Forskrift om vern av Ålfotbreen landskapsvernområde, Bremanger, Flora og Gloppen kommunar, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2009-01-09-9
PublisertII 2009 hefte 1
Ikrafttredelse09.01.2009
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forBremanger, Flora og Gloppen kommunar, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, LOV-1970-06-19-63-§6, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort15.01.2009   kl. 16.05
KorttittelForskrift om Ålfotbreen landskapsvernområde

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 9. januar 2009 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 5 og § 6, jf. § 21, § 22 og § 23. Fremma av Miljøverndepartementet.
Endringer: 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

§ 1.Avgrensing

Landskapsvernområdet gjeld følgjande gnr./bnr.:

Bremanger kommune: 38/1, 38/3, 38/4, 38/5, 114/1, 114/2, 114/3, 114/4.

Flora kommune: 75/1, 75/2, 75/3, 75/4, 75/5, 75/6, 75/7, 75/8, 75/9, 75/10, 75/11, 75/12, 75/13, 75/14, 75/19, 75/21, 76/1, 76/2, 76/3, 76/4, 76/5, 76/6, 76/7, 76/8, 76/10, 76/18, 76/30, 76/32, 76/44, 77/1, 77/2, 77/3, 77/4, 77/5, 77/6, 77/7, 77/8, 77/9, 77/10, 77/11, 78/1, 78/2, 78/3, 78/4, 78/5, 78/8.

Gloppen kommune: 16/1, 16/3, 16/4, 16/6, 16/7, 16/10, 16/12, 16/13, 16/14, 27/1, 27/2, 27/3, 27/4, 27/5, 27/6, 27/7, 27/8, 28/1, 28/4, 33/1, 34/1, 34/2, 34/3, 35/1, 35/2, 35/3, 36/1, 36/2, 37/1, 37/2, 38/1, 38/2, 38/3, 38/4, 38/5, 38/8, 38/9.

Det samla arealet er på om lag 226 km² .

Grensene for landskapsvernområdet går fram av kart i målestokk 1:50.000, datert Miljøverndepartementet desember 2008.

Dei nøyaktige grensene for landskapsvernområdet skal avmerkast i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestas.

Verneforskrifta med kart blir oppbevart i Bremanger, Flora og Gloppen kommunar, hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Miljødirektoratet og i Miljøverndepartementet.

0Endret ved forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 2.Føremål

Føremålet med vernet er å:

-Ta vare på eit eigenarta, vakkert og kontrastrikt naturlandskap med dei vestlegaste og mest oseanisk påverka isbreane i Noreg.
-Bevare utan større tekniske inngrep dei storslåtte og særprega devonske landskapsformene, og heile breidda av naturtypar i overgangen frå høgfjell og bre til elver og vatn, skogkledde dalar og fjordlier med varmekjær lauvskog.
-Ta vare på det biologiske mangfaldet og kulturlandskap som finst i området.

Allmenta skal ha høve til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.

§ 3.Vernereglar 
1. Inngrep i landskapet
1.1 Området er verna mot alle inngrep og tiltak som vesentleg kan endre eller påverke landskapet sin art eller karakter. Med dei unntaka som følgjer av forskrifta sine punkt 1.2 og 1.3, er det forbod mot inngrep som vegbygging, oppføring og ombygging av bygningar, anlegg og varige eller midlertidige innretningar, bergverksdrift, vassdragsregulering, graving og påfylling av masse, sprenging og boring, bryting av stein, mineralar og fossil, og fjerning av større stein og blokker, drenering og anna form for tørrlegging, nydyrking, rydding av ny beitemark, bakkeplanering, bruk av kunstgjødsel og kjemiske sprøytemiddel i utmark, flatehogst, planting av andre treslag enn dei som naturleg veks i området, felling av særmerkte og dekorative tre og daude tre som er med på å prege landskapet, framføring av luft- og jordleidningar, bygging av bruer og klopper, oppsetting av skilt, merking av stiar, løyper o.l. Opplistinga er ikkje uttømmande.

Fylkesmannen avgjer i tvilstilfelle om eit tiltak kan endre landskapet sin art eller karakter vesentleg.

