Forskrift om verneplan for Reinheimen, vedlegg 7. Vern av Lordalen landskapsvernområde, Lesja kommune, Oppland.

DatoFOR-2006-11-24-1308
PublisertII 2006 hefte 5
Ikrafttredelse24.11.2006
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forLesja kommune, Oppland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, LOV-1970-06-19-63-§6, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort30.11.2006
KorttittelForskrift om Lordalen landskapsvernområde,

Fastsett ved kgl.res. 24. november 2006 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 5 og § 6, jf. § 21, § 22 og § 23. Fremma av Miljøverndepartementet. Endra med forskrifter 9 jan 2007 nr. 71, 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

§ 1.Avgrensing

Landskapsvernområdet ligg i Lordalen statsallmenning som er gnr./bnr. 157/1 i Lesja kommune.

Landskapsvernområdet dekkjer eit areal på ca. 21 km² . Grensene for landskapsvernområdet går fram av kart i målestokk 1:100.000, datert Miljøverndepartementet desember 2006.

Kartet og verneforskrifta finst i Lesja kommune, hos fylkesmannen i Oppland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for landskapsvernområdet skal avmerkast i marka og knekkpunkta skal bli koordinatfesta.

0Endra med forskrift 9 jan 2007 nr. 71.
§ 2.Formål

Formålet med Lordalen landskapsvernområde er å:

-ta vare på eit eigenarta og vakkert natur- og kulturlandskap, der verdifullt setermiljø, vegetasjon og kulturminne utgjer ein vesentleg del av landskapets eigenart.
-ta vare på leveområde og trekkområde for villreinen, og anna biologisk mangfald som pregar landskapet.
-ta vare på geologiske førekomstar og landskapsformer.
-ta vare på vakker vassdragsnatur.

Ålmenta skal ha tilgang til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.

§ 3.Vernereglar
1. Landskapet
1.1. Inngrep i landskapet

Området er verna mot inngrep som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapet sin art eller karakter. Med dei unntaka som følgjer av forskrifta punkt 1.2. og 1.3. er det forbod mot inngrep som oppføring, påbygging og ombygging av bygningar eller anlegg og andre faste eller midlertidige innretningar, vegbygging, vassdragsregulering, oppdemmingar, inngjerding av utmarksareal, oppdyrking og beitekultivering, treslagsskifte, drenering og annan form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, framføring av luftleidningar, bergverksdrift og annan form for grave-, sprengings- eller borearbeid, sprøyting med kjemiske middel, plassering av campingvogner og bubilar, riving av seteranlegg, etablering og merking av turstiar, forureining og forsøpling. Kulturminne skal vernast mot skade og øydelegging. Opplistinga er ikkje uttømmande.

Fylkesmannen avgjer i tvilstilfelle om eit tiltak kan endre landskapet sin art eller karakter vesentleg.

1.2. Reglane i punkt 1.1. er ikkje til hinder for:
a)Drift av setervollar og dyrka areal herunder gjerding, når dette ikkje er i strid med verneformålet.
b)Vedlikehald av eksisterande bygningar, vegar, anlegg, gjerde o.l. Alt vedlikehald på bygningar skal ta utgangspunkt i tradisjonell byggeskikk med omsyn til utforming og materialbruk. Arbeidet skal ikkje føre til endringar av storleik eller eksteriøret på bygningen. Eksisterande vegar og anlegg kan haldast vedlike slik at dagens standard vert oppretthalde.
c)Vedlikehald av merka stiar, løyper, bruer og skilt i høve til forvaltningsplan.
d)Oppstilling/plassering av campingvogner og bubilar på areal som er spesielt avsett til formålet gjennom forvaltningsplan.
1.3. Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:
a)Uttak av lausmassar til vegvedlikehald frå område som er spesielt avsett til formålet gjennom forvaltningsplan.
b)Oppføring av nødvendige nye bygningar til jordbruks- og seterformål.
c)Ombygging og tilbygg til eksisterande bygningar i samsvar med forvaltningsplanen.
d)Riving av seteranlegg.
e)Oppattføring av bygningar som er gått tapt ved brann eller naturskade.
f)Oppattaking av jordbruksdrift eller seterdrift på nedlagte setervollar.
g)Oppdyrking/beitekultivering av nye areal.
h)Omlegging og opprusting av vegar for landbruksformål.
i)Bygging av nye landbruksvegar.
j)Gjerding i utmark og bygging av sankekveer.
k)Opparbeiding og merking av nye turstiar og løyper. 
2. Plantelivet
2.1. Vern av plantelivet

Plantelivet skal vernast mot skade og øydelegging. Nye planteartar må ikkje innførast.

