Forskrift om Verneplan for Hallingskarvet. Vedlegg 2. Vern av Finse biotopvernområde, Ulvik herad, Hordaland.

DatoFOR-2006-12-22-1546
PublisertII 2006 hefte 5
Ikrafttredelse22.12.2006
Sist endret
Endrer
Gjelder forUlvik kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1981-05-29-38-§7
Kunngjort28.12.2006
KorttittelForskrift om Finse biotopvernområde, Ulvik

Fastsett ved kgl.res. 22. desember 2006 med heimel i lov 29. mai 1981 nr. 38 om viltet § 7 andre ledd. Fremma av Miljøverndepartementet.

§ 1.Avgrensing

Biotopvernområdet gjeld følgjande statsallmenning:

Ulvik herad: 38/1.

Biotopvernområdet har eit samla areal på om lag 6,7 km² .

Grensene for biotopvernområdet går fram av kart i målestokk 1:100.000, datert Miljøverndepartementet desember 2006. Dei nøyaktige grensene for biotopvernområdet skal merkjast av i terrenget. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart finst i Ulvik herad, hos Fylkesmannen i Hordaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

§ 2.Formål

Formålet med Finse biotopvernområde er å sikre eit viktig trekkområde for villrein og binde saman leveområde for villreinen på Hardangervidda og i Nordfjella.

§ 3.Vernereglar 
1. Naturmiljøet
1.1. Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan gjere villreinen sitt livsmiljø ringare eller hindre villreinen sin bruk av området. Med dei unntaka som følgjer av forskrifta punkt 1.2 og 1.3 er det forbode med inngrep som oppføring av bygningar, andre varige eller mellombelse innretningar, gjerde og anlegg, vegbygging, bergverksdrift, vassdragsregulering, graving, utfylling, bortlegging av masse, sprenging, boring, bryting av stein, mineral og fossil og fjerning av større stein og blokker, drenering og anna form for tørrlegging, nydyrking, bakkeplanering, framføring av luft- og jordleidningar o.l. Opplistinga er ikkje uttømmande.
1.2. Reglane i punkt 1.1. er ikkje til hinder for:
a.beiting. Direktoratet for naturforvaltning kan ved forskrift regulere eller forby beite som kan skade eller øydeleggje naturmiljøet.
b.jakt og fangst etter viltlova.
c.fiske etter lakse- og innlandsfisklova.
d.vedlikehald av anlegg og bygningar.
e.vedlikehald av stigar, bruer, skilt og liknande i samhøve med forvaltningsplan.
f.drift og vedlikehald av eksisterande energi- og kraftanlegg.
g.naudsynt istandsetjing av energi- og kraftanlegg ved akutt utfall. Ved bruk av motorisert transport skal det i ettertid sendast melding til forvaltningsstyresmakta.
h.oppgradering eller fornying av kraftlinjer for heving av spenningsnivå og auke av linjetverrsnitt når dette ikkje inneber vesentlege fysiske endringar i strid med formålet med vernet.

Bruk av motorisert transport krev særskilt løyve, jf. § 3 punkt 3.3, med unntak for punkt 1.2. g.

1.3. Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a.bygging av bruer og legging av klopper
b.oppsetjing av skilt, merking av nye stigar og løyper, omlegging av eksisterande stigar og løyper
c.oppsetjing av gjerde
d.oppsetjing av master for elektroniske bjøller på sau
e.oppsetjing av midlertidige master for tryggleikssamband i samband med gjennomføringa av Skarverennet
f.oppgradering eller fornying av kraftlinjer som ikkje fell inn under punkt 1.2. h
g.framføring av nye kraftlinjer
h.oppsetjing av snøskjermar for Jernbaneverkets behov. 
2. Ferdsel
2.1. Generelt om ferdsel

All ferdsel skal skje omsynsfullt og varsamt slik at det ikkje skjer skade på villreinen sitt leveområde. Villreinen må ikkje uroast.

2.2. Organisert ferdsel

Organisert ferdsel som kan skade naturmiljøet må ha særskilt løyve frå forvaltningsstyresmakta, jf. forvaltningsplan.

Denne forskrifta er ikkje til hinder for organisert turverksemd til fots så lenge naturmiljøet ikkje blir skadelidande.

Skarverennet kan gjennomførast i den form som det har på vernetidspunktet. Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til endringar av arrangementet.

2.3. Regulering av ferdsel

Innanfor nærmare avgrensa delar av biotopvernområdet kan Direktoratet for naturforvaltning ved særskilt forskrift regulere eller forby ferdsel eller ferdselsformer når det er naudsynt for å unngå uroing av villreinen.

2.4. Generelle unntak for ferdsel

Reglane i punkt 2 gjeld ikkje naudsynt ferdsel ved gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta. 

3. Motorferdsel
3.1. Forbod mot motorferdsel

Motorferdsel er forbode på land og vatn, og i lufta under 300 meter.

3.2. Regelen i punkt 3.1 er ikkje til hinder for:
a.motorferdsel ved gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta.
b.naudsynt motorisert ferdsel på vinterføre i samband med Skarverennet.
c.bruk av motorisert transport i samband med punkt 1.2. g.
d.uttransport av sjuke husdyr. Dyret må vere lokalisert før motorkøyrety blir tatt med inn i biotopvernområdet. Køyrety som blir brukt skal vere skånsamt mot markoverflata. Det skal vere gitt melding til oppsynet før køyring finn stad.
3.3. Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a.naudsynt motorisert ferdsel i samband med aktivitetar nemnde i punkt 1.2. f og punkt 1.2. h
b.øvingskøyring for formål nemnde i punkt 3.2. a
c.motorferdsel i samband med vedlikehald og stikking av skiløyper
d.bruk av beltekøyrety på vinterføre i samband med husdyrhald og annan landbruksverksemd
e.bruk av beltekøyrety på vinterføre for transport av materialar til vedlikehald og byggjearbeid på klopper o.l.
f.bruk av beltekøyrety på vinterføre for transport av varer, utstyr, ved og materialar til vedlikehald og byggjearbeid på Klemsbu
g.naudsynt motorferdsel i samband med kalking og fiskekultiveringstiltak
h.bruk av beltekøyrety på vinterføre i samband med inspeksjon og vedlikehald av tilsigsområdet for Finse vassverk
i.naudsynt bruk av motorkøyrety for Jernbaneverket i samband med oppsetjing og vedlikehald av snøskjermar.
§ 4.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå vernereglane når formålet med vernet krev det, for vitskaplege granskingar, for arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi og i andre særlege tilfelle når dette ikkje er i strid med formålet med vernet.

§ 5.Forvaltningsplan

Det skal utarbeidast ein forvaltningsplan med nærmare retningsliner for forvaltning, tilrettelegging, informasjon m.m. Forvaltningsplanen skal godkjennast av Direktoratet for naturforvaltning.

§ 6.Forvaltningsstyresmakt

Direktoratet for naturforvaltning bestemmer kven som er forvaltningsstyresmakt for verneforskrifta.

§ 7.Rådgjevande utval

Forvaltningsstyresmakta kan opprette eit rådgjevande utval for forvaltning av biotopvernområdet.

§ 8.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft straks.