1.2 Reglane i punkt. 1.1 er ikkje til hinder for:
a)vedlikehald av eksisterande bygningar, innretningar og anlegg. Vedlikehald omfattar ikkje ombygging og utbygging. Vedlikehald skal skje i samsvar med tradisjonell byggeskikk og vere tilpassa landskapet
b)vedlikehald av eksisterande skilt, bruer, gjerde og stiar
c)vedlikehald av eksisterande stigar, boltar, kjettingar, tau og wire som er sett opp for å gjere område framkomeleg i samband med jakt og anna ferdsel
d)rydding av beitemark som har grodd til, beiting, lauving og slått
e)anlegg av førebelse sanketrøer og nødvendig gjerding i samband med desse
f)plukkhogst av ved til eigen bruk.
1.3 Forvaltingsstyresmakta kan gi løyve til:
a)ombygging og utviding av eksisterande bygningar
b)gjenoppføring av bygningar, anlegg og innretningar som har gått tapt ved brann eller naturskade
c)oppføring av naudsynte nybygg og anlegg i samband med landbruk, turlagsverksemd og oppsyn som ikkje er i strid med verneformålet. Nybygg skal vere tilpassa landskap og tradisjonell byggeskikk, og det er eit vilkår at det ikkje er andre bygningar i området som kan oppgraderast og nyttast til same føremål
d)oppføring av nybygg til erstatning for nedfalne bygningar ved Skjerdalsvatnet på annan stad enn den opphavlege. Nybygg skal vere tilpassa landskap og tradisjonell byggeskikk
e)bygging av bruer og klopper
f)ny merking og sikring av stiar
g)riving av bygningar
h)bruk av feltslakteri i samband med hjortejakt
i)oppgradering av stien mellom Skjerdalsvatnet (Vasstøylen) og Skjerdalsstøylen på ein slik måte at det er mogleg å bruke lett hjulgåande transportmiddel. Stien skal ikkje oppgraderast til veg
j)etablering av minikraftverk i Kvanngrøelva (Grøndalen) i tråd med dei planane som er presenterte i forprosjektet og i NVE si vurdering av konsesjonsplikt (datert 21. februar 2001), dvs. utan magasin, utan synleg inntak i Støylsvatnet, utan at vassnivået i Støylsvatnet blir påverka, og slik at redusert vassføring berre skal skje vinterstid
k)oppsetting av boltar og liknande for forankring av flytande akvakulturanlegg
l)etablering av nye fyrlykter og andre merke og stakar i Hyefjorden i regi av Kystverket
m)uttak av sand til eigen bruk
n)næringsutvikling som ikkje er i strid med verneføremålet. 
2. Plantelivet
2.1 Plantelivet er verna mot skade og øydelegging. Innføring av nye planteartar er forbode.
2.2 Beiting, lauving, slått og rydding av beitemark som har grodd til, er tillate. Rydding av skytefelt i samband med postering under hjortejakt er også tillate, så lenge ein ikkje fjernar større tre.
2.3 Hogst av ved i form av plukkhogst til eigen bruk er tillate.
2.4 Hogst av ved for sal og uttak av anna virke kan skje i medhald av plan som er godkjent av forvaltningsstyresmakta etter § 6. Ei plan skal normalt byggje på følgjande retningsliner:
a)plukkhogst bør nyttast. Ved lukka hogstformer kan ein nytte hogstflate opp til 5 dekar dersom det blir sett igjen jamt spreidde tre på flata
b)særmerkte tre og område som vesentleg pregar skogsbiletet skal ikkje hoggast
c)bekkedalar, område med urskogspreg, koller og tiurleikar skal ikkje hoggast
d)samanhengande parti med edellauvskog og areal med fuktskog skal ikkje hoggast
e)etablering av ny skog skal skje ved naturleg forynging. 
3. Dyrelivet
3.1 Jakt er tillate etter viltlova.
3.2 Fiske er tillate etter lakse- og innlandsfisklova. 
4. Ferdsel
4.1 All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.
4.2 Reglane i denne forskrifta er ikkje til hinder for organisert turverksemd til fots så lenge naturmiljøet ikkje blir skadelidande.

Annan organisert ferdsel må ha særskilt løyve av forvaltningsstyresmakta der dette går fram av forvaltningsplanen. Ferdsel som kan skade naturmiljøet må ha særskilt løyve av forvaltningsstyresmakta. Utover dette vises det til forvaltningsplanen i § 5.

4.3 Føresegnene i punkt 4 gjeld ikkje naudsynt ferdsel i samband med militær operativ verksemd, og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta. 
5. Motorferdsel
5.1 Motorferdsel er forbode på land og i vatn.
5.2 Forbodet i punkt 5.1 gjeld ikkje:
a)motorferdsel ved militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta. Unntaket gjeld ikkje øvingskjøring.
b)motorferdsel i samband med skogsdrift som er godkjent etter punkt 2.4.
5.3 Forvaltingsstyresmakta kan gi løyve til naudsynt bruk av båt med motor, lett motorkjøretøy eller luftfartøy i samband med:
a)husdyrhald
b)storviltjakt
c)fiske
d)transport av varer til hytter og stølar
e)transport av material til vedlikehald og byggearbeid på hytter, bruer, klopper o.l.
f)transport av material og personell i samband med vedlikehald av eit bekkeinntak og ein forseinkingsdam i verneområdet. 
6. Ureining
6.1 Ureining og forsøpling er forbode. All bruk av kjemiske middel som kan påverke naturmiljøet er forbode.
6.2 Unødvendig støy skal unngås. Det er ikkje tillate å bruke motor på modellfly, modellbåt o.l.
§ 4.Unntak i særskilte høve

Forvaltingsstyresmaktene kan gjere unntak frå verneforskrifta når føremålet med vernet krev det, for vitskaplege undersøkingar og arbeid av vesentleg verdi for samfunnet, eller i andre særlege tilfelle når dette ikkje strir mot føremålet med vernet.

§ 5.Forvaltingsplan

Det skal utarbeidast ein forvaltingsplan med nærare retningslinjer for forvalting, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon mv. Forvaltingsplanen skal godkjennast av Miljødirektoratet.

0Endret ved forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 6.Skjøtsel

Forvaltingsstyresmakta eller den forvaltingsstyresmakta bestemmer kan setje i verk skjøtselstiltak for å fremje føremålet med vernet.

§ 7.Forvaltingsstyresmakt

Miljødirektoratet avgjer kven som skal ha forvaltingsmynde for landskapsvernområdet.

0Endret ved forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 8.Rådgjevande utval

Det kan opprettast eit rådgjevande utval for forvaltinga av landskapsvernområdet.

§ 9.Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft straks.