Forskrift om verneplan for Smøla. Vedlegg 7. Freding av Sjøvågen naturreservat, Smøla kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2009-01-09-16
PublisertII 2009 hefte 1
Ikrafttredelse09.01.2009
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forSmøla kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§77, FOR-1988-11-03-4324
Kunngjort15.01.2009   kl. 16.05
KorttittelForskrift om Sjøvågen naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 9. januar 2009 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 6 juli 2011 nr. 826 (ny heimel, forskrifta blir gjengitt som den lyder etter endringane), 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

§ 1.Formål

Formålet med naturreservatet er å ta vare på eit tilnærma urørt og nasjonalt verdifullt kystområde, med naturleg tilknytt plante- og dyreliv og økologiske funksjonar. Spesiell botanisk verdi er knytt til brakkvassmiljøet og havstranda med ein nasjonalt sjeldan og truga naturtype. Zoologisk har området ein spesiell verdi som overvintringslokalitet, overnattingsplass og hekkeområde for ein rekke fuglearter. Området har ein god bestand av oter og har naturvitskapeleg verdi og pedagogisk interesse.

§ 2.Geografisk avgrensing

Naturreservatet vedkjem følgjande gnr./bnr.: 7/1,2,3,4,32, 8/1,2,3,6 og 8 i Smøla kommune.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca. 557 daa, der ca. 349 daa er landareal, og ca. 208 daa er ferskvatn og sjøareal.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:5 000 datert Miljøverndepartementet januar 2009. Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart er lagra i Smøla kommune, hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Miljødirektoratet og i Miljøverndepartementet.

0Endret ved forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 3.Vernereglar

I naturreservatet må ingen føreta noko som forringar verneverdiane som er vist i verneformålet.

I reservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjonen på land og i vatn, medrekna tang, tare og daude planter, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje innførast. Planting og såing er ikkje tillate.
2.Alt dyreliv, inkludert reirplassar og hiområde, er freda mot skade, øydelegging og unødig forstyrring. Utsetjing av dyr er ikkje tillate.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre dei naturgitte tilhøva, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg, andre varige eller mellombelse innretningar, etablering av oppdrettsanlegg, skjelkulturar som krev anlegg, plassering av campingvogner, brakker og liknande, opplag av båt, framføring av kloakkleidningar, luftleidningar eller jordkablar, bygging av vegar, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering eller lagring av masse, lagring eller dumping av avfall eller tilføring av kloakk, anna forureinande stoff, kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel, kalk eller gjødsel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Bruk av reservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
5.Bruk av sykkel og hest utanom eksisterande vegar og stigar er forbode.
§ 4.Generelle unntak

Reglane i § 3 andre ledd er ikkje til hinder for:

1.Drift og vedlikehald av Kystverket sine anlegg.
2.Sanking av bær og matsopp.
3.Fiske, inkludert skjelsanking, etter gjeldande lovverk.
4.Jakt og fangst etter gjeldande lovverk i tida f.o.m. 21. august t.o.m. 14. april.
5.Drift og vedlikehald av grøfter og anlegg som er i bruk på fredingstidspunktet.
6.Beiting.
7.Opplag av småbåt på etablert båtplass for grunneigar eller rettshavar.
§ 5.Regulering av ferdsel

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminner.

I naturreservatet gjeld følgjande reglar om ferdsel:

1.Motorisert ferdsel til lands er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.
2.Lågtflyging under 300 m er forbode.
3.Bruk av vasscooter, vasski, paraglider og liknande er forbode. Forbodet gjeld også bruk av motor på modellbåtar, modellfly og liknande.
§ 6.Generelle unntak frå ferdselsreglane

Ferdselsreglane er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær, operativ verksemd og tiltak i politi-, brannvern-, ambulanse-, rednings-, oljevern- og oppsynstjeneste, og gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver som er bestemt av forvaltningsstyresmakta. Unntaket omfattar ikkje øvingskøyring.

Ferdselsreglane i § 5 andre ledd er ikkje til hinder for:

2.Motorisert transport av sjuke eller skadde dyr. Køyring kan først skje etter at det skadde/sjuke dyret er lokalisert og forvaltningsstyresmakta eller oppsynet er varsla.
3.Motorferdsel på og vedlikehald av offentleg og privat veg.
§ 7.Spesifiserte dispensasjonsbestemmelser

Forvaltingsstyresmakta kan etter søknad gi løyve til:

1.Nødvendig motorferdsel i samband med:
a.Aktivitetar nemnt i § 4 nr. 4.
b.Aktivitetar og tiltak som det vert gjeve løyve til med heimel i § 7 nr. 2, 3, 4, 5, 6, 9 og 10.
2.Etablering av nye grøfteutløp for drenering av tilgrensande areal.
3.Oppsetting av gjerde i samband med beiting av utmarksareal.
4.Restaurering og vedlikehald av kulturmark gjennom manuelt uttak av tuegras, høymole og tistel på beite- og slåttemark, maskinell pussing og fjerning av tre og buskar. Der det er tradisjon for det kan det og bli gitt løyve til brenning av gras og lyngheier.
5.Avverking av plantefelt og uttak av framande treslag.
6.Istandsetting, vedlikehald og skjøtsel av, og forsking på kulturminne.
7.Avgrensa bruk av reservatet i strid med det som er fastsett i § 3 nr. 5 og 6.
8.Jakt på grågås i perioden f.o.m. 15. juli t.o.m. 20. august i tråd med godkjent forvaltningsplan.
9.Etablering av nye anlegg, flytting av anlegg, og tilbygg til eksisterande anlegg for Kystverket.
10.Oppgradering og fornying av telefonleidningar og jordkablar som ikkje fell inn under § 4 nr. 9 bokstav c.
11.Etablering av landfeste for fiskereiskap.
12.Øvingskøyring for formål nemnt i § 4 nr. 1.
§ 8.Regulering av beite

Miljødirektoratet kan av omsyn til fredingsformålet ved forskrift regulere beitetrykket i heile eller delar av reservatet.

0Endret ved forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 9.Regulering av jakt

Miljødirektoratet kan av omsyn til fredingsformålet ved forskrift regulere tidspunktet for jakt og fangst samt forby jakt på enkelte artar ut over reglane i viltlova.

0Endret ved forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 10.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå fredingsforskrifta dersom det ikkje strir mot vernevedtakets formål og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom sikkerheitsomsyn eller omsynet til vesentlege samfunnsinteressar gjer det nødvendig.

§ 11.Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan iverksetje tiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstanden som er formålet med vernet i medhald av naturmangfaldlova § 47.

§ 12.Forvaltningsplan

Det kan utarbeidast forvaltningsplan med nærare retningslinjer for forvaltning av naturreservatet. Forvaltningsplanen kan innehalde nærare retningslinjer for gjennomføring av skjøtsel.

§ 13.Forvaltningsmynde

Miljødirektoratet fastset kven som skal ha forvaltingsmynde etter denne forskrifta.

0Endret ved forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 14.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft straks.