 72/15, 72/16, 72/17, 72/18, 72/20, 72/21, 72/23, 72/26, 78/1, 79/2, 79/3, 79/6, 79/9, 79/12, 79/16, 79/17, 79/35, 80/1, 80/2, 81/1, 81/2, 82/1, 82/2, 82/3, 82/4, 82/5, 82/6, 82/7, 82/8, 82/9, 82/10, 82/11, 82/12, 82/22, 82/23, 82/24, 82/25, 82/26, 82/27, 82/28, 82/29, 82/30, 82/31, 82/32, 82/33, 82/34, 82/35, 82/36, 82/37, 82/39, 82/40, 83/1, 83/2, 83/3, 83/4, 83/5, 83/6, 83/7, 83/8, 83/9, 83/10, 84/1, 84/2, 84/3, 84/4, 84/9, 84/10, 84/11, 85/1, 85/2, 85/3, 85/4, 85/5, 85/6, 85/8, 85/9, 85/10, 85/11, 85/21, 85/24, 85/30, 85/31, 85/33, 85/34, 85/35, 85/36, 85/37, 85/39, 85/40, 85/41, 85/42, 85/44, 85/45, 86/1, 87/1, 88/1, 88/2, 88/3, 88/4, 88/9, 88/13, 88/14, 88/15, 89/1, 89/2, 90/1, 90/2, 90/3, 90/4, 90/5, 90/6, 90/10, 90/11, 90/12, 90/13, 90/14, 90/15, 90/16, 90/17, 91/1, 91/2, 91/3, 91/4, 91/5, 91/6, 91/8, 91/9, 91/10 og 202/3.

Landskapsvernområdet dekkjer eit areal på ca. 136 km² . Grensene for landskapsvernområdet går fram av kart i målestokk 1:100.000, datert Miljøverndepartementet desember 2006.

Kartet og verneforskrifta finst i Norddal og Rauma kommunar, i Møre og Romsdal fylke, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

På kartet er det avmerka ei sone A og ei sone B der det gjeld særskilde reglar. Dei nøyaktige grensene for landskapsvernområdet skal merkast av i marka og knekkpunkta skal bli koordinatfesta.

0Endra ved forskrift 9 jan 2007 nr. 66.
§ 2.Formål

Formålet med opprettinga av Romsdalen landskapsvernområde er å:

-ta vare på eit særprega og vakkert naturlandskap med det biologiske mangfaldet som pregar landskapet
-ta vare på innslag av kulturlandskap der seterhus, setervollar og kulturminne etter fangst og beitebruk utgjer ein vesentleg del av landskapet sin eigenart
-ta vare på eit samanhengande naturområde varierande frå høgfjellet med leveområda til villreinen i Ottadalen nord til dalbotnen med Rauma elv
-ta vare på geologiske førekomstar og landskapsformer, der dei bratte fjellsidene mot Romsdalen utgjer eit særprega landskapselement i området.

Ålmenta skal ha tilgang til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.

§ 3.Vernereglar 
1. Landskapet
1.1. Inngrep i landskapet

Området er verna mot inngrep som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapet sin art eller karakter. Med dei unntaka som følgjer av forskrifta punkt 1.2. og 1.3. er det forbod mot inngrep som oppføring, påbygging og ombygging av bygningar eller anlegg og andre faste eller midlertidige innretningar, vegbygging, vassdragsregulering, oppdemmingar, inngjerding av utmarksareal, oppdyrking og beitekultivering, treslagsskifte, drenering og annan form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, framføring av luftleidningar, bergverksdrift og annan form for grave-, sprengings- eller borearbeid, sprøyting med kjemiske middel, plassering av campingvogner og bubilar, riving av seteranlegg, etablering og merking av turstiar, forureining og forsøpling. Kulturminne skal vernast mot skade og øydelegging. Opplistinga er ikkje uttømmande.

