Forskrift om Verneplan for Naustdal-Gjengedal. Vern av Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde, Førde, Gloppen, Jølster og Naustdal kommunar, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2009-01-09-20
PublisertII 2009 hefte 1
Ikrafttredelse09.01.2009
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forFørde, Gloppen, Jølster og Naustdal kommunar, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, LOV-1970-06-19-63-§6, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort15.01.2009   kl. 16.05
KorttittelForskr om Naustdal-Gjengedal landskapsvernomr

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 9. januar 2009 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 5 jf. § 6 og § 21, § 22 og § 23. Fremma av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

§ 1.Avgrensing

Landskapsvernområdet gjeld følgjande gnr./bnr.: 

Førde kommune: 30/1, 2, 3, 4, 31/1, 32/1, 2, 3, 5, 33/1, 2, 3, 5, 6, 7, 8, 10, 11, 12, 13, 34/1, 2, 4, 5. 

Gloppen kommune: 1/1, 2, 3, 5, 6, 7, 10, 2/1, 3, 4, 5, 6, 7, 9, 10, 16, 18, 28, 31, 3/2, 3, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 15, 17, 4/1, 2, 5/1, 2, 3, 4, 5, 6, 8, 19, 34, 36, 6/1, 2, 3, 4, 6, 12, 7/1, 2, 3, 6, 8/1, 2, 3, 4, 5, 6, 8, 9, 9/1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11, 12, 13, 17, 10/1, 2, 11/1, 2, 3, 11, 12/1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 14, 19, 22, 23, 25, 36, 38, 39, 41, 51, 74, 82, 13/1, 2, 3, 4, 6, 7, 11, 14/1, 2, 3, 5, 6, 15/1, 2, 3, 4, 5, 7, 8, 9, 10, 11, 12, 13, 14, 16, 30, 16/1, 3, 4, 5, 6, 8, 10, 13, 14, 17/1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 18/1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 11, 14, 19/1, 2, 3, 4, 5, 6, 9, 11, 33/1, 34/2, 3, 99/1, 2, 3, 4, 5, 8, 11, 12, 13, 14, 100/1, 2, 3, 4, 5, 7, 10, 11, 13, 15, 16, 17, 21, 23, 28, 39, 58, 72, 119/1, 3, 120/1, 2, 3, 7, 121/1, 2, 3, 122/1, 2, 123/1, 2, 124/1, 2, 3, 4, 125/1, 2, 3, 127/1, 8. 

Jølster kommune: 3/1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11, 16, 27, 4/1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 10, 11, 13, 14, 17, 18, 22, 36, 5/1, 2, 3, 4, 5, 6/1, 2, 3, 4, 6, 7, 9, 13, 26, 7/1, 2, 3, 4, 8, 11, 65/1, 66/1, 2, 3, 4, 67/1, 2, 4, 5, 8, 12, 68/1, 3, 69/1, 5, 6, 70/1, 2, 3, 71/1, 2, 3, 4, 6, 72/1, 2, 3, 4, 5, 7, 9, 73/1, 3, 4, 8, 9, 12, 13, 15, 26, 75/1, 2, 3, 4, 6, 9. 

Naustdal kommune: 121/1, 2, 3, 7, 122/1, 2, 7, 123/1, 2, 5, 124/1, 2, 125/1, 2, 126/1, 2, 3, 127/1, 2, 3, 6, 7, 9, 10, 11, 14, 27, 28, 36.

Landskapsvernområdet har eit samla areal på omlag 393,3 km² .

Grensene for landskapsvernområdet er synt på kart i målestokk 1:50 000, datert Miljøverndepartementet januar 2009. Dei nøyaktige grensene for landskapsvernområdet skal merkjast av i terrenget. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart finst i Førde, Gloppen, Jølster og Naustdal kommunar, hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

§ 2.Formål

Formålet med vernet er å ta vare på eit eigenarta og vakkert naturområde som er så godt som fritt for tyngre tekniske inngrep, og som har stor variasjon i natur frå lågland og stølsdalar til fjellområde med brear, mange dalar med elvar og store og mindre vatn. Det er vidare eit formål å ta vare på kulturlandskapet med dei kulturminna det inneheld. Området skal også kunne nyttast til tradisjonelt friluftsliv utan særleg teknisk tilrettelegging.

