Forskrift om verneplan for Smøla. Vedlegg 9. Vern av Sør-Smøla landskapsvernområde med plante- og dyrelivsfreding, Smøla kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2009-01-09-18
PublisertII 2009 hefte 1
Ikrafttredelse09.01.2009
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
EndrerFOR-1944-04-20
Gjelder forSmøla kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§77, FOR-1988-11-03-4324
Kunngjort15.01.2009   kl. 16.05
KorttittelForskrift om Sør-Smøla landskapsvernområde

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 9. januar 2009 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 5, jf. § 6, § 13 og § 14 andre ledd, og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 6 juli 2011 nr. 828 (ny heimel, forskrifta blir gjengitt som den lyder etter endringane), 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

§ 1.Formål

Formålet med landskapsvernområdet er å ta vare på eit eigenarta, vakkert og internasjonalt verneverdig natur- og kulturlandskap med det biologiske mangfald som pregar området. Zoologisk har området verdi som overvintringsområde og som hekkeområde for fugl, bl.a. havørn. Området har og ein tett bestand av oter og sel. Botanisk er det eit særs viktig område med kystlynghei, naturbeitemarker, havstrand og naturtypar knytt til havstrand, brakkvatn og ferskvatn.

§ 2.Geografisk avgrensing

Landskapsvernområdet vedkjem følgjande gnr./bnr.: 13/6, 14/1,3,4,5,6, 16/1,2,3,4, 17/1,2,3, 18/2,3,6,7,27, 21/1,2,3,4, 22/3,4,5,6,10 23/1,2,3,5,7,9, 24/1,2,3,4, 25/1,2,3,4,5,6,7,8,10,11,12,13,14,15,16, 26/1, 27/1, 28/1,2, 29/1,2, 30/1,2, 31/1, 32/1,2,3,4,5,8,9,10,11,12,13,14, 33/1,2,4,5, 35/22, 38/5,7,8 og 9 i Smøla kommune.

Landskapsvernområdet dekkjer eit totalareal på ca. 183 068 daa, der ca. 25 979 daa er landareal og ca. 157 089 daa er sjøareal.

Grensene for landskapsvernområdet går fram av kart i målestokk 1:60 000, dagsett Miljøverndepartementet januar 2009. På kartet er det avmerkt ei sone A og sone B kor det gjeld spesielle reglar. Dei nøyaktige grensene for landskapsvernområdet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart er oppbevart i Smøla kommune, hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Miljødirektoratet og i Miljøverndepartementet.

0Endret ved forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 3.Vernereglar 
1. Landskapet
1.1 Inngrep i landskapet

Området er verna mot inngrep som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapet sin art eller karakter med det rike biologiske mangfald som pregar området.

Med dei unntak som følgjer av § 3 punkt 1.2 og 1.3 er det forbod mot inngrep som oppføring og ombygging av bygningar eller anlegg, vegbygging, bergverksdrift, graving, påfylling av masse, sprenging, boring, uttak og fjerning av stein, masse, mineral eller fossil, drenering, anna form for tørrlegging, nydyrking, nyplanting, bakkeplanering, framføring av luft- og jordleidningar, bygging av bruer og klopper, oppsetting av skilt og merking av stiar, løyper og liknande. Kulturminne som er viktig for verneformålet skal beskyttast mot skade og øydelegging. Opplistinga er ikkje uttømmande. Fylkesmannen avgjer i tvilstilfelle om eit tiltak kan endre landskapet sin art eller karakter vesentleg.