Fylkesmannen avgjer i tvilstilfelle om eit tiltak kan endre landskapet sin art eller karakter vesentleg.

1.2. Reglane i 1.1. er ikkje til hinder for:
a)Drift av eksisterande jordbruksareal og setervollar, herunder gjerding, når dette ikkje er i strid med verneformålet.
b)Vedlikehald av eksisterande bygningar, vegar, jernbane, anlegg og andre innretningar. Alt vedlikehald av bygningar skal ta utgangspunkt i tradisjonell byggeskikk med omsyn til utforming og materialbruk. Arbeidet skal ikkje medføre endringar av storleiken og eksteriøret til bygningen. Eksisterande vegar og andre anlegg kan haldast ved like slik at dagens standard vert oppretthalde.
c)Uttak av lausmassar til vegvedlikehald frå område som er spesielt avsett til formålet gjennom forvaltningsplanen.
d)Oppstilling/plassering av campingvogner og bubilar på areal som er spesielt avsett til formålet gjennom forvaltningsplanen.
e)Vedlikehald av merka stiar, løyper, bruer og skilt som kan oppretthaldast i medhald i forvaltningsplanen.
f)Drift og vedlikehald av eksisterande energi- og kraftanlegg. Bruk av motorisert transport må skje i samsvar med lov om motorferdsel § 4 e.
g)Nødvendig istandsetting ved akutt utfall. Ved bruk av motorisert transport skal det i ettertid sendast melding til forvaltningsstyresmakta.
h)Oppgradering/fornying av kraftanlegg og kraftliner for heving av spenningsnivå og auking av linetverrsnitt når dette ikkje fører til vesentlege fysiske endringar i forhold til verneformålet.
1.3. Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:
a)Oppføring av nødvendige nye bygningar til jordbruks- eller seterformål.
b)Oppføring av nødvendige bygningar i regi av beitelag til beitebruk og tilsyn.
c)Ombygging og tilbygg til eksisterande bygningar i samsvar med forvaltningsplanen.
d)Gjenoppføring av bygningar som går tapt ved brann eller naturskade.
e)Oppattaking av jordbruksdrift eller seterdrift på nedlagte setervollar.
f)Oppdyrking/beitekultivering av nye areal.
g)Omlegging og opprusting av vegar for jord- og skogbruksformål.
h)Riving av seteranlegg.
i)Gjerding i utmark og bygging av sankekveer.
j)Opparbeiding og merking av nye turstiar og løyper.
k)Oppføring av nye bustadhus på gardsbruk.
l)Næringsutvikling i sone B som ikkje er i strid med verneformålet. Nærare rammar skal fastsetjast i forvaltningsplanen.
m)Omlegging og opprusting av jernbane, riksveg/europaveg, og teleinstallasjonar, samt annan infrastruktur i sone B.
n)Tilrettelegging for vintervegar eller barmarkstransport av tømmer i sone B.
o)Masseuttak og -deponering i sone B.
p)Oppgradering/fornying av kraftleidning som ikkje fell inn under pkt. 1.2.
q)Framføring av nye kraftliner. 
2. Plantelivet
2.1. Vern av plantelivet

Plantelivet skal vernast mot skade og øydelegging. Nye planteartar må ikkje innførast.

2.2. Hogst av ved og skogsdrift

For hogst av ved og tømmer gjeld følgjande:

I sone A er hogst av flater over 3 daa forbode.

I sone B skal hogst og skogskjøtsel skje i samsvar med forvaltningsplan.

Endring i samansetnad av treslag ved skogkultur, felling av særmerkte og dekorative tre, felling av furu med brannlyrer eller gaddar og daude tre som er med på å prege landskapet, er forbode.

2.3. Beiting

Beiting er tillate. 

