Forskrift om verneplan for skog. Vedlegg 1. Hisdal naturreservat, Bykle kommune, Aust-Agder

DatoFOR-2008-12-19-1446
PublisertII 2008 hefte 5
Ikrafttredelse19.12.2008
Sist endretFOR-2015-11-02-1316
EndrerFOR-2000-04-01-408, FOR-2000-04-02-409
Gjelder forBykle kommune, Aust-Agder
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort22.12.2008   kl. 16.30
KorttittelForskrift om Hisdal naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 19. desember 2008 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremma av Miljøverndepartementet.
Endringer: 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013), 2 nov 2015 nr. 1316.

§ 1.Avgrensing

Naturreservatet omfattar følgjande gnr./bnr.: 20/2, 3, 4 i Bykle kommune.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca. 16 138 dekar. Grensene for reservatet går fram av kart i målestokk 1:20 000 dagsett Miljødirektoratet februar 2015. Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart vert oppbevart i Bykle kommune, hos Fylkesmannen i Aust-Agder, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet. Det same gjeld jordskiftekartet som vert laga etter grensemerking.

Hisdal naturreservat inkluderer område i nordvest som er eit særs viktig kalvingsområde for villrein i Setesdal Vesthei. Denne delen av reservatet (kalvingssone) har eigne vernereglar/ferdslerestriksjonar som samsvarar med vernereglane for sone B i Steinsbuskardet-Hisdal biotopvernområde, som ligg nordvest for reservatet. Grensa for kalvingssona går fram av kartet. Miljødirektoratet kan ved forskrift oppheve ferdslereguleringane eller endre grensene for desse sonene.

0Endret ved forskrifter 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013), 2 nov 2015 nr. 1316.
§ 2.Føremålet

Føremålet med naturreservatet er både å sikre eit særs viktig kalvingsområde for villrein i Setesdal Vesthei og å ta vare på eit stort skog- og heiområde som er representativt for indre delar av Aust-Agder. Ein høg konsentrasjon av gamle grove furutre i området representerer restar av «kjempe-furuskogar» frå fortida, som er særs viktige for å ta i vare artsmangfaldet knytt til gamle furuskogar.

§ 3.Vernereglar

For naturreservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter og sopp (inkludert lav) eller delar av desse frå reservatet. Nye planteartar må ikkje innførast. Planting eller såing i utmark er forbode.
2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade, unødig uroing og øydelegging. Utsetjing av dyr er forbode.
3.Det må ikkje settast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet eller endre dei naturgjevne produksjonstilhøva for villreinen, gjera villreinen sitt livsmiljø ringare eller hindre villreinen sin bruk av området. Dette gjeld til dømes: Oppføring av bygningar, anlegg, gjerde eller andre varige eller mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker eller liknande, opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar eller kloakkrør, bygging av vegar, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling eller lagring av masse, utføring av kloakk eller anna konsentrert forureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking eller bruk av kjemiske plante- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Motorferdsle er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.
5.Lågtflyging under 300 m er forbode i kalvingssona for villrein (jf. vernekart).
6.Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
7.Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding er forbode utanfor etablerte stigar, vegar og trasear som er godkjende i medhald av forvaltningsplan, jf. § 7.
8.All ferdsle skal skje omsynsfullt og ta særleg omsyn til villreinen. I kalvingssona (nordvest i reservatet, jf. vernekart) er ferdsle forbode i tidsrommet f.o.m. 25. april t.o.m. 31. mai. Miljødirektoratet kan av omsyn til føremålet med fredinga forby eller regulere ferdsla i heile eller delar av naturreservatet ved forskrift.
0Endret ved forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 4.Generelle unntak

Reglane i § 3 er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med politi-, brannvern-, rednings-, ambulanse- og oppsynsføremål, samt gjennomføring av skjøtsels- eller forvaltingsoppgåver som er bestemde av forvaltingsstyresmakta. Dette unntaket omfattar ikkje øvingskøyring.

Reglane i § 3, nr. 1–4, er ikkje til hinder for:

2.Transport ut av felt elg og hjort med lett terrenggåande beltekjøretøy som ikkje set varige spor i terrenget samt slik transport med annen type lett kjøretøy etter veg til Støylsløkjen som er merka av på vernekartet.
3.Motorferdsle som er naudsynt for å transportere ut sjuk og skadd bufe. Køyring skal ikkje finne stad før det sjuke dyret er lokalisert. Kjøretøyet som nyttast må vere skånsamt mot markoverflata. Det skal gjevast melding til ansvarleg oppsyn i forkant av køyringa.
4.Køyring og parkering på bomveg inn til gardane i Store-Hisdal. Bruk av snøscooter på ubrøyta veg inn til Store-Hisdal følgjer føresegnene i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag.
5.Naudsynt bruk av motorkøyretøy for aktivitetar nemnde i nr. 12 og nr. 13 a og b.
6.Naudsynt istandsetting av kraftlinjer ved akutt utfall. Ved bruk av motorisert transport skal det i etterkant sendast melding til forvaltingsstyresmakta.

