Forskrift om minsteareal og opning for jakt etter elg, hjort og rådyr, Odda kommune, Hordaland

DatoFOR-2009-06-17-1038
PublisertII 2009 hefte 4
Ikrafttredelse13.08.2009
Sist endret
EndrerFOR-2001-06-13-648
Gjelder forOdda kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1981-05-29-38-§16, FOR-2002-03-22-314-§4, FOR-2002-03-22-314-§5
Kunngjort13.08.2009   kl. 13.40
KorttittelForskrift om minsteareal mv. for storvilt, Odda

Heimel: Fastsett av Odda kommunestyre 17. juni 2009 med heimel i lov 29. mai 1981 nr. 38 om viltet § 16 og forskrift 22. mars 2002 nr. 314 om forvaltning av hjortevilt og bever § 4 og § 5.

§ 1.Det er adgang til jakt etter elg, hjort og rådyr i Odda kommune.
§ 2.Minsteareal for godkjenning av vald og fellingsløyve og fordelingsgrunnlag for fellingskvote i Odda kommune er:

Elg: 15 000 dekar

Hjort: 1 500 dekar

Rådyr: 1 500 dekar.

§ 3.Fellingsløyve for rådyr skal berre tildelast bestandplanområde, der rådyr inngår som ein del av bestandsplanen.
§ 4.Denne forskrifta trer i kraft straks den er lyst i Norsk lovtidend. Det som gjeld Odda kommune i forskrift 13. juni 2001 nr. 648 om jakt etter hjortevilt (elg, hjort og rådyr), Bergen, Etne, Sveio, Bømlo, Stord, Fitjar, Kvinnherad, Jondal, Odda, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Granvin, Voss, Kvam, Fusa, Samnanger, Os, Austevoll, Sund, Fjell, Askøy, Vaksdal, Osterøy, Meland, Øygarden, Radøy, Lindås, Austrheim og Masfjorden kommunar, Hordaland vert oppheva med verknad frå same dato.