3. Dyrelivet
3.1. Nye dyreartar må ikkje innførast. Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til utsetting av fisk frå lokale fiskestammar der dette er gjort tidlegare.
3.2. Reglane i punkt 3.1. er ikkje til hinder for:
a)Fiske etter lakse- og innlandsfisklova
b)Jakt og fangst etter viltlova. 
4. Ferdsel
4.1. Generelt om ferdsel

All ferdsel skal skje omsynsfullt og varsamt slik at det ikkje skjer skade på landskap, naturmiljø eller kulturminne. Dyrelivet må ikkje forstyrrast.

4.2. Regulering av ferdsel

Innanfor nærare avgrensa delar av landskapsvernområdet kan Miljødirektoratet ved forskrift regulere eller forby ferdsel som kan vere til skade for naturmiljøet.

4.3. Generelle unntak for ferdsel

Reglane i punkt 4 gjeld ikkje nødvendig ferdsel i samband med militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse, politi-, rednings-, brannvern- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta. 

5. Motorferdsel
5.1. Forbod mot motorferdsel

Motorferdsel på land og på vatn og landing med luftfartøy er forbode.

5.2. Reglane i punkt 5.1. er ikkje til hinder for:
a)Motorferdsel i samband med militær operativ verksemd, og tiltak i samband med ambulanse, politi-, rednings-, brannvern- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta.
b)Motorferdsel på offentleg bilveg og jernbane, og køyring til og ved faste bustader.
c)Motorferdsel på følgjande private bomvegar i tida 15. mai - 1. desember:
-Brøstdalsvegen til Kabben, parkeringsplassen før brua over til Tunga, og til Furuholen.
-Vermedalsvegane inn til der stien til Vermevatnet tek av.
d)Motorferdsel i samband med lovleg hogst. For slik transport skal det leggast vekt på å unngå terrengskadar, vegetasjonsslitasje og forstyrring av dyrelivet.
e)Motorferdsel på vegar, nødvendig motorferdsel på innmark og i nærleiken av innmark i samband med landbruksdrift.
f)Motorferdsel i samband med vedlikehald og drift av vegar og kraftanlegg, herunder anleggsvegar, luker og dammar.
g)Bruk av lette beltegåande køyrety i samband med transport av felt elg og hjort under skoggrensa når det ikkje er fare for terrengskade.
5.3. Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:
a)Øvingskøyring til formål nemnt i punkt 5.2. a.
b)Nødvendig transport av ved, materialar eller varer til buer og hytter, utkøyring av båt og nødvendig motorferdsel i samband med snømålingar o.l. på snødekt mark langs etablerte traséar eller ved lufttransport.
c)Utkøyring av saltstein på snødekt mark i regi av beitelag.
d)Nødvendig bruk av bil eller traktor på barmark etter kartfesta/særskilt nemnte eksisterande køyrespor/traktorvegar for transport av materialar, brensel og utstyr til hytter, buer og setrer. Køyrespora/traktorvegane skal framgå av forvaltningsplanen.
e)Motorferdsel på vinterføre som er nødvendig for drift av turistanlegg som ikkje ligg til brøyta bilveg.
f)Motorferdsel i samband med opparbeiding, merking og preparering av skiløyper og skibakkar.
g)Nødvendig motorferdsel i samband med oppgradering/fornying av kraftanlegg og kraftliner, jf. pkt. 1.2. h.
0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 4.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå vernereglane når formålet med vernet krev det, for vitskaplege granskingar, for arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi, eller i andre særlege høve når dette ikkje strir mot formålet med vernet.

§ 5.Forvaltningsplan

Det skal utarbeidast ein forvaltningsplan med nærare retningsliner for forvaltning, oppsyn, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon mv. Forvaltningsplanen skal godkjennast av Miljødirektoratet.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 6.Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta kan setje i verk tiltak for å fremje formålet med vernet.

§ 7.Forvaltningsstyresmakt

Miljødirektoratet fastset kven som er forvaltningsstyresmakt etter denne forskrifta.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 8.Rådgjevande utval

Det kan opprettast eit rådgjevande utval for forvaltninga av landskapsvernområdet.

§ 9.Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft straks.