1.2 Reglane i punkt 1.1 er ikkje til hinder for
a)Vedlikehald av bygningar og innretningar.
b)Vedlikehald av merka stiar, skilt, bruer og løyper i samsvar med forvaltningsplan.
c)Jordbruk som ikkje er i strid med verneformålet på eksisterande og tidligare utnytta jordbruksareal, medrekna skånsam lyngsviing og slått, i tråd med prinsipp nedfelt i forvaltningsplan. Rydding av område som er under gjengroing, som ledd i restaurering av lynghei i tråd med prinsipp nedfelt i forvaltningsplan, er tillate.
d)Anlegg av sanketrøer, leskur og nødvendig gjerding for husdyr.
e)Vedlikehald av eksisterande veger.
f)Opplag av småbåt på etablert båtplass for grunneigar eller rettshavar.
g)Drift og vedlikehald av Kystverket sine anlegg.
h)Drift og vedlikehald av eksisterande energi- og kraftanlegg.
i)Naudsynt istandsetjing ved akutt utfall av straumforsyninga. Ved bruk av motorkøyretøy skal det i etterkant sendast melding til forvaltningsstyremakta.
j)Oppgradering/fornying av kraftleidningar for heving av spenningsnivå og auke av linetverrsnitt, når dette ikkje medfører vesentlege fysiske endringar i forhold til verneformålet. Tiltakshavar skal varsle forvaltningsstyresmakta før arbeidet startar.
1.3 Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til
a)Ombygging, restaurering og utviding av eksisterande bygningar.
b)Ny oppføring av bygningar som går tapt ved brann eller naturskade.
c)Etablering av nye grøfteutløp for drenering av tilgrensande areal samt graving eller muring av brønnar i samband med beiteområde eller hus.
d)Brenning av gras og lynghei i samband med skjøtsel av lynghei, som ikkje fell inn under § 3 punkt 1.2 bokstav c.
e)Tilrettelegging for friluftsliv og reiseliv ved bygging av bruer og klopper, anlegg av ankrings- og renovasjonsplassar, flytebrygge, gapahukar og utsiktspunkt samt merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stiar, løyper og gamle ferdselsårer, samt rydding og merking av nye stiar og løyper som er i tråd med forvaltningsplan.
f)Oppføring av nye bygningar og anlegg som er nødvendige til jordbruksformål og fiske når desse ikkje bryt med tradisjonell byggeskikk og landskapet sin karakter.
g)Oppføring av nye bygningar og anlegg som er nødvendige for reiselivet på Hallarøya, Ringsøya og andre øyer og fiskevær med eit eksisterande kulturmiljø i tråd med forvaltningsplan og i samråd med kulturminnestyresmaktene.
h)Istandsetting, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne i samråd med kulturminnestyresmaktene.
i)Havbruksverksemd i sone A når dette ikkje strir mot formålet med vernet.
j)Anlegg for havbeite i sone A når dette ikkje strir mot formålet med vernet.
k)Etablering av nye anlegg, flytting av anlegg, og tilbygg til eksisterande anlegg for Kystverket.
l)Oppgradering og fornying av kraftleidningar, telefonleidningar og jordkablar som ikkje fell inn under § 3 punkt 1.2 bokstav j.
m)Etablering av landfeste for fiskereiskap. 
2. Plantelivet
2.1 Beskyttelse av plantelivet
a)Plantelivet skal beskyttast mot skade og øydelegging. Innføring av nye planteartar er forbode (gjeld ikkje planting i private hagar).
b)Plantelivet som er knytt til eldre kulturmark som for eksempel beitemarkssopp, andre signalartar og artar på den norske raudlista er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode med skogreising og treslagskifte.
2.2 Reglane i punkt 2.1 bokstav a er ikkje til hinder for:
a)Sanking av bær og matsopp, og plukking av vanlege blomsterplanter til privat bruk.
b)Beiting og tilleggsfôring av utegangarsau i tråd med krav etter dyrevernlova.

Miljødirektoratet kan ved forskrift regulere eller forby beite som skadar landskapet sin art og karakter.

c)Drift av innmarka.
d)Skogsdrift og uttak av ved i eksisterande skog i medhald av plan som er godkjent av forvaltningsstyresmakta.
e)Manuell tanghausting.
f)Maskinell tanghausting i tidsrommet f.o.m. 21. august t.o.m. 14. april.
g)Taretråling. 
3. Dyrelivet
3.1 Beskyttelse av dyrelivet

Fuglar og pattedyr, inkludert reirplassar og hiområde, er freda mot skade, øydelegging og unødig forstyrring. Nye dyreartar må ikkje innførast.

