Forskrift om minsteareal for hjort, Osterøy kommune, Hordaland

DatoFOR-2009-05-27-1081
PublisertII 2009 hefte 4
Ikrafttredelse27.05.2009
Sist endret
EndrerFOR-2001-06-13-648
Gjelder forOsterøy kommune, Hordaland
HjemmelFOR-2002-03-22-314-§5, LOV-1981-05-29-38
Kunngjort21.08.2009   kl. 14.20
KorttittelForskrift om minsteareal for hjort, Osterøy

Heimel: Fastsett av Osterøy kommune 27. mai 2009 med heimel i forskrift 22. mars 2002 nr. 314 om forvaltning av hjortevilt og bever § 5, jf. lov 29. mai 1981 nr. 38 om viltet. 

1.Jakt etter hjort gjeld for heile kommunen.
2.Minstearealet for hjort vert fastsett til 375 daa for sone 1 og gjeld for valda 12, 16 og 17.
3.Minstearealet for hjort vert fastsett til 400 daa for sone 2 og gjeld valda 6, 7, 9, 10, 13, 14, 15, 20, 22 og 40.
4.Minstearealet for hjort vert sett til 450 daa for sone 3 og gjeld valda 1, 5, 8, 18, 19, 25, 26, 41, 42 og 43.
5.Minstearealet for hjort vert sett til 500 daa for sone 4 og gjeld valda 2, 3, 4, 11, 24, 30, 31, 33-34, 38 og 39.
6.Minstearealet for hjort vert sett til 750 daa for sone 5 og gjeld valda 21, 23, 32, 35 og 36.
7.Minstearealet for hjort vert sett til 1250 daa for sone 6 og gjeld valda 27, 28, 29 og 37.
8.Kommunen sin heimel etter forskrifta § 6 til å fråvike minstearealet med inn til 50 % ved tildeling av fellingsløyve er delegert til rådmannen.
9.Forskrifta trer i kraft straks og erstattar det som gjeld Osterøy i forskrift 13. juni 2001 nr. 648 om jakt etter hjortevilt (elg, hjort og rådyr), Bergen, Sveio, Bømlo, Kvinnherad, Jondal, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Granvin, Samnanger, Os, Austevoll, Sund, Vaksdal, Modalen, Osterøy, Meland, Radøy, Lindås, Austrheim og Masfjorden kommunar, Hordaland.