Forskrift om verneplan for Reinheimen, vedlegg 3. Vern av Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde, Norddal kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-2006-11-24-1304
PublisertII 2006 hefte 5
Ikrafttredelse24.11.2006
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forNorddal kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, LOV-1970-06-19-63-§6, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort30.11.2006
KorttittelForskrift om Tafjorden-Reindalen lv-område

Fastsett ved kgl.res. 24. november 2006 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 5 og § 6, jf. § 21, § 22 og § 23. Fremma av Miljøverndepartementet. Endra med forskrifter 9 jan 2007 nr. 67, 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

§ 1.Avgrensing

Landskapsvernområdet gjeld følgjande gnr./bnr. i Norddal kommune:

14/1, 14/2, 14/5, 15/2, 18/1, 18/3, 18/4, 18/5, 18/6, 19/1, 19/2, 19/3, 20/1, 20/2, 20/4, 23/1, 23/2, 23/3, 24/1, 24/2, 29/1, 29/2, 30/1, 31/1, 31/3, 32/1, 32/2, 32/3, 32/4, 33/1, 33/2, 33/3, 34/1, 34/2, 34/4, 35/1, 35/2, 36/1, 36/2, 37/1, 37/2, 37/3, 37/4, 37/5, 37/6, 37/7, 37/8, 37/12, 38/1, 38/2, 39/1, 40/1, 40/2, 40/6, 40/8 og 40/9.

Landskapsvernområdet dekkjer eit areal på ca. 74 km² . Grensene for landskapsvernområdet går fram av kart i målestokk 1:100.000, datert Miljøverndepartementet desember 2006.

Kartet og verneforskrifta finst i Norddal kommune, i Møre og Romsdal fylke, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for landskapsvernområdet skal merkast av i marka og knekkpunkta skal bli koordinatfesta.

0Endra med forskrift 9 jan 2007 nr. 67.
§ 2.Formål

Formålet med opprettinga av Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde er å:

-ta vare på eit særprega og vakkert naturlandskap med innslag av kulturlandskap der seterhus, setervollar og kulturminne etter fangst og beitebruk utgjer ein vesentleg del av landskapet sin eigenart
-ta vare på eit samanhengande område varierande frå høgfjellet med leveområda til villreinen i Ottadalen nord til rike lauvskoglier langs Tafjorden
-ta vare på geologiske førekomstar og landskapsformer.

Ålmenta skal ha tilgang til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.

§ 3.Vernereglar 
1. Landskapet
1.1. Inngrep i landskapet

Området er verna mot inngrep som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapet sin art eller karakter. Med dei unntaka som følgjer av forskrifta punkt 1.2. og 1.3. er det forbod mot inngrep som oppføring, påbygging og ombygging av bygningar eller anlegg og andre faste eller midlertidige innretningar, vegbygging, vassdragsregulering, oppdemmingar, inngjerding av utmarksareal, oppdyrking og beitekultivering, treslagsskifte, drenering og annan form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, framføring av luftleidningar, bergverksdrift og annan form for grave-, sprengings- eller borearbeid, sprøyting med kjemiske middel, plassering av campingvogner og bubilar, riving av seteranlegg, etablering og merking av turstiar, forureining og forsøpling. Kulturminne skal vernast mot skade og øydelegging. Opplistinga er ikkje uttømmande.

Fylkesmannen avgjer i tvilstilfelle om eit tiltak kan endre landskapet sin art eller karakter vesentleg.

1.2. Reglane i 1.1. er ikkje til hinder for:
a)Drift av eksisterande jordbruksareal og setervollar, herunder gjerding, når dette ikkje er i strid med verneformålet.
b)Vedlikehald av eksisterande bygningar, vegar, anlegg og andre innretningar. Alt vedlikehald på bygningar skal ta utgangspunkt i tradisjonell byggeskikk med omsyn til utforming og materialbruk. Arbeidet skal ikkje medføre endringar av storleiken og eksteriøret til bygningen. Eksisterande vegar og andre anlegg kan haldast vedlike slik at dagens standard vert oppretthalde.
c)Oppstilling/plassering av campingvogner og bubilar på areal som er spesielt avsett til formålet gjennom forvaltningsplanen.
d)Vedlikehald av merka stiar, løyper, bruer og skilt som kan oppretthaldast i medhald i forvaltningsplanen.
1.3 Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:
a)Oppføring av nødvendige nye bygningar til jordbruks- eller seterformål.
b)Oppføring av nødvendige bygningar i regi av beitelag til beitebruk og tilsyn.
c)Ombygging og tilbygg til eksisterande bygningar i samsvar med forvaltningsplanen.
d)Gjenoppføring av bygningar som går tapt ved brann eller naturskade.
e)Oppattaking av jordbruksdrift eller seterdrift på nedlagte setervollar.
f)Oppdyrking/beitekultivering av nye areal.
g)Omlegging og opprusting av vegar for jord- og skogbruksformål.
h)Riving av seteranlegg.
i)Gjerding i utmark og bygging av sankekveer.
j)Masseuttak og -deponering.
k)Opparbeiding og merking av nye turstiar og løyper.
l)Etablering av Kystverket sine anlegg som er nødvendig for tryggleiken på sjøen.
m)Etablering av nødvendige fortøyingsfeste for fiskereiskap, båtar og havbruksanlegg, brygger og naust. 
2. Plantelivet
2.1. Vern av plantelivet

Plantelivet skal vernast mot skade og øydelegging. Nye planteartar må ikkje innførast.

