Forskrift om Verneplan for Hallingskarvet. Vedlegg 1. Vern av Hallingskarvet nasjonalpark, Hol kommune, Ulvik herad og Aurland kommune, Buskerud, Hordaland og Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2006-12-22-1545
PublisertII 2006 hefte 5
Ikrafttredelse22.12.2006
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forHol, Ulvik og Aurland kommuner, Buskerud, Hordaland og Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§3, LOV-1970-06-19-63-§4, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort28.12.2006
KorttittelForskrift om Hallingskarvet nasjonalpark

Fastsett ved kgl.res. 22. desember 2006 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 3, jf. § 4 og § 21, § 22 og § 23. Fremma av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

§ 1.Avgrensing

Nasjonalparken gjeld følgjande statsallmenningar:

Hol kommune: 108/1.

Ulvik herad: 38/1.

Aurland kommune: 70/1.

Nasjonalparken gjeld elles følgjande gnr./bnr. i Hol kommune: 6/8, 7/7,14, 7/29, 10/1, 18/2, 19/1, 19/12, 19/14, 19/15, 19/20, 19/24, 19/37, 28/25, 30/1, 30/11, 30/35, 32/8, 32/21, 32/55, 33/10, 35/1, 37/1,3, 41/4,12,14, 41/5, 41/11, 41/43, 42/1, 42/2, 43/4, 47/1, 48/1, 52/9, 55/5, 55/7, 55/8, 55/13, 55/57, 56/2, 57/1, 58/1, 58/4, 59/4, 59/89, 60/5, 60/6, 60/35, 61/5, 61/21, 65/1, 72/2,65, 74/1, 75/1, 75/2.

Nasjonalparken har eit samla areal på omlag 450 km² .

Grensene for nasjonalparken går fram av kart i målestokk 1:100.000, datert Miljøverndepartementet desember 2006. Dei nøyaktige grensene for nasjonalparken skal merkjast av i terrenget. Knekkpunkta skal koordinatfestast. Langs Strandavatnet og Store Vargevatn følgjer grensa høgste regulerte vasstand.

Verneforskrifta med kart finst i Hol, Ulvik og Aurland kommunar, hos fylkesmennene i Buskerud, Hordaland og Sogn og Fjordane, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

§ 2.Formål

Formålet med Hallingskarvet nasjonalpark er å bevare eit stort, særmerkt og tilnærma urørt fjellområde slik at landskapet og det biologiske mangfaldet med økosystem, arter og bestandar, mellom anna villrein, blir bevart. Vernet skal sikre eit karakteristisk landskapselement som er viktig for forståinga av den geologiske historia. Ålmenta skal ha høve til friluftsliv og naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging. Vernet skal sikre verdifulle kulturminne.

§ 3.Vernereglar 
1. Landskapet
1.1. Vern mot inngrep i landskapet

Området er verna mot inngrep av alle slag, til dømes oppføring og ombygging av bygningar, andre varige eller mellombelse innretningar, gjerde og anlegg, vegbygging, bergverksdrift, vassdragsregulering, fjerning eller øydelegging av inventaret i grotter, graving, utfylling, bortlegging av masse, sprenging, boring, bryting av stein, mineral og fossil og fjerning av større stein og blokker, drenering og anna form for tørrlegging, nydyrking, bakkeplanering, framføring av luft- og jordleidningar, bygging av bruer og klopper, oppsetting av skilt, merking av stigar, løyper o.l. Opplistinga av tiltak er ikkje uttømmande.

1.2. Reglane i punkt 1.1. er ikkje til hinder for:
a.vedlikehald av bygningar og anlegg som ikkje fører til bruksendring
b.vedlikehald av stigar, bruer, skilt og liknande i samhøve med forvaltningsplan
c.utsetjing av saltsteinar.

Bruk av motorisert transport krev særskilt løyve jf. § 3 punkt 6.3.

1.3. Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a.gjenoppføring av bygningar som er øydelagde ved brann eller naturskade
b.gjenoppføring av bygningar som blir rivne på grunn av alder og slitasje
c.ombygging og mindre tilbygg til bygningar
d.bygging av bruer og legging av klopper
e.oppsetjing av skilt, merking av nye stigar og løyper, omlegging av eksisterande stigar og løyper
f.oppsetjing av gjerde
g.uttak av stein og torv til bruk på bygningar i nasjonalparken
h.naudsynte erosjonssikringstiltak i strandsona langs Strandavatnet og Store Vargevatn
i.oppsetjing av master for elektroniske bjøller på sau
j.oppsetjing av midlertidige master for tryggleikssamband i samband med gjennomføringa av Skarverennet og Lordemarsjen. 
2. Plantelivet
2.1. Vern av plantelivet

All vegetasjon, også døde buskar og tre, er verna mot all skade og øydelegging. Planting eller såing av tre og annan vegetasjon er forbode.

2.2. Regelen i punkt 2.1. er ikkje til hinder for:
a.beite
b.skånsam bruk av trevirke til bålbrenning
c.plukking av bær og matsopp
d.plukking av vanlege planter til eige bruk
e.rydding av gamle stølsvollar.
2.3. Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til hogst av ved til hytter og stølar i nasjonalparken.
2.4. Regulering av beite

Miljødirektoratet kan ved forskrift regulere beiting som kan skade eller øydeleggje naturmiljøet. 