3.2 Reglane i punkt 3.1 er ikkje til hinder for
a)Jakt og fangst etter gjeldande lovverk i tida f.o.m. 21. august t.o.m. 14. april. Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til verneformålet ved forskrift regulere tidspunktet for jakt og fangst samt forby jakt på enkelte artar ut over reglane i viltlova. Fangst av villmink er tillate i perioden som følgjer av jakttidsforskrift gitt i medhald av viltlova.
b)Fiske og fangst, inkludert skjelsanking, etter gjeldande lovverk.
c)Seljakt etter gjeldande lovverk i tida f.o.m. 21. august t.o.m. 14. april.
d)Utsetjing og gjenfangst av stadeigne marine artar i samband med havbeitenæring etter akvakulturlova.
3.3 Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til
a)Jakt på grågås i perioden f.o.m. 15. juli t.o.m. 20. august i tråd med godkjent forvaltningsplan. 
4. Ferdsel
4.1 Generelt om ferdsel

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, fugle- og dyrelivet og til kulturminne.

4.2 Organisert ferdsel

Reglane i forskrifta her er ikkje til hinder for organisert turverksemd til fots så lenge naturmiljøet ikkje blir skadelidande.

Annan organisert ferdsel og ferdselsformer som kan skade eller unødig forstyrre naturmiljøet må ha særskilt løyve frå forvaltningsstyresmakta.

4.3 Sykling og organisert bruk av hest

Sykling og organisert bruk av hest er forbode utanom eksisterande vegar, stiar eller trasear som er godkjent for slik bruk i forvaltningsplanen. Sykling og organisert bruk av hest på vegar, stiar eller trasear som nemnt, krev løyve frå forvaltningsstyresmakta.

4.4 Omlegging av stiar

Av omsyn til naturmiljøet og kulturminne kan forvaltningsstyresmakta legge om eller krevje fjerna merking av stiar og løyper.

4.5 Generelle unntak for ferdsel

Reglane i punkt 4 gjeld ikkje nødvendig ferdsel i samband med militær operativ verksemd, politi-, rednings-, brannvern-, ambulanse-, rednings- og oppsynsverksemd, eller gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta. 

5. Motorferdsel
5.1 Forbod
a)Motorferdsel til lands, medrekna start og landing med luftfartøy, er forbode. Lågtflyging under 300 m er forbode. Bruk av vasscooter, vasski, paraglider og liknande er forbode. Forbodet gjeld også bruk av modellbåtar, modellfly og liknande. Bruk av motorbåt i ferskvatn er forbode.
b)Motorferdsel som er tillate skal skje omsynsfullt og forsiktig i samsvar med formålet med vernet, slik at området sine natur- og kulturverdiar vert teke vare på.
5.2 Reglane i punkt 5.1 er ikkje til hinder for
a)Nødvendig motorferdsel på innmark i samband med drift av jordbruksareal.
b)Nødvendig motorferdsel i samband med godkjent skogdrift, jf. § 3 punkt 2.2 bokstav d.
c)Motorferdsel på vegar.
d)Motorferdsel ved militær operativ verksemd, ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, eller gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta. Unntaket gjelder ikkje øvingskøyring.
e)Drift og vedlikehald av Kystverket sine anlegg.
5.3 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til nødvendig bruk av motorkøyretøy eller luftfartøy i samband med
a)Husdyrhald, vedhogst, fiske og uttransport av felt elg og hjort.
b)Tiltak etter § 3 punkt 1.2 og 1.3 når det ikkje er i strid med verneformålet.
c)Transport av varer til hytter og fiskevær.
d)Drift og vedlikehald av eksisterande kraftliner.
e)Øvingskøyring for formål nemnt i punkt 5.2 bokstav d. 
6. Forureining
a)Forsøpling og bruk av kjemiske middel som kan påverke naturmiljøet er forbode. Unntak er bruk av godkjente kjemiske middel på innmark i tråd med forvaltningsplan.
b)Avfall skal takast med ut av området.
0Endret ved forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 4.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå fredingsforskrifta dersom det ikkje strir mot vernevedtakets formål og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom sikkerheitsomsyn eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det nødvendig.

§ 5.Forvaltningsplan og skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta bestemmer, kan setje i verk tiltak og skjøtsel for å fremme formålet med vernet. Det skal lagast ein forvaltningsplan med nærare retningslinjer for forvaltning, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon med meir. Forvaltningsplanen skal godkjennast av Miljødirektoratet.

0Endret ved forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 6.Forvaltningsmynde

Miljødirektoratet fastset kven som skal ha forvaltingsmynde etter denne forskrifta.

0Endret ved forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 7.Rådgjevande utval

Forvaltningsstyresmakta kan opprette eit rådgjevande utval for forvaltning av verneområdet.

§ 8.Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft straks.