2.2. Skogsdrift

Hogst av flater over 3 daa er forbode.

Endring i samansetnad av treslag ved skogkultur, felling av særmerkte og dekorative tre, felling av furu med brannlyrer eller gaddar og daude tre som er med på å prege landskapet, er forbode.

2.3. Beiting

Beiting er tillate. 

3. Dyrelivet
3.1. Nye dyreartar må ikkje innførast. Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til utsetting av fisk frå lokale fiskestammar der dette er gjort tidlegare.
3.2. Reglane i punkt 3.1. er ikkje til hinder for:
a)Fiske etter lakse- og innlandsfisklova.
b)Jakt og fangst etter viltlova. 
4. Ferdsel
4.1. Generelt om ferdsel

All ferdsel skal skje omsynsfullt og varsamt slik at det ikkje skjer skade på landskap, naturmiljø eller kulturminne. Dyrelivet må ikkje forstyrrast.

4.2. Organisert ferdsel

Reglane i denne forskrifta er ikkje til hinder for organisert turverksemd til fots så lenge naturmiljøet ikkje blir skadelidande.

Anna organisert ferdsel og ferdselsformer som kan skade naturmiljøet må ha særskilt løyve av forvaltningsstyresmakta, jf. forvaltningsplanen.

4.3. Regulering av ferdsel

Innanfor nærare avgrensa delar av landskapsvernområdet kan Miljødirektoratet ved forskrift regulere eller forby ferdsel som kan vere til skade for naturmiljøet.

4.4. Generelle unntak for ferdsel

Reglane i punkt 4 gjeld ikkje nødvendig ferdsel i samband med militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse, politi-, rednings-, brannvern- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta. 

5. Motorferdsel
5.1. Forbod mot motorferdsel

Motorferdsel på land og på vatn og landing med luftfartøy er forbode.

5.2. Reglane i punkt 5.1. er ikkje til hinder for:
a)Motorferdsel i samband med militær operativ verksemd, og tiltak i samband med ambulanse, politi-, rednings-, brannvern- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta.
b)Motorferdsel i samband med lovleg hogst. For slik transport skal det leggast vekt på å unngå terrengskader, vegetasjonsslitasje og forstyrring av dyrelivet.
c)Motorferdsel på traktorvegen til Muldal, innmark og i nærleiken av innmark i samband med landbruksdrift.
d)Motorferdsel i samband med vedlikehald og drift av vegar og kraftanlegg, herunder anleggsvegar, luker og dammar.
e)Motorferdsel på vinterføre til snømålingar i samband med kraftanlegg.
f)Bruk av lette beltegåande kjøretøy i samband med transport av felt elg og hjort under skoggrensa, når det ikkje er fare for terrengskade.
5.3. Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:
a)Øvingskøyring til formål nemnt i punkt 5.2. a.
b)Utkøyring av saltstein på snødekt mark i regi av beitelag.
c)Luft- og snøscootertransport av brensel, materialar, utstyr og proviant til setrer, buer, hytter mv.
d)Nødvendig bruk av traktor på barmark etter kartfesta/særskilt nemnte eksisterande køyrespor/traktorvegar for transport av materialar, brensel og utstyr til hytter, buer og setrer. Køyrespora/traktorvegane skal framgå av forvaltningsplanen.
e)Motorferdsel på vinterføre som er nødvendig for drift av turistanlegg som ikkje ligg til brøyta bilveg.
f)Motorferdsel i samband med opparbeiding, merking og preparering av skiløyper og skibakkar.
0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 4.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå vernereglane når formålet med vernet krev det, for vitskaplege granskingar, for arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi, eller i andre særlege høve når dette ikkje strir mot formålet med vernet.

§ 5.Forvaltningsplan

Det skal utarbeidast ein forvaltningsplan med nærare retningsliner for forvaltning, oppsyn, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon mv. Forvaltningsplanen skal godkjennast av Miljødirektoratet.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 6.Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta kan sette i verk tiltak for å fremme formålet med vernet.

§ 7.Forvaltningsstyresmakt

Miljødirektoratet fastset kven som er forvaltningsstyresmakt etter denne forskrifta.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 8.Rådgjevande utval

Det kan opprettast eit rådgjevande utval for forvaltninga av landskapsvernområdet.

§ 9.Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft straks.