§ 3.Vernereglar 
1. Landskapet
1.1. Området er verna mot inngrep eller tiltak som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapet sin art eller karakter. Med dei unnataka som følgjer av punkt 1.2 og 1.3 i forskrifta er det forbod mot inngrep som til dømes vegbygging, oppføring og ombygging av bygningar eller anlegg eller andre varige eller mellombelse innretningar, bergverksdrift, vassdragsregulering, graving, påfylling av masse, boring, sprenging, uttak og fjerning av stein, mineral eller fossil, drenering, anna form for tørrlegging, nydyrking, nyplanting, bakkeplanering, snauhogst, framføring av leidningar i luft og i jord, bygging av bruer og klopper, oppsetting av skilt og merking av stiar og turløyper. Kulturminne skal vernast mot skade og øydelegging. Opplistinga er ikkje uttømmande.

Fylkesmannen avgjer i tvilstilfelle om eit tiltak kan endre landskapet sin art eller karakter vesentleg.

1.2. Reglane i punkt 1.1 er ikkje til hinder for:
a)Vedlikehald av bygningar og andre tekniske innretningar. Vedlikehald skal ikkje føre til endra utsjånad.
b)Vedlikehald av merka stiar, skilt, bruer og løyper i samhøve med forvaltningsplanen etter § 5.
c)Anlegg for sanking av beitedyr og naudsynt gjerdehald for beitedyr i samhøve med forvaltningsplanen etter § 5. Grunneigar kan setje opp feste for slikkesteinar og liknande til beitedyr.
d)Vedlikehald av godkjende vegar og oppsetting av boltar for enkle båtfeste.
e)Regulering av følgjande vatn dersom det vert gjeve konsesjon etter vassdragsreguleringslova for kraftutbygging:
1)Storevatnet i Gjengedalsvassdraget. Vasstanden må liggje innanfor øvre og nedre naturlege nivå.
2)Stegsvatnet ved utbygging mot Årdal i Jølster. Vasstanden må liggje innanfor øvre og nedre naturlege nivå.
f)Rydding av beitemark som har grodd til, beiting, lauving og slått.
1.3.Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:
a)Ombygging og utviding av eksisterande bygningar i tråd med tradisjonell byggjeskikk.
b)Oppattbygging av gamle stølshus som har ramla ned eller bygningar som er skada ved brann eller naturskade.
c)Oppføring av nye bygningar som er naudsynte i samband med landbruksdrift som ikkje er i strid med verneformålet i samhøve med forvaltningsplanen etter § 5. Utforming av nybygg skal vere tilpassa landskap og byggjeskikk.
d)Oppføring av naust for grunneigarar som har bruksrett i området. Utforming av nybygg skal vere tilpassa landskap og byggjeskikk.
e)Oppføring av naust ved austenden av Traudalsvatnet i samhøve med vedteken kommunedelplan frå 1998. Utforming av nybygg skal vere tilpassa landskap og byggjeskikk.
f)Oppføring av eit mindre tal hytter i eit avgrensa område sør for Arnestadstøylen. Utforming av nybygg skal vere tilpassa landskap og byggjeskikk.
g)Bygging av bruer og klopper som er naudsynte i samband med beitebruk og friluftsliv.
h)Merking og opparbeiding av turstiar og merking av jaktpostar.
i)Tilrettelegging for tømmertransport på vintervegar eller på barmark i samhøve med plan godkjent av forvaltningsstyresmakta.
j)Bygging av ein enkel traktorveg frå Osen og innover mot Berdalselva i Traudalen.
k)Bergverksdrift ved tunnel frå utsida av verneområdet.
l)Prøveboring og etablering av naudsynte luftesjakter i samband med underjordisk bergverksdrift, jf. punkt 1.3.k.
m)Kalking av sure vassdrag for å motverke verknad av sur nedbør under føresetnad av at kalkinga er godkjent av fylkesmannen.
n)Bygging av ein enkel traktorveg til Nesstølen i Naustdal. Eit eventuelt løyve skal innehalde vilkår som gjev spesifikasjon for ei best mogleg tilpassing til landskapet. 
2. Plantelivet
2.1. Det er ikkje tillate å føre inn nye planter eller drive skogreising og treslagskifte i verneområdet.
2.2. Det er tillate å bruke verneområdet til tradisjonelt beite. Rydding av beitemark som har grodd til, lauving og slått er tillate.
2.3. Hogst av ved er tillate til bruk i hytter og stølshus i landskapsvernområdet.
2.4. I verneområdet kan det også skje anna hogst enn nemnt i punkt 2.3 dersom det er i samhøve med plan som er godkjent av forvaltningsstyresmakta. Planen skal ikkje stride mot følgjande prinsipp:
a)ta vare på det naturlege skogbiletet ved å nytte lukka hogstformer,
