Forskrift om jakt etter hjort, Askvoll kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2008-09-22-1086
PublisertII 2008 hefte 4
Ikrafttredelse22.09.2008
Sist endret
EndrerFOR-2003-04-28-530
Gjelder forAskvoll kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1981-05-29-38-§16, FOR-2002-03-22-314-§4, FOR-2002-03-22-314-§5
Kunngjort09.10.2008   kl. 15.30
KorttittelForskrift om jakt etter hjort, Askvoll

Heimel: Fastsett av Askvoll kommunestyre 22. september 2008 med heimel i lov 29. mai 1981 nr. 38 om viltet § 16 og forskrift 22. mars 2002 nr. 314 om forvaltning av hjortevilt og bever § 4 og § 5.

§ 1.Det er lov å jakte etter hjort i Askvoll kommune.
§ 2.Minstearealet for godkjenning av vald, fellingsløyver og grunnlag for fordeling av fellingskvote er:
a.1000 dekar for fjellområda på Dalsstølen, Øvre og Nedre Fossedalen, gnr. 263, 264 og 246, avgrensa i aust til kommunegrensa mot Gaular, i nord til eigedomsgrensa mot utmarka til Gjelsvik/Mandelid (tidl. kommunegrense Askvoll/Fjaler), i vest til Langevatnet og Vindheim si utmark og i sør til Fossevika og Ottersteinen gnr. 246 og 263.
b.400 daa for resten av kommunen.
§ 3.Kommunen sin heimel etter forskrifta § 6 til å fråvike minstearealet med inntil 50 % ved tildeling av fellingsløyve vert delegert til rådmannen.
§ 4.Denne forskrifta trer i kraft straks og samstundes vert fastsett minsteareal for Askvoll kommune i forskrift 28. april 2003 nr. 530 om jakt etter hjort, Askvoll kommune oppheva.