Forskrift om verneplan for Smøla. Vedlegg 5. Freding av Kyrhaugvatna naturreservat, Smøla kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2009-01-09-14
PublisertII 2009 hefte 1
Ikrafttredelse09.01.2009
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forSmøla kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§77, FOR-1988-11-03-4324
Kunngjort15.01.2009   kl. 16.05
KorttittelForskrift om Kyrhaugvatna naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 9. januar 2009 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 6 juli 2011 nr. 825 (ny heimel, forskrifta blir gjengitt som den lyder etter endringane), 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

§ 1.Formål

Formålet med naturreservatet er å ta vare på eit område som inneheld trua, sjeldan og sårbar natur i form av eit nasjonalt verdifullt våtmarksområde, med naturleg tilknytt plante- og dyreliv, og økologiske funksjonar. Zoologisk er det spesiell verdi knytt til området som hekkeområde og trekk- og overvintringslokalitet for ei rekke fugleartar og som ein ferskvasslokalitet med eit stort artsmangfald av insekt. Botanisk inneheld området dei særs viktige naturtypane rik kulturlandskapssjø og rikmyr. Området er tilnærma urørt og skil seg ut ved sin eigenart.

§ 2.Geografisk avgrensing

Naturreservatet vedkjem følgjande gnr./bnr.: 12/1 i Smøla kommune.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca. 228 daa, der ca. 205 daa er landareal, og ca. 23 daa er ferskvatn.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:5 000 datert Miljøverndepartementet januar 2009. Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart er lagra i Smøla kommune, hos Møre og Romsdal fylke, i Miljødirektoratet og i Miljøverndepartementet.

0Endret ved forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 3.Vernereglar

I naturreservatet må ingen føreta noko som forringar verneverdiane som er vist i verneformålet.

I naturreservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjonen på land og i vatn, også daude planter, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje innførast. Planting og såing er ikkje tillate.
2.Alt dyreliv, inkludert reirplassar og hiområde, er freda mot skade, øydelegging og unødig forstyrring. Utsetjing av dyr er ikkje tillate.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre dei naturgitte tilhøva, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg, andre varige eller mellombelse innretningar, etablering av oppdrettsanlegg, tilleggsforing av utegangarsau, plassering av campingvogner, brakker og liknande, opplag av båt, framføring av kloakkleidningar, luftleidningar eller jordkablar, bygging av vegar, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering eller lagring av masse, lagring eller dumping av avfall eller tilføring av kloakk, anna forureinande stoff, kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel, kalk eller gjødsel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Bruk av reservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
5.Bruk av sykkel og hest utanom eksisterande vegar og stigar er forbode.
§ 4.Generelle unntak frå vernereglane

Reglane i § 3 andre ledd er ikkje til hinder for:

1.Sanking av bær og matsopp.
2.Fiske etter gjeldande lovverk.
3.Jakt på hjortevilt etter gjeldande lovverk.
4.Drift og vedlikehald av grøfter og anlegg som er i bruk på fredingstidspunktet.
5.Beiting.
6.Opplag av småbåt på etablert båtplass for grunneigar eller rettshavar.
7.
a)Drift og vedlikehald av eksisterande energi- og kraftanlegg.
b)Naudsynt istandsetjing ved akutt utfall av straumforsyninga. Ved bruk av motorkøyretøy skal det i etterkant sendast melding til forvaltningsstyremakta.
c)Oppgradering/fornying av kraftleidningar for heving av spenningsnivå og auke av linetverrsnitt, når dette ikkje medfører store negative endringar i forhold til fredingsformålet. Tiltakshavar skal varsle forvaltningsstyremakta før arbeidet startar.
§ 5.Regulering av ferdsel

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.

I naturreservatet gjeld følgjande reglar om ferdsel:

-Motorisert ferdsel til lands er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.
-Lågtflyging under 300 m er forbode.
-Bruk av vasscooter, vasski, paraglider og liknande er forbode. Forbodet gjeld også bruk av motor på modellbåtar, modellfly og liknande.
§ 6.Generelle unntak frå ferdselsreglane

Ferdselsreglane i § 5 annet ledd er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær, operativ verksemd og tiltak i politi-, brannvern-, ambulanse-, rednings- og oppsynsteneste, og gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver som er bestemt av forvaltningsstyresmakta. Unntaket omfattar ikkje øvingskøyring.

Ferdselsreglane i § 5 andre ledd er ikkje til hinder for:

2.Motorisert transport av sjuke eller skadde dyr. Køyring kan først skje etter at det skadde/sjuke dyret er lokalisert og forvaltningsstyresmakta eller oppsynet er varsla.
§ 7.Spesifiserte dispensasjonsreglar

Forvaltingsstyresmakta kan etter søknad gi løyve til:

1.Nødvendig motorferdsel i samband med:
a.Aktivitetar nemnt i § 4 nr. 3, nr. 7 bokstav a) og bokstav c).
b.Aktivitetar og tiltak som det vert gjeve løyve til med heimel i § 7 nr. 2, 3, 4, 5 og 8.
2.Etablering av nye grøfteutløp for drenering av tilgrensande areal.
3.Oppsetting av gjerde i samband med beiting på utmarksareal.
4.Restaurering og vedlikehald av kulturmark gjennom manuelt uttak av tuegras, høymole og tistel på beite- og slåttemark, maskinell pussing og fjerning av tre og buskar. Der det er tradisjon for det kan det og bli gitt løyve til brenning av gras og lyngheier.
5.Istandsetting, vedlikehald og skjøtsel av, og forsking på kulturminne.
6.Avgrensa bruk av reservatet i strid med det som er fastsett i § 3 nr. 4 og 5.
7.Jakt på grågås i perioden f.o.m. 15. juli t.o.m. 20. august i tråd med godkjent forvaltningsplan.
8.Oppgradering og fornying av kraftleidningar, telefonleidningar og jordkablar som ikkje fell inn under § 4 nr. 7 bokstav c).
9.Øvingskøyring for formål nemnt i § 4 nr. 1.
§ 8.Regulering av beite

Miljødirektoratet kan av omsyn til fredingsformålet ved forskrift regulere beitetrykket i heile eller delar av reservatet.

0Endret ved forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 9.Regulering av jakt

Miljødirektoratet kan av omsyn til fredingsformålet ved forskrift regulere tidspunktet for jakt og fangst samt forby jakt på enkelte artar ut over reglane i viltlova.

0Endret ved forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 10.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå fredingsforskrifta dersom det ikkje strir mot formålet med vernevedtaket og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom sikkerheitsomsyn eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det nødvendig.

§ 11.Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan iverksetje tiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstand som er formålet med vernet i medhald av naturmangfaldlova § 47.

§ 12.Forvaltningsplan

Det kan utarbeidast forvaltningsplan med nærare retningslinjer for forvaltning av naturreservatet. Forvaltningsplanen kan innehalde nærare retningslinjer for gjennomføring av skjøtsel.

§ 13.Forvaltningsmynde

Miljødirektoratet fastset kven som skal ha forvaltingsmynde etter denne forskrifta.

0Endret ved forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 14.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft straks.