Forskrift om tidleg jakt på grågås, Masfjorden kommune, Hordaland

DatoFOR-2009-03-10-312
PublisertII 2009 hefte 2
Ikrafttredelse10.03.2009
Sist endret
Endrer
Gjelder forMasfjorden kommune, Hordaland
HjemmelFOR-2007-02-01-112, LOV-1981-05-29-38-§9
Kunngjort19.03.2009   kl. 15.05
KorttittelForskrift om tidleg grågåsjakt, Masfjorden

Heimel: Fastsett av Fylkesmannen i Hordaland 10. mars 2009 med heimel i forskrift 1. februar 2007 nr. 112 om jakt- og fangsttider samt sanking av egg og dun for jaktsesongene fra 1. april 2007 til og med 31. mars 2012, jf. lov 29. mai 1981 nr. 38 om viltet § 9.

§ 1.Føremål

Føremålet med denne forskrifta er å avgrense skadeomfang på dyrka mark og regulere grågåsbestanden i tråd med lokale bestandsmål gitt i kommunal forvaltingsplan for gjess i Masfjorden.

§ 2.Utvida jakttid

Det vert med dette opna for tidleg jakt på grågås i Masfjorden kommune med følgjande avgrensingar i tid og stad fram til ordinær jaktstart 10. august. 

DagarTid på døgnetOmrådeavgrensing
26. juli-9. august04.00-11.00Område som er definert som «skremmeområde» i kommunal forvaltingsplan (med 30 m randsone)

Områdeavgrensing:

Tidleg jakt på dyrka mark og gjødsla beite i andre område enn dei definerte «skremmeområda» i kommunal forvaltingsplan, kan tillatast etter godkjenning frå fylkesmannen.

§ 3.Iverksetjing og varigheit

Forskrifta tek til å gjelde straks, og gjeld inntil den vert avløyst eller endra i pakt med revisjon av ny sentral forskrift om jakt- og fangsttider.

§ 4.Oppheving

Fylkesmannen i Hordaland kan oppheve denne forskrifta dersom det vert naudsynt.

§ 5.Straff

Brot på denne forskrifta blir straffa etter viltloven § 56.