2.2. Skogsdrift
a)Hogst er tillate i samsvar med vernskogreglane i skogbrukslova.
b)Skogsdrift på beresvake marktypar skal berre skje på frosen mark.
c)Etablering av ny skog skal i regelen skje ved naturlig forynging, ved behov kan suppleringsplanting nyttast.
d)Felling av særmerkte og dekorative tre, felling av furu med brannlyrer eller gaddar og daude tre som er med på å prege landskapet, er forbode.
2.6. Beiting

Beiting er tillate. 

3. Dyrelivet
3.1. Nye dyreartar må ikkje innførast. Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til utsetting av fisk frå lokale fiskestammar der dette er gjort tidlegare.
3.2. Reglane i punkt 3.1. er ikkje til hinder for:
a)Fiske etter lakse- og innlandsfisklova
b)Jakt og fangst etter viltlova. 
4. Ferdsel
4.1. Generelt om ferdsel

All ferdsel skal skje omsynsfullt og varsamt slik at det ikkje skjer skade på landskap, naturmiljø eller kulturminne. Dyrelivet må ikkje forstyrrast.

4.2. Regulering av ferdsel

Innanfor nærare avgrensa delar av landskapsvernområdet kan Miljødirektoratet ved forskrift regulere eller forby ferdsel som kan vere til skade for naturmiljøet.

4.3. Generelle unntak for ferdsel

Reglane i punkt 4 gjeld ikkje nødvendig ferdsel i samband med militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse, politi-, rednings-, brannvern- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta. 

5. Motorferdsel
5.1. Forbod mot motorferdsel

Motorferdsel på land og på vatn og landing med luftfartøy er forbode.

5.2. Reglane i 5.1. er ikkje til hinder for:
a)Motorferdsel i samband med militær operativ verksemd, og tiltak i samband med ambulanse, politi-, rednings-, brannvern- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta.
b)Motorferdsel på bilveg i Lordalen.
c)Motorferdsel i samband med lovleg hogst. For slik transport skal det leggast vekt på å unngå terrengskadar, vegetasjonsslitasje og forstyrring av dyrelivet.
d)Motorferdsel på vegar, nødvendig motorferdsel på innmark og i nærleiken av innmark i samband med landbruksdrift.
e)Bruk av lette beltegåande kjøretøy i samband med motorisert transport av felt elg og hjort under skoggrensa når det ikkje er fare for terrengskade.
5.3. Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:
a)Øvingskøyring til formål nemnt i pkt. 5.2. a.
b)Nødvendig transport av ved, materialar eller varer til buer og hytter, utkøyring av båt og nødvendig motorferdsel i samband med snømålingar o.l. på snødekt mark langs etablerte traséar eller ved lufttransport.
c)Utkøyring av saltstein på snødekt mark i regi av beitelag.
0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 4.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå vernereglane når formålet med vernet krev det, for vitskaplege granskingar, for arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi, eller i andre særlege tilfelle når dette ikkje strir mot formålet med vernet.

§ 5.Forvaltningsplan

Det skal utarbeidast ein forvaltningsplan med nærare retningsliner for forvaltning, oppsyn, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon mv. Forvaltningsplanen skal godkjennast av Miljødirektoratet.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 6.Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta kan sette i verk tiltak for å fremme formålet med vernet.

§ 7.Forvaltningsstyresmakt

Miljødirektoratet fastset kven som er forvaltningsstyresmakt etter denne forskrifta.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 8.Rådgjevande utval

Det kan opprettast eit rådgjevande utval for forvaltninga av landskapsvernområdet.

§ 9.Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft straks.