Forskrift om jakt etter hjort, Fjaler kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2008-10-27-1177
PublisertII 2008 hefte 4
Ikrafttredelse27.10.2008
Sist endret
EndrerFOR-2001-12-10-1445.
Gjelder forFjaler kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1981-05-29-38-§16, FOR-2002-03-22-314-§4, FOR-2002-03-22-314-§5
Kunngjort06.11.2008   kl. 14.30
KorttittelForskrift om hjortejakt, Fjaler

Heimel: Fastsett av Fjaler kommunestyre 27. oktober 2008 med heimel i lov 29. mai 1981 nr. 38 om viltet § 16 og forskrift 22. mars 2002 nr. 314 om forvaltning av hjortevilt og bever § 4 og § 5.

§ 1.Det er lov å jakte hjort i Fjaler kommune.
§ 2.Minstearealet for godkjenning av vald, fellingsløyver og grunnlag for fordeling av fellingskvote er:
a.200 dekar for gnr. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 97, 98/2, 98/3, 232 og 233.
b.300 dekar for resten av kommunen.
§ 3.Kommunen sin heimel etter forskrifta § 6 til å fråvike minstearealet med inntil 50 % ved tildeling av fellingsløyver vert delegert til rådmannen.
§ 4.Denne forskrifta trer i kraft straks og samstundes vert fastsett minsteareal for hjort i forskrift 10. desember 2001 nr. 1445 om jakt etter hjort og elg, Sogn og Fjordane, oppheva.
§ 5.Plan for hjortestammen vert rullert i 2009.