Reglane i § 3, nr. 1–3, er ikkje til hinder for:

7.Sanking av bær og matsopp.
8.Beiting.
9.Jakt, fangst og fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
10.Brenning av bål i samsvar med gjeldande lovverk med tørrkvist eller ved ein har med seg.
11.Hogging av ved av lauvtre til eige bruk i jakthytte og støyl.
12.Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande vegar, stigar, løyper, bruer, skilt og liknande, inkludert uttak av grus for vedlikehald av veg inn til tunet i Store-Hisdal frå to grustak som er merka av på vernekartet.
13.Følgjande tiltak i området som er merka av som innmark på vernekartet:
a.Rydding og vedlikehald av kulturlandskapet i medhald av godkjent forvaltningsplan jf. § 7. Sistnemnde er ikkje til hinder for rydding av gammal attgrodd kulturmark.
b.Jordbruk utan bruk av kunstgjødsel eller kjemiske sprøytemidlar.
14.Vedlikehald av bygningar som er i bruk på fredingstidspunktet.
15.Naudsynt tynning av vegetasjon 2 m ut frå vegskulder langs veg inn til Store-Hisdal, samt tynning av bestand mellom vegen og elva frå vernegrensa og til grense innmark. Sistnemnte bestand skal ikkje tynnast meir enn at tettleiken er minimum 40 trær/daa.
16.
a.Drift og vedlikehald av eksisterande energi- og kraftanlegg.
b.Oppgradering/fornying av kraftlinjer for heving av spenningsnivå og auke av linetverrsnitt når dette ikkje fører til vesentlege fysiske endringar i forhold til verneføremålet.

Reglane i § 3, nr. 8, er ikkje til hinder for:

17.Ferdsle som følgjer veg og merka løype.
18.Naudsynt ferdsle for grunneigar for tilsyn med eigedomen sin.
0Endret ved forskrift 2 nov 2015 nr. 1316.
§ 5.Spesifiserte dispensasjonsreglar

Forvaltingsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Tiltak i samband med forvaltning av vilt og fisk.
2.Oppbygging på ny av bygningar som er gått tapt ved brann, med utsjånad som opphavleg og til opphavleg bruk.
3.Avgrensa bruk av reservatet i samband med arrangement nemnde i § 3, nr. 6.
4.Oppgradering/fornying av kraftlinjer som ikkje fell inn under § 4 nr. 16 b.
5.Naudsynt motorferdsle i samband med:
-Øvingskøyring for formål nemnde i § 4 nr. 1.
-Utfrakt av felt elg og hjort med andre typar køyretøy enn dei som er nemnde i § 4 nr. 2.
-Aktivitetar nemnde i § 4 nr. 16 a og b.
-Aktivitetar/tiltak nemnde i § 5 nr. 1 og 4.

- Tilsyn og transport av materiell til eksisterande jakthytte og støyl merka av på vernekartet.

6.Bruk av kløvhest.
§ 6.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når føremålet med fredinga krev det, samt for vitskaplege undersøkingar, for arbeid av vesentleg verdi for samfunnet eller i andre særskilde høve dersom det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

§ 7.Forvaltningsplan

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje føremålet med fredinga. Det skal utarbeidast forvaltingsplan eller avtale som kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel eller anna tiltak.

§ 8.Forvaltningsstyresmakt

Miljødirektoratet fastset kven som skal ha forvaltingsstyresmakta etter denne forskrifta.

0Endret ved forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 9.Ikraftsetjing

Denne forskrifta tek til å gjelde straks.

§ 10.Endringar i andre forskrifter

Frå den tid forskrifta trer i kraft, blir det gjort følgjande endringar i andre forskrifter: - - -

0Endringer i forskrift 28. april 2000 nr. 408 om vern av Steinsbuskardet - Hisdal biotopvernområde, Bykle kommune, Aust-Agder, og i forskrift 28. april 2000 nr. 409 om vern av Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde, Bykle, Valle og Bygland kommunar, Aust-Agder, Åseral, Hægebostad, Kvinesdal og Sirdal kommunar, Vest-Agder og Forsand kommune, Rogaland. Endringene er innarbeidet.