b)ikkje hogge edellauvskog eller fuktskog som pregar landskapet,
c)etablering av ny skog skal skje ved naturleg forynging. 
3. Dyrelivet
3.1. Det er ikkje tillate å føre inn nye dyreartar i verneområdet.
3.2. Jakt og fangst er tillate etter viltlova.
3.3. Fiske er tillate etter lakse- og innlandsfisklova. 
4. Ferdsel
4.1. All ferdsel skal skje med varsemd og slik at det ikkje skjer skade på naturmiljø eller kulturminne.
4.2. Reglane i denne forskrifta er ikkje til hinder for organisert turverksemd til fots så lenge naturmiljøet ikkje blir skadelidande. Annan organisert ferdsel og ferdselsformer som kan skade naturmiljøet må ha særskilt løyve av forvaltningsstyresmakta. Ut over dette viser ein til forvaltningsplanen etter § 5.
4.3. Organisert bruk av hest er berre tillate på vegar og trasear som er fastlagde gjennom ein forvaltningsplan etter § 5 eller på anna vis godkjent av forvaltningsstyresmakta.
4.4. Store idrettsarrangement, større teltleirar og liknande, kan ikkje skje utan løyve frå forvaltningsstyresmakta.
4.5. Innanfor landskapsvernområdet kan Direktoratet for naturforvaltning ved forskrift regulere eller forby ferdsel som kan vere til skade for naturmiljøet.
4.6. Reglane i punkt 4 gjeld ikkje naudsynt ferdsel i samband med militær operativ verksemd, søk og opprydding etter sprenglekamar som ved uhell landar i verneområdet, politi-, ambulanse-, rednings-, brannvern- og oppsynsoppgåver eller gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta. 
5. Motorferdsel
5.1. Motorferdsel er forbode både på land og på vatn, inkludert landing med fly og helikopter. Forbodet gjeld også bruk av modellfly, modellbåt og liknande dersom dei har motor.
5.2. Forbodet i punkt 5.1 gjeld ikkje:
a)naudsynt motorferdsel ved militær operativ verksemd, søk og opprydding etter sprenglekamar som ved uhell landar i verneområdet, politi-, ambulanse-, rednings-, brannvern- og oppsynsoppgåver eller gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta. Unntaket gjeld ikkje øvingskøyring.
b)motorferdsel på godkjende traktorvegar og løyper for snøskuter i samband med hogst i samhøve med godkjent plan, jf. punkt 2.4.
c)bruk av påhengsmotor på heile Storevatnet i Gjengedalen.
d)uttransport av sjuke eller skadde husdyr. Dyret må vere lokalisert før motorkøyrety blir tatt med inn i landskapsvernområdet. Køyrety som blir brukt skal vere skånsamt mot markoverflata. Det skal gjevast melding til oppsynet etter køyringa.
e)motorferdsel i samhøve med reglane i motorferdselsloven på godkjend traktorveg til Nesstølen i samband med beitebruk.
5.3. Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til bruk av luftfarty, båt med motor, eller beltekøyrety på vinterføre i samband med:
a)øvingskøyring knytt til formål nemnt i punkt 5.2 a)
b)transport av saltstein og liknande for husdyr på beite
c)vedhogst og anna hogst i samhøve med punkt 2.4 inkludert å bruke traktor utanom sjølve traktorvegane på vinterføre
d)storviltjakt
e)transport av varer til hytter og stølar
f)transport av materialar til vedlikehald og byggjearbeid på stølshus, hytter, gangbruer og liknande. 
6. Forureining
6.1. Forureining og forsøpling samt bruk av kjemiske middel som kan påverke naturmiljøet er forbode.
6.2. Unødig støy er forbode.
§ 4.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå vernereglane når formålet med vernet krev det, for vitskaplege granskingar, for arbeid eller tiltak av vesentleg samfunnsmessig verdi og i andre særlege tilfelle, når dette ikkje er i strid med verneformålet.

§ 5.Forvaltningsplan

Forvaltningsstyresmakta kan setje i verk tiltak for å fremje formålet med vernet. Det skal utarbeidast ein forvaltningsplan med nærmare retningsliner for forvaltning, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon m.m. Forvaltningsplanen skal godkjennast av Miljødirektoratet.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 6.Forvaltningsstyresmakt

Miljødirektoratet bestemmer kven som er forvaltningsstyresmakt for landskapsvernområdet.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 7.Rådgjevande utval

Forvaltningsstyresmakta kan opprette eit rådgjevande utval for forvaltning av landskapsvernområdet.

§ 8.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft straks.