Forskrift om verneplan for Reinheimen, vedlegg 5. Vern av Ottadalen landskapsvernområde, Vågå, Lom og Skjåk kommunar, Oppland.

DatoFOR-2006-11-24-1306
PublisertII 2006 hefte 5
Ikrafttredelse24.11.2006
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forVågå, Lom og Skjåk kommunar, Oppland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, LOV-1970-06-19-63-§6, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort30.11.2006
KorttittelForskrift om Ottadalen landskapsvernområde,

Fastsett ved kgl.res. 24. november 2006 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 5 og § 6, jf. § 21, § 22 og § 23. Fremma av Miljøverndepartementet. Endra med forskrifter 9 jan 2007 nr. 69, 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

§ 1.Avgrensing

Landskapsvernområdet gjeld følgjande gnr./bnr.: 

Vågå kommune: 159/1, 188/1 og 190/1. 

Lom kommune: 20/1, 21/2, 25/1, 34/3, 35/1, 76/1, 77/1, 77/2, 77/4, 78/1, 78/2, 82/1, 82/3, 82/4, 82/6, 82/7, 83/1, 84/1, 88/2, 89/1, 90/1, 91/1, 92/1, 93/1, 94/1, 94/2, 94/3, 94/4, 95/1, 96/1, 97/1, 98/1, 99/1, 102/1, 158/1,159/1 og 160/1. 

Skjåk kommune: 42/1, 46/1, 60/1, 61/1, 62/1, 62/2, 63/2, 71/1, 71/2, 73/1, 74/1, 75/1, 75/2, 76/1, 76/2, 76/3, 77/1, 78/1, 78/5, 79/1, 79/2, 80/1, 81/1, 82/1, 82/2 og 246/1.

Landskapsvernområdet dekkjer eit areal på ca. 223 km² . Grensene for landskapsvernområdet går fram av kart i målestokk 1:100.000, datert Miljøverndepartementet desember 2006.

Kartet og verneforskrifta finst i Vågå, Lom og Skjåk kommunar, hos Fylkesmannen i Oppland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for landskapsvernområdet skal avmerkast i marka og knekkpunkta skal bli koordinatfesta.

0Endra med forskrift 9 jan 2007 nr. 69.
§ 2.Formål

Formålet med Ottadalen landskapsvernområde er å:

-ta vare på eit eigenarta naturlandskap som del av eit samanhengande høgfjellsområde
-ta vare på det biologiske mangfaldet i området, med særleg vekt på villreinstammen i Ottadalen nord
-ta vare på kulturminne mellom anna knytt til vatningsanlegg.

Ålmenta skal ha tilgang til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.

§ 3.Vernereglar 
1. Landskapet
1.1. Inngrep i landskapet

Området er verna mot inngrep som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapet sin art eller karakter. Med dei unntaka som følgjer av forskrifta punkt 1.2 og 1.3 er det forbod mot inngrep som oppføring, påbygging og ombygging av bygningar eller anlegg og andre faste eller midlertidige innretningar, vegbygging, vassdragsregulering, oppdemmingar, inngjerding av utmarksareal, oppdyrking og beitekultivering, treslagsskifte, drenering og annan form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, framføring av luftleidningar, bergverksdrift og annan form for grave-, sprengings- eller borearbeid, sprøyting med kjemiske middel, plassering av campingvogner og bubilar, riving av seteranlegg, etablering og merking av turstiar, forureining og forsøpling. Kulturminne skal vernast mot skade og øydelegging. Opplistinga er ikkje uttømmande.

Fylkesmannen avgjer i tvilstilfelle om eit tiltak kan endre landskapet sin art eller karakter vesentleg.

