Forskrift om verneplan for Reinheimen, vedlegg 8. Vern av Brettingsmoen naturreservat, Lom kommune, Oppland.

DatoFOR-2006-11-24-1309
PublisertII 2006 hefte 5
Ikrafttredelse24.11.2006
Sist endretFOR-2007-01-23-74
Endrer
Gjelder forLom kommune, Oppland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort30.11.2006
KorttittelForskrift om Brettingsmoen naturreservat

Fastsett ved kgl.res. 24. november 2006 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremma av Miljøverndepartementet. Endra 23 jan 2007 nr. 74.

§ 1.Avgrensing

Det freda området omfattar følgjande gnr./bnr. i Lom kommune: 159/1.

Reservatet dekker eit totalareal på 5.750 daa.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:15.000 datert Miljøverndepartementet desember 2006.

De nøyaktige grensene for reservatet skal merkast i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart finst i Lom kommune, hos Fylkesmannen i Oppland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

0Endra ved forskrift 23 jan 2007 nr. 74.
§ 2.Formål

Formålet med fredinga er å take vare på eit til dels urørt naturområde med sitt biologiske mangfald i form av naturtypar, økosystem, artar og naturlege økologiske prosessar. Området har ein særskilt verdi fordi det er eit godt arrondert naturskogområde med furu utan nyare inngrep.

§ 3.Vernereglar

For naturreservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjonen, under dette daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje innførast. Planting eller såing er ikkje tillate.
2.Dyrelivet, under dette reirplassar og hi, er freda mot skade og øydelegging. Utsetting av dyr er ikkje tillate.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og varige eller mellombelse innretningar, fråsetting av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførsler, attlegging av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevernmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Motorisert ferdsle er forbode. Start og landing med luftfartøy er forbode.
5.Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
6.Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til fredingsformålet ved forskrift forby eller regulere ferdsla i heile eller delar av naturreservatet.
7.Bruk av sykkel, hest og kjerre, samt riding er forbode.
§ 4.Generelle unntak

Reglane i § 3 er ikkje til hinder for gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsel og forvaltning som er bestemt av forvaltningsstyresmakta.

Reglane i § 3, nr. 1-4, er ikkje til hinder for uttransport av felt storvilt med lett terrengkjørande beltekjøretøy som ikkje setter varige spor i terrenget.

Reglane i § 3, nr. 1-3, er ikkje til hinder for:

a)Sanking av bær og matsopp.
b)Jakt og fangst etter viltloven, inkludert bruk av kvist til snarefangst, samt fiske etter lakse- og innlandsfiskeloven.
c)Beiting. Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til fredingsføremålet ved forskrift regulere beitetrykket i heile eller delar av reservatet.
d)Bålbrenning med tørrkvist eller medbrakt ved, i samsvar med gjeldande lovverk.
e)Vedlikehald av eksisterande bru over Brettingi.
§ 5.Eventuelle unntak etter søknad

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Nødvendig motorferdsle i samband med aktivitetar etter:
a.Øvingskjøring for formål nevnt i §4 første ledd.
b.Uttransport av felt storvilt med anna kjøretøy enn lett terrengkjørande beltekjøretøy som nevnt i § 4 annet ledd.
c.Vedlikehald av eksisterande bru over Brettingi.
d.Oppsetting av gjerde i samband med beiting.
2.Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stigar, løyper og gamle ferdselsvegar.
3.Etablering av nye stigar.
4.Bruk av sykkel og riding langs bestemte trasear.
5.Avgrensa bruk av reservatet som angitt i § 3 nr. 5.
6.Oppsetting av gjerde i samband med beiting.
7.Tiltak i samband med forvaltning av vilt og fisk.
8.Etablering av gangbru over Finna.
§ 6.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når formålet med fredinga krev det, samt for vitskapelege granskingar, arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot formålet med fredinga.

§ 7.Forvaltningsplan

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta peiker ut, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje fredingsformålet. Det kan utarbeidast forvaltningsplan som kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

§ 8.Forvaltningsstyresmakt

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal ha forvaltningsstyresmakt etter denne forskrifta.

§ 9.Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft straks.