Forskrift om verneplan for skog. Vedlegg 3. Vereknutane naturreservat, Froland og Åmli kommunar, Aust-Agder

DatoFOR-2007-12-21-1632
PublisertII 2007 hefte 5
Ikrafttredelse21.12.2007
Sist endret
Endrer
Gjelder forFroland og Åmli kommunar, Aust-Agder
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort03.01.2008   kl. 15.50
KorttittelForskrift om Vereknutane naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 21. desember 2007 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremma av Miljøverndepartementet.

§ 1.Avgrensing

Naturreservatet omfattar følgjande gnr./bnr: 1/1,2,6 i Åmli kommune og 82/25,84 i Froland kommune.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca. 17 437 dekar. Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:30 000 dagsett Miljøverndepartementet desember 2007. Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart vert oppbevart i Froland og Åmli kommunar, hos Fylkesmannen i Aust-Agder, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

§ 2.Føremålet

Føremålet med naturreservatet er å take vare på eit stort heiområde som er representativt for indre deler av Aust-Agder. Fleire stader finst særleg verdifull naturfuruskog med fleire hundre år gamle furutre med et rikt innslag av raudlisteartar knytt nettopp til furu.

§ 3.Vernereglar

For naturreservatet gjeld følgjande føresegner:

1.Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter og sopp (inkludert lav) eller deler av desse frå reservatet. Nye planteartar må ikkje innførast. Planting eller såing er ikkje lovleg.
2.Dyrelivet, medrekna hi, reir, hekke-, yngle- og gyteplassar er freda mot skade og øydelegging. Utsetjing av dyr er ikkje lovleg.
3.Det må ikkje settast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, tildømes oppføring av bygningar, anlegg eller varige eller midlertidige innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar eller kloakkrør, bygging av vegar, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling eller lagring av masse, utføring av kloakk eller anna konsentrert forureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking eller bruk av kjemiske plante- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Motorferdsle er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.
5.Bruk av sykkel og hest og kjerre samt riding er forbode utanfor etablerte stigar og vegar og på trasear som er godkjende i medhald av forvaltningsplan, jf. § 7.
6.Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
7.Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til føremålet med vernet ved forskrift forby eller regulere ferdselen i heile eller delar av området.
§ 4.Generelle unntak

Reglane i § 3 er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak for politi-, brannvern-, rednings-, ambulanse- og oppsynsføremål samt gjennomføring av skjøtsels- eller forvaltingsoppgåver som er bestemt av forvaltingsstyresmakta. Dette unntaket omfattar ikkje øvingskøyring.

Reglane i § 3, nr. 1-4, er ikkje til hinder for:

2.Motorferdsle som er naudsynt for å transportere ut sjuk og skadd bufe. Køyring skal ikkje finne stad før det sjuke eller skadde dyret er lokalisert. Kjøretøyet som nyttast må vere skånsamt mot markoverflata. Oppsynet eller forvaltningsstyresmakta skal ha melding om køyringa, jf. § 8, før køyringa finn stad.
3.Uttransport av felt elg og hjort med lett terrenggåande beltekjøretøy som ikkje set varige spor i terrenget.
4.Uttransport av felt elg og hjort med traktor langs traktorsleper nærare kartfesta i forvaltningsplan, jf. § 7.

Reglane i § 3, nr. 1-3, er ikkje til hinder for:

5.Vedlikehald av bygningar, traktorsleper og anlegg som er i bruk på fredingstidspunktet.
6.Sanking av bær og matsopp.
7.Beiting. Direktoratet for naturforvaltning kan ved forskrift regulere beiting som kan skade eller øydeleggje naturmiljøet.
8.Jakt og fangst etter viltloven og fiske etter lakse- og innlandsfiskloven.
9.Oppsetting av mellombels mobile jakttårn.
10.Brenning av bål med tørrkvist eller ved ein ber med seg inn i reservatet, i samsvar med gjeldande lovverk.
11.Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stiar, løyper, bruer, skilt og liknande.
12.
a.Drift og vedlikehald av eksisterande energi- og kraftanlegg. Bruk av motorisert transport krev eige løyve jf. § 5 nr. 4.
b.Naudsynt istandsetting av kraftlinjer ved akutt utfall. Ved bruk av motorisert transport skal det i etterkant sendast melding til forvaltningsstyresmakta.
c.Oppgradering/fornying av kraftlinjer for heving av spenningsnivå og auke av linetverrsnitt når dette ikkje fører til vesentlege fysiske endringar i forhold til verneføremålet. Bruk av motorisert transport krev eige løyve jf. § 5 nr. 4.
§ 5.Moglege unntak etter søknad

Forvaltingsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Tiltak i samband med forvaltning av vilt og fisk.
2.Avgrensa bruk av reservatet som angitt i § 3 nr. 6.
3.Oppgradering/fornying av kraftlinjer som ikkje faller inn under § 4 nr. 12 c.
4.Naudsynt motorferdsle i samband med:
-Øvingskøyring for formål nemnt i § 4 nr. 1.
-Utfrakt av felt elg og hjort med andre typar køyretøy enn nemnt i § 4 nr. 3.
-Aktivitetar nemnt i § 4 nr. 12 a og c.
-Aktivitetar/tiltak nemnt i § 5 nr. 3.
§ 6.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når føremålet med fredinga krev det, for vitskaplege undersøkingar, for arbeid av vesentleg verdi for samfunnet, eller i andre særskilde høve dersom det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

§ 7.Forvaltningsplan

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje føremålet med fredinga. Det kan utarbeidast forvaltingsplan som kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

§ 8.Forvaltningsmynde

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal ha forvaltingsstyresmynde etter denne forskrifta.

§ 9.Ikraftsetjing

Denne forskrifta tek til å gjelde straks.