1.2. Reglane i punkt 1.1 er ikkje til hinder for:
a)Vedlikehald av eksisterande bygningar, vegar, anlegg, gjerde o.l. Alt vedlikehald på bygningar skal ta utgangspunkt i tradisjonell byggeskikk med omsyn til utforming og materialbruk. Arbeidet skal ikkje føre til endringar av storleik eller eksteriøret på bygningen. Eksisterande anlegg kan haldast vedlike slik at dagens standard vert oppretthalde, dette gjeld mellom anna vatningsanlegg i området med dammar og vassvegar.
b)Vedlikehald av merka stiar, løyper, bruer og skilt i høve til forvaltningsplanen.
c)Drift og vedlikehald av eksisterande energi- og kraftanlegg. Bruk av motorisert transport må skje i samsvar med lov om motorferdsel § 4 e.
d)Nødvendig istandsetting ved akutt utfall. Ved bruk av motorisert transport skal det i ettertid sendast melding til forvaltningsstyresmakta.
e)Oppgradering/fornying av kraftanlegg og kraftliner for heving av spenningsnivå og auking av linetverrsnitt når dette ikkje fører til vesentlige fysiske endringar i forhold til verneformålet.
1.3 Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:
a)Ombygging og tilbygg til eksisterande bygningar i samsvar med forvaltningsplanen.
b)Gjenoppføring av bygningar som går tapt ved brann eller naturskade.
c)Gjerding i utmark og bygging av sankekveer.
d)Opparbeiding og merking av nye turstiar og løyper.
e)Utbetring av eksisterande vatningsanlegg.
f)Oppgradering/fornying av kraftleidning som ikkje faller inn under pkt. 1.2.
g)Framføring av nye kraftliner. 
2. Plantelivet
2.1. Vern av plantelivet

Plantelivet skal vernast mot skade og øydelegging. Nye planteartar må ikkje innførast.

2.2. Beiting

Beiting er tillate. 

3. Dyrelivet
3.1. Nye dyreartar må ikkje innførast. Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til utsetting av fisk frå lokale fiskestammar der dette er gjort tidlegare.
3.2. Reglane i punkt 3.1. er ikkje til hinder for:
a)Fiske etter lakse- og innlandsfisklova.
b)Jakt og fangst etter viltlova. 
4. Ferdsel
4.1. Generelt om ferdsel

All ferdsel skal skje omsynsfullt og varsamt slik at det ikkje skjer skade på landskap, naturmiljø eller kulturminne. Dyrelivet må ikkje forstyrrast.

4.2. Organisert ferdsel

Reglane i denne forskrifta er ikkje til hinder for organisert turverksemd til fots så lenge naturmiljøet ikkje blir skadelidande.

Anna organisert ferdsel og ferdselsformer som kan skade naturmiljøet må ha særskilt løyve av forvaltningsstyresmakta, jf. forvaltningsplanen.

4.3. Regulering av ferdsel

Innanfor nærare avgrensa delar av landskapsvernområdet kan Miljødirektoratet ved eiga forskrift regulere eller forby ferdsel som kan vere til skade for naturmiljøet.

4.4 Generelle unntak for ferdsel

Reglane i punkt 4 gjeld ikkje nødvendig ferdsel i samband med militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse, politi-, rednings-, brannvern- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta. 

5. Motorferdsel
5.1. Forbod mot motorferdsel

Motorferdsel til lands og på vatn og landing med luftfartøy er forbode.

5.2. Reglane i punkt 5.1. er ikkje til hinder for:

Motorferdsel i samband med militær operativ verksemd, og tiltak i samband med ambulanse, politi-, rednings-, brannvern- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta.

5.3. Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:
a)Øvingskøyring til formål nemnt i pkt. 5.2.
b)Nødvendig transport av ved, materialar eller varer til buer og hytter, utkøyring av båt og nødvendig motorferdsel i samband med snømålingar o.l. på snødekt mark langs etablerte traséar eller ved lufttransport.
c)Utkøyring av saltstein på snødekt mark i regi av beitelag.
d)Motorferdsel i samband med opparbeiding, merking og preparering av skiløyper og skibakkar.
e)Motorferdsel i samband med vedlikehald av eksisterande vatningsanlegg (dam og vassvegar).
f)Nødvendig motorferdsel i samband med oppgradering/fornying av kraftanlegg og kraftliner, jf. pkt. 1.2. e.
0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 4.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå vernereglane når formålet med vernet krev det, for vitskaplege granskingar, for arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi, eller i andre særlege tilfelle når dette ikkje strir mot formålet med vernet.

§ 5.Forvaltningsplan

Det skal utarbeidast ein forvaltningsplan med nærare retningsliner for forvaltning, oppsyn, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon mv. Forvaltningsplanen skal godkjennast av Miljødirektoratet.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 6.Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta kan sette i verk tiltak for å fremme formålet med vernet.

§ 7.Forvaltningsstyresmakt

Miljødirektoratet fastset kven som er forvaltningsstyresmakt etter denne forskrifta.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 8.Rådgjevande utval

Det kan opprettast eit rådgjevande utval for forvaltninga av landskapsvernområdet.

§ 9.Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft straks.