3. Dyrelivet
3.1. Vern av dyrelivet

Dyrelivet, inkludert hi, reir, hekke-, yngle- og gyteplassar, er freda mot skade og unødig uroing. Utsetjing av dyr på land og i vatn er forbode. Kalking i vassdrag må ha særskilt løyve.

3.2. Reglane i punkt 3.1. er ikkje til hinder for:
a.jakt og fangst etter viltlova
b.fiske og fangst etter lakse- og innlandsfisklova.
3.3. Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a.utsetjing av fisk frå lokale fiskestammer der dette er gjort tidlegare
b.uttak av fisk til avl
c.kalking av vatn der dette er gjort tidlegare, og kalking av vatn og elver dersom det er naudsynt for å hindre at ei art døyr ut. Det skal gjennom forvaltningsplanen fastsetjast eit referanseområde som ikkje kan kalkast. 
4. Kulturminne
4.1. Vern av kulturminne

Kulturminne skal vernast mot skade og øydelegging. Lause kulturminne skal ikkje flyttast eller fjernast.

4.2. Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne. 
5. Ferdsel
5.1. Generelt om ferdsel

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.

5.2. Organisert ferdsel

Organisert ferdsel som kan skade naturmiljøet må ha særskilt løyve frå forvaltningsstyresmakta, jf. forvaltningsplan.

Denne forskrifta er ikkje til hinder for organisert turverksemd til fots så lenge naturmiljøet ikkje blir skadelidande.

5.3. Skarverennet og Lordemarsjen

Skarverennet og Lordemarsjen kan gjennomførast i den form som arrangementa har på vernetidspunktet. Forvaltningsstyremakta kan gi løyve til endringar av arrangementa.

5.4. Sykling og organisert bruk av hest

Sykling og organisert bruk av hest er bare tillate på trasear eller i område som er godkjende for slik bruk i forvaltningsplanen.

5.5. Regulering av ferdsel

Innanfor nærmare avgrensa delar av nasjonalparken kan Miljødirektoratet ved forskrift regulere eller forby ferdsel som kan vere til skade for naturmiljøet.

5.6. Generelle unntak for ferdsel

Reglane i punkt 5 gjeld ikkje ferdsel ved gjennomføring av militær operativ verksemd og ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta. 

6. Motorferdsel
6.1. Forbod mot motorferdsel

Motorferdsel er forbode på land, vatn og i lufta under 300 meter.

6.2. Reglane i punkt 6.1. er ikkje til hinder for:
a.motorferdsel i samband med militær operativ verksemd og ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta
b.bruk av beltegåande «elgtrekk» til uttransport av felt elg og hjort
c.naudsynt motorisert ferdsel på vinterføre i samband med Skarverennet
d.uttransport av sjuke husdyr. Dyret må vere lokalisert før motorkøyrety blir tatt med inn i nasjonalparken. Køyrety som blir brukt skal vere skånsamt mot markoverflata. Det skal vere gitt melding til oppsynet før køyring finn stad.
6.3. Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a.øvingskøyring for formål nemnt i punkt 6.2.a.
b.motorferdsel i samband med vedlikehald, stikking og preparering av skiløyper i samhøve med forvaltningsplanen
c.bruk av beltekøyrety på vinterføre i samband med vedhogst, husdyrhald og anna landbruksverksemd
d.bruk av beltekøyrety på vinterføre for transport av materialar til vedlikehald og byggjearbeid på hytter, stølar, klopper o.l.
e.bruk av beltekøyrety på vinterføre for transport av varer, utstyr og ved til hytter og stølar
f.naudsynt motorferdsel i samband med kalking og fiskekultiveringstiltak
g.bruk av båt med motor i samband med fiske og frakt av felt villrein
h.bruk av beltekøyrety på vinterføre i samband med inspeksjon og vedlikehald av tilsigsområdet for Finse vassverk. 
7. Forureining
7.1. Forbod mot forureining

All bruk av kjemiske middel som kan påverke naturmiljøet er forbode. Avfall skal takast med ut av området.

7.2. Støy

Unødig støy er forbode.

Bruk av motordrivne modellfly o.l. er ikkje tillate.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 4.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå vernereglane når formålet med vernet krev det, for vitskaplege granskingar, for arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi og i andre særlege tilfelle når dette ikkje er i strid med formålet med vernet.

§ 5.Forvaltningsplan

Det skal utarbeidast ein forvaltningsplan med nærmare retningsliner for forvaltning, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon m.m. Forvaltningsplanen skal godkjennast av Miljødirektoratet.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 6.Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta kan setje i verk tiltak for å fremje formålet med vernet.

§ 7.Forvaltningsstyresmakt

Miljødirektoratet bestemmer kven som er forvaltningsstyresmakt for verneforskrifta.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 8.Rådgjevande utval

Forvaltningsstyresmakta kan opprette eit rådgjevande utval for forvaltning av nasjonalparken.

§ 9.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft straks.