Forskrift for bruk av motorfartøy i Rylandsvassdraget, Meland kommune, Hordaland

DatoFOR-2009-03-25-409
PublisertII 2009 hefte 2
Ikrafttredelse16.04.2009
Sist endret
Endrer
Gjelder forMeland kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§4, LOV-1977-06-10-82-§5, LOV-1977-06-10-82-§6
Kunngjort16.04.2009   kl. 14.40
KorttittelForskrift om motorfartøy i Rylandsvassdraget

Heimel: Fastsett av Meland kommunestyre 25. mars 2009 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag § 4, § 5 og § 6.

§ 1.I del av Rylandsvassdraget (Storavatnet og Bjørndalsvatnet) i Meland kommune er all ferdsel med motorfartøy forbode. Dette gjeld ikkje elektrisk motor. For resten av vassdraget er det også forbod mot all ferdsel av motorfartøy. Dette forbodet er direkte heimla i § 3 i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag.
§ 2.Forbodet i denne forskrifta gjeld ikkje for motorferdsle som har heimel i § 4 første ledd i lov om motorferdsle i utmark og vassdrag.

Dette gjeld:

a)politi-, ambulanse- og redningsteneste, og oppsyns- og tilsynsteneste etablert med heimel i lov.
b)offentleg post- og teletenester.
c)naudsynt person- og godstransport til og frå faste bustader i jordbruks- og skogbruksnæringa. Jakt, fangst, fiske og bærsanking reknast ikkje som næring i denne samanhangen.
d)forsvaret sine øvingar og transportar.
§ 3.Naudsynt person- og godstransport til og frå faste bustader og i jordbruks- og skogbruksnæringa, herunder jakt, fangst, fiske og bærsanking for grunneigar og deira representantar som har skriftlig løyve frå grunneigar, vert tillete i Storavatnet og Bjørndalsvatnet (- del av eit farbart vassdrag) som er over 2 km² . For resten av Rylandsvassdraget som er under 2 km² , gjeld forbod mot all ferdsel av motorfartøy som er heimla i § 3 i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag. Dette gjeld også elektrisk motor.
§ 4.Med heimel i 4, 3. ledd i lova vert det sett eit generelt forbod mot å nytta større motor enn 10 HK og farten på fartøyet kan ikkje overstiga 5 knop. Ein knop tilsvarar 1,852 km/t.
§ 5.I medhald av § 6 i lov om motorferdsle i utmark og vassdrag kan kommunen gjeva løyve til bruk av motorfartøy etter søknad. Løyvet kan gjevast for eit bestemt høve eller tidsrom. Meland kommune kan setje vilkår for løyvet.

Kommunen sitt vedtak kan påklagast til fylkesmannen.

Forskrifta skal gjelde frå den dato forskrifta vert kunngjort i Norsk Lovtidend.

Vedtaket har heimel i § 37 og § 38